cover

Duets

Ane Brun

CD (2005) - V2 / DetErMine / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Poprock / Country

Spor:
Little Lights
Lift Me
Rubber & Soul
This Road
Stop
Across the Bridge
Easier
Love & Misery
Such a Common Bird
Song No. 6

Referanser:
Ani DiFranco
Michelle Shocked
Beth Orton
Damien Rice

Vis flere data

Se også:
A Temporary Dive - Ane Brun (2005)
Live in Scandinavia - Ane Brun (2007)
Sketches - Ane Brun (2008)
Live at Stockholm Concert Hall - Ane Brun (2009)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ei litt anna Brun

Ane Brun finn tonen med sine duettpartnarar, men litt av særpreget frå A Temporary Dive er nok blitt borte.

Duettkonseptet kan absolutt ha noko for seg. Ein får inn eit kontrastelement som kan gje songen meir spenning og fleire nyansar, og når kontrastane smeltar saman kan ein også få dei vakraste harmoniar. Likevel er det mange døme på at duettforma ikkje fungerer. Aktørane har dessverre litt for ofte ein tendens til å føre songen ut i forserte og pompøse sfærer. Eit anna moment som ofte står i vegen er sjølve låta. Den kan rett og slett vere litt for middelmåtig (ein sparar trass alt sine beste låtar til seg sjølv). Eller kanskje låta ikkje passar for den vekslande forma som duetteringa legg opp til. Så når Ane Brun her har gitt seg duettforma i vald har ho sjansen til å kunne oppdage nytt land, men står også i fare for å ende som havarist. Ho endar ingen av stadane. Ho og hennas medsamansvorne serverer ei jamn men ikkje spesielt grensesprengande toneferd. Den kan vere hyggelig å overvære, men set få spor etter seg.

Med sine to soloalbum har Ane Brun vist seg som ein songar og låtskrivar verdt å fylgje. Ja, hennes vibrerande og intense songstil og personlige songar har gjort den Stockholmbuande dama til ein av dei mest interessante (og populære) artistane i Norge dei siste åra. Om ein skal sjå på Duets som eit modig trekk, eit "smi mens jarnet er varmt"-trekk eller eit ærlig og oppriktig "eg fekk berre så lyst til å synge saman med gode venner"-trekk, skal eg ikkje ha dei sterke meiningane om, men eg trur faktisk mest på det siste. Eg trur også dei medverkande har hatt det kjekt når dei har sunge desse songane, for det er absolutt ein viss glød å spore her. Det er imidlertid ingen klar signatur eller særprega retning på stoffet, slik Ane Brun har klart å få til på soloalbuma sine. Faktisk er det slik at Ane sjølv overlet meir enn halve arenaen til sine duettpartnarar. Berre to av låtane har ho komponert sjølv. Resten av låtmaterialet står dei inviterte gjestene bak (med unntak av Stop som er ein coverversjon av ein Sam Brown-låt).

Låta ho gjer saman med Madrugada toppar i skrivande stund VG-lista for tredje veke på rad og blir spelt tett på radio, så dei fleste har vel høyrt den (både frivillig og ufrivillig). Det går avgjort an å få nok av den. Samstundes er Lift Me i si mektige country-gospel form langt betre enn det meste som har trona øvst på singel-listene dette året. Ja, eg skal gjerne innrømme at eg framleis synes den er ganske fin. For Ane og Sivert klarer her å finne den rette dynamikken seg imellom, og løftar låta i fellesskap slik det må vere meininga det skal gjerast. Likevel, dette er langt meir ei Madrugada-låt enn ei Ane Brun-låt.

Resten av spora på Duets ligg nok nærare lydbiletet vi forbind med dama frå hennes tidlegare album, men altså utan å markere ei like karakteristisk linje. Her er heller ingen låtar av kaliber My Lover Will Go, The Fight Song eller Humming One of Your Songs. Den innleiande Little Lights er skrive av og blir gjort saman med franskmannen Syd Matters. Ei unnselig men melodisk fin strengeplukkande vise i typisk Syd matters-terreng, som absolutt veks på å få duett-handsaming.

Dei to sjølvkomponerte låtane som Ane Brun har med her, var også med på A Temporary Dive. Song No. 6 kjem i same lettstemte Ron Sexsmith-versjon som sist, medan ho på Rubber & Soul har fått med seg færøyske Teitur, utan at låta veks så veldig på det (småpent). Svenske Lars Bygdén trykker på si side på eit par velbrukte men likandes countryknappar med This Road. Eit lite høgdepunkt er den pianokledde og varlege Across the Bridge til Ellekari, frå Stockholmsbandet The Tiny. Her smeltar to feminine stemmer saman i skjør og fruktbar samklang.

Min personlige favoritt trur eg er Such a Common Bird. Ei småskakk, trekkspel-snoande og strykar-pynta vise, der opphavsdama canadiske Wendy McNeil og Ane Brun finn eit rett så inspirert kompaniskap. Så får det heller våge seg at nemnte Stop, samt eit par av dei ukjente svenske mennene sine bidrag (Easier og Love & Misery) er heller anonyme saker.

Ein liten sympatisk og for så vidt dugande parantes i ein artistkarriere som sikkert har meir eigenarta saker å by på rundt neste sving.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo