cover

The Alternative to Love

Brendan Benson

CD (2005) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Powerpop / Psykedelia

Spor:
Spit It Out
Cold Hands (Warm Heart)
Feel Like Myself
Alternative to Love
The Pledge
Them and Me
Biggest Fan
Flesh and Bone
Get It Together
Gold Into Straw
What I'm Looking For
Between Us

Referanser:
Matthew Sweet
Jason Falkner
Evan Dando
Ben Folds Five
The New Pornographers

Vis flere data

Se også:
Lapalco - Brendan Benson (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Eit godt alternativ

Tre år etter popklassikaren Lapalco kjem eit litt svakare men like fullt popfriskt alternativ.

Jack White, mange av den vestlege verda sine musikkskribentar, og eg, var einige om ein ting då årsoppgjeret for 2002 skulle finne stad. Lapalco av og med Brendan Benson skulle høgt opp på lista over dei beste platene. Med låtar som Tiny Spark, Good to Me og Pleasure Seeker serverte han melodilinjer og hooks i eit uimotståeleg powerpop-landskap. Alt publisert gjennom den perfekt titulerte signaturen Glad Sad Music. Ja, for bak dei oppløftande tonane låg det eit truverdig vemod på lur.

Underteikna hadde som mange andre gått glipp av mannen sitt debutalbum frå 1996, One Mississippi. Det vart sjølvsagt plukka opp i tjømda av Lapalco-rusen. Ei plate laga i tett samarbeid med eks-Jellyfish Jason Falkner. Popfrisk og noko lysare i sinn enn oppfølgjaren.

Det skulle altså gå seks år mellom dei to første platene til Brendan Benson. Dette fordi den unge mannen mista gnisten då han nådelaust og brutalt vart sparka ut av stallen til Virgin (salstala til One Mississippi tilfredsstilte ikkje dei høge herrar). Så var det altså at Jack White tok affære, og hans entusiasme gjorde sitt til at poptalentet frå Detroit vart tildelt litt meir merksemd. Det skal du ha mange takk for mr. White Stripe.

Tre år etter Lapalco ligg mannen si tredje plate The Alternative to Love klar til fortæring. Han har ikkje endra musikalsk retning sidan sist. Stadig er det pop med varierande fuzzfaktor som står på programmet. Av og til er han innom litt meir intrikate og psykedeliserte sidespor, utan at det vert dei store utfluktene. Lyt likevel erkjenne eit ørlite støyt av skuffelse, for plata har nok ikkje dei overveldande popkvalitetane til Lapalco (eller One Mississippi for den saks skyld). Det er ein del låtar på denne plata som må tåle eit b-stempel samanlikna med tidlegare merittar. Ja faktisk er det sånn at tittelkuttet i si tid var eit b-spor på Metarie EPen. Sjølv om nett den låta er popfrisk nok, og finn dynamiske kombinasjonstriks for sine ulike fasettar.

Det er spesielt siste halvdel av plata som vert litt bleik. Første halvdel er det eigentlig veldig lite å utsetje på. Her renn det rimelig tett på med tiltalande melodifraseringar og spenstige pophooks. Spit It Out kan nok ikkje konkurrere på opningslåt-fronten med korkje Tea eller Tiny Spark, men sprintar like fullt melodifint av garde i eit fuzza Weezer og Fountains of Wayne sitt terreng. Cold Hands (Warm Hearts) er eit medium-tempo tilfelle med elegant tonesamansetjing. Feel Like Myself lever godt på eit inspirert Bubblegum/New Pornographers-liknande refreng. Teksten på denne tolkar eg forresten som eit revansjelystent oppgjer med dei som i si tid gav han sparken frå Virgin. Ellers handlar tekstane mykje om mislykka kjærleiksaffærer, med kanskje ein tanke lysare innfallsvinkel enn på Lapalco. Den store ordkunstnaren er nok Brendan ikkje. Det dukkar opp enkelte merkelege bilete, mellom anna forårsaka av noko forsert riming, men pytt pytt det er absolutt popgreit nok.

Meir enn grei nok er Benson også når han med The Pledge plasserer seg midt mellom Ike & Tina Turner og The Ronettes og lagar stor Spector-lyd. På den andre sida av lydskalaen finn vi den vagt Shins-tona folkpop-saken Them and Me. Siste halvdel av albumet har som nemnt noko mindre av verkelege godtonar. Men Flesh and Bone sin småambisiøse Brian Wilsonske poptilnærming er absolutt levedyktig. Det same kan ein vel og seie om den lett psykedeliserte 60-tals moroa Gold Into Straw. Sjølv om moro kanskje ikkje er det rette ordet, for "I'm writing the words to this song with a poisoned pen, I'm turning the straw into gold and back again..."

Sant å seie bør ein vel eigentleg ikkje klage, for Benson tryllar fram mange fine tonar denne gongen også. Det er berre det at tryllinga hans var så altfor imponerande sist gong han var i manesjen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo