cover

Dogs

Nina Nastasia

CD (2004) - Touch and Go / Southern

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Sadcore / Singer/songwriter / Americana

Spor:
Dear Rose
Oblivion
Judy's in the Sandbox
Underground
Dog's Life
Love Song
Stormy Weather
Smiley
Roadkill
Nobody Knew Her
Too Much in Between
Jimmy's Rose Tattoo
Long Walk
All Your Life
4 Yrs

Referanser:
Suzanne Vega
Gillian Welch
Neko Case
Jolie Holland
Cat Power
Shannon Wright

Vis flere data

Se også:
Nina Nastasia's The Blackened Air - Nina Nastasia (2002)
Run to Ruin - Nina Nastasia (2003)
On Leaving - Nina Nastasia (2006)
Outlaster - Nina Nastasia (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Det smertefulle (hunde)livet

Sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel.

CVen til Steve Albini som produsent, lydmann og slikt er blant nyare rockehistorie sine mest imponerande. Pixies - Surfer Rosa, Nirvana - In Utero og Palace Music - Viva Last Blues, berre for å nemne tre. Nina Nastasia har gitt ut tre album, og alle er med Albini i produsent/teknikar-rolla. Eller dokumentator som han sjølv kanskje ville kalt seg. Nina sin debut Dogs har Albini opphøgd til ein av sine absolutte favorittar: "Dogs is a record so simultaneously unassuming and grandiose that I can't really describe it, except in terms that would make it (and me) sound silly. Of the couple thousand records I've been involved with, this is one of my favourites, and one that I'm proud to be associated with."
Store ord med tanke på alt den karen har hatt fingrane borti. Men, slett ikkje ufortjent.

Nina Nastasia flytta frå Los Angeles til New York på midten av 90-talet. Låtane på Dogs vart til over ein femårsperiode. Dei vart spelt inn på tampen av forrige årtusen, og frå tidleg i 2000 distribuert gjennom Nina sin eigen label Socialist Records. Lageret på 2000 eksemplarer gjekk i løpet av eit års tid tomt, og eit nytt blei aldri trykt opp. Nina fekk så kontrakt med Touch and Go Records, og gav dei neste åra ut albuma The Blackened Air (2002) og Run to Ruin (2003) på denne labelen. Og nå i 2004 gjer Touch and Go så debuten tilgjengelig på nytt att, til glede for alle oss som gjekk glipp av den i første runde.

Nina er ein sjeldan fugl i dagens musikkverden. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augneblinket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode. Siste setning i eit utval songar:

"I'm in oblivion, I'm dead"
"He wipes his brow and steps inside to play within the rules"
"I tried to stay, but curiosity kills me"
"There's no one to help her, no machine can keep her"
"But I don't think I'll stick around this time"
"He doesn't see me"
"All your life, you couldn't win"

Det er aldri snakk om overforbruk av ord i tekstane til Nina. Ho teiknar minimalistiske bilder, skrelt fri for forstyrrande elementer. Nokon gonger er ho direkte, andre gonger er det meir diffust og antydande. Det er vel heller ikkje tilfeldig at albumet heiter Dogs, då nettopp dette dyret dukkar opp både i eigen skikkelse og i meir metaforiske samanhengar ved fleire høve. Mest sentralt i A Dog's Life, som er ei gjenfortelling av ein surrealistisk og ikkje heilt behagelig draum. Ubehag i våken tilstand blir skildra i Underground; "I'm awake, I know 'cause I'm afraid of every little thing, It makes me think of you". Ein låt som også er eit skuleeksempel på korleis Nina raffinert dempar dei siste orda i verset, før ho, med hjelp av cello og fiolin, set inn fullt angrep i refrenget. Vi blir utsett for raffinerte musikalske krumspring om øydelagte kjensler i praktfulle Stormy Weather. Og resignerte ytringar i sjelfull innpakning i den lågmælte og intense All Your Life. I Judy's In the Sandbox nyttar ho metaforar frå barndommen sitt rike for å illustrere tilhøve som nok er vel så aktuelle blant vaksne. Og Stephen Day filar fram ein del skitne tonar frå celloen sin, sånn for riktig å understreke den beiske stemninga. Og nett herr Day saman med Juliann Klopotic på fiolin er viktige for resultatet på Dogs. Deres vekselsvis tonale og atonale ferder sender mange av låtane i retningar dei nok ikkje hadde fått vore med på med eit meir ordinært gitar, bass, tromme oppsett. Eit element som rett nok er endå sterkare tilstades på hennes siste verk Road To Ruin.

No er alt som kjent relativt, men Dogs ligg nok derfor litt nærare eit konvensjonelt singer/songwriter-mønster enn Nastasias to neste album. Samstundes er melodistyrken i låtane minst like solid her som på hennes seinare utgjevingar. Gitarplukkande Nina-aleine tilfeller som Too Much In Between og 4yrs har avgjort kraft så dei klarer seg, kun på grunn av sine fine melodilinjer. Den tradisjonelt gitar/bass/tromme utrusta, lindrande og faktisk litt optimistiske The Long Walk har heller ikkje noko problem med å falle i smak. Men det er i meir uortodokse nummer som Smiley at Nina Nastasia verkelig trollbind. To instrumenter; Nina sin elektriske gitar og Joshua Carlebach sitt trekkspel. Ingen fiksfakserier, veldig enkelt. Nina slår ein akkord på gitaren, og mens ekkoet frå denne gradvis døyr ut syng ho verselinja. I det som kanskje kan kallast eit refreng (hos Nina står ikkje slike begrep nødvendigvis på programmet) smyg Carlebach seg med.

Forførande vemod.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo