cover

Whose Dreams Are These?

Chapter 11

CD-EP (2004)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Emo / Indierock

Spor:
Make Room
Whose Dreams Are These?
We Don't Breathe Air
The First One Now
White Faces
Here. Come.

Referanser:
Radiohead
Muse
The Beautiful South

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Venner av Pablo Honning

Eit noko uferdig norsk rockeband med sin andre EP.

Ja, kven sine draumar er dette, tru? Slik dei framstår over seks spor på denne lange (26 minuttar) EPen vil eg nok tru at dei meir tilhøyrer kvintetten Chapter 11 enn den gjengse musikklyttar. For sjølv om det er anslag av fine ting i dei fleste låtane klarer bandet aldri å hale i land full seier i nokon av dei seks forsøka dei presenterer her.

Chapter 11 er eit band med tilhaldsstad Trondheim, men der tre av medlemmene egentlig kjem frå Egersund. Dei har helde saman sidan tidleg i 2002, og Whose Dreams Are These? er bandet sitt andre forsøk i innspelt tilstand (dei har frå før ein trespors EP ute). Musikken dei spelar har sitt tydelige slektskap til ein del tonar som har komme oss for øyre frå dei britiske øyane dei siste tiåra. Den fremste inspirasjonskjelde i så måte er nok ikkje heilt ukjente Radiohead. Ja, ikkje eit einaste av dei seks spora klarer heilt å unndra seg Radiohead-vibber. Sannsynlegvis først og fremst avdi vokalisten Tor Undheim nokså ofte har ein hang til å legge inn fraseringar henta rett frå Thom Yorke sine regionar. Kanskje altfor ofte, for det er ikkje alle låtane som i utgangspunktet er heilt typisk Radiohead. Og når Undheim ikkje syng som Yorke har han ei fin røyst som opererer langs aksen Paul Heaton, Morrissey, Ray Davies. Eg trur han vil vinne på i større grad å dyrke denne sida av stemma si ved neste høve.

Eg tek vel ikkje for hardt i viss eg seier at dei store melodilinjene ikkje akkurat kjem som perler på ei snor. Dei fem karane slentrar nok innom fine tonar ved enkelte høve, som på deler av åpningssporet Make Room. Det er heller ikkje heilt ueffent når dei kvesser gitarane på The First One Now, og på den ellers noko for atmosfæriske We Don't Breathe Air. Tittelsporet blir på si side alt for utflytande, og den avsluttande pianoballaden Here. Come blir, til tross for fint pianospel, for pompøs og melodifattig. Nei, gjev meg då heller den pågåande og ompa-aktige poprockaren White Faces, ein ålreit liten sak som blir rett så hyperaktiv etterkvart.

Slett ikkje noko stort kapittel altså. Men det var jo heller ikkje nemnte Radiohead sånn med det samme. Og dei kom seg jo etterkvart. Så, kanskje...

comments powered by Disqus

 



Blue Chill
2004-08-20that's a great band with great music!

I do not understand cos i'm french but i saw the mark 3/7 and i just CAN NOT AGREE. One person can't come and say 'that's not good', and moreover if the very person is a journalist writing an article that is to be read by many people. Listen to Dido or Evanescence and then Chapter 11... don't you even know Unbelievable Truth... another excellent band that has been killed by a lack of adds... why good bands are always hidden or so rare in the light? Coldplay is no better than Chapter 11.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo