cover

Get Behind Me Satan

The White Stripes

CD (2005) - XL / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Pop / Funk / Blues / Garasjerock

Spor:
Blue Orchid
The Nurse
My Doorbell
Forever For Her (Is Over For Me)
Little Ghost
The Denial Twist
White Moon
Instinct Blues
Passive Manipulation
Take, Take, Take
As Ugly As I Seem
Red Rain
I'm Lonely (But I Ain't That Lonely Yet)

Referanser:
Cole Porter
Loretta Lynn
Blind Willie McTell
Leadbelly
Led Zeppelin
The Rolling Stones
The Fiery Furnaces
Alex Chilton

Vis flere data

Se også:
Elephant - The White Stripes (2003)
Elephant - The White Stripes (2003)
Icky Thump - The White Stripes (2007)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Ein avkledd djevel

Med desse 13 avkledde låtane fører Jack prosjektet sitt inn på eit meir variert spor. Ikkje snu, følg sporet vidare, mann!

Nå hadde så avgjort forsmaken Blue Orchid, med sin medrivande falsettvokal og riffvitale og funky framtoning, sådd eit håp. Likevel var eg litt skeptisk. Kanskje berre fordi eg er svak i trua? Eller?

Det var noko med Elephant. Mi interesse for White Stripes blei kraftig redusert ein eller annan stad midt inni Ball And Biscuit. Det var noko med denne strevsame Stooges-møter-grunge i eit heller meloditafatt og bluespåvirka lende som drap gnisten, og sendte elefanten baktung ut i ei sørpete eng der den vart ståande og stampe. I alle fall heilt til påstanden Girl, You Have No Faith In Medicine vart kasta fram. Joda, eg veit at fremst ligg det ein Seven Nation Army, og eit par steg lenger bak kranglar den endå betre There's No Home For You Here seg fram i sprelske andedrag. Ja, faktisk lever plata ganske så bra den heilt til det der nemnte augneblikket i spor åtte treff ein tungt i magen.

Rykta i forkant av deira femte album fortalde rett nok om ein duo som slett ikkje hadde falt for freistinga å sende inn ein ny elefant. Her var det snakk om mindre blues, meir Cole Porter, mindre gitar, meir piano og ein Jack som snakka om sanninga som eit ideal. Eg fekk og med meg at låtane var komponert og spelt inn på berre to veker. Det var rapportar som fortalde om skisser meir enn fullendte songar. Og Jack hadde proklamert idéen om å gjere feiltrinn, ikkje tilgjorte, men ekte. Vilskene og tverre pretensjonar frå ein fyr som ville vise seg, tenkte eg. Kanskje hadde han og søstera komme seg opp av den sørpete enga, men kva hjelpte det når dei no såg ut til å ha rota seg bort blant visna og knekte roseplanter i staden?

Etter nokre timar i samvær med Get Behind Me Satan lyt ein berre innsjå at skulle det vere inni eit klunger av medfarne roseplanter dei oppheld seg, ja så er det ein fabelaktig stad å vere. Er det tverre pretensjonar som ligg bak, ja så ver velkomen tverre pretensjonar. Velkomen også til levande feiltrinn, næringsrike skisser, det stygge, det vakre, sanninga og løgnene.

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet. Men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar.

Skal ein vere heilt rettvis (og det skal ein jo) så har nok ikkje søskenduoen fylgt den gitarbarske bluesvegen 100% slavisk før heller. Det har jo dukka opp ein og annan popfiksert eller folkinspirert sak innimellom. Gjennombrotsplata White Blood Cell hadde nok slett ikkje vore det vitale fyrverkeriet den er utan injeksjonar av vital pop og skakk folk. Men til og med den plata sovnar inn i ein litt meloditam bluessøvn mot slutten (før den vaknar til liv i form av eit beksvart Lennonsk popblues tiltak kalt This Protector). Get Behind Me Satan korkje rotar seg bort i stillstand eller einspora søvn, den er ei potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

Underteikna er ikkje så veldig flink til å halde seg oppdatert på privatlivet til desse rockestjernene. Har likevel fått med meg at Jack skal ha hatt ein affære med skodespelar Renee Zellweger for så etterpå å gifte seg på Amazonas-elva med ei Karen. Kor mykje det er av desse opplevingane, og andre personlege hendingar, som ligg til grunn for det han har på hjerta veit eg vel eigentleg ikkje. Men det eg høyrer er i alle fall skildringar der tema som kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle og forknytte tankar kjem til utløp.

I den seige marimba-drevne og cymbalkrasjande The Nurse står hovudpersonen svikta tilbake og hevdar (vel med rette) at "The nurse should not be the one who puts salt in your wounds". Kjensler som flyg i ulike retningar vert utdjupa i den dynamisk gyngande og pianostyrte Forever For Her (Is Over For Me). Pianoet er også i førarsete, men i eit meir funky lende, i det catchy popeventyret My Doorbell. Her sit hovudpersonen og lengtar etter den der dama, samstundes som han prøver å overtyde seg sjølv om at det er nett det han ikkje gjer.

Joda, det er nok pianoet som er Jack sitt instrument denne gongen. Den elektriske gitaren får berre lov å fronta tre av spora (derav førnemnte Blue Orchid). Den gjer seg imidlertid veldig gjeldande på kraftfulle om enn noko melodisk veike Instinct Blues. Den sterkaste låta blant el-gitar trekløveret er nok Red Rain. Jack er kanskje ikkje nokon Jimmy Page, og Meg er definitivt ingen John Bonham, men denne smart buldrande saken er som tatt rett utav Physical Graffiti og det er jo ein glimrande plass å komme frå. Den akustiske varianten av seksstrengaren trer fram når duoen flyttar seg over i eit folkprega Zeppelinsk lende med visa As Ugly As I Seem. Medan tonen går i bluegrass retning på fjellfriske Little Ghost. Om dama det er umulig å få tak på; "when I held her I was really holding air".

"Oh Rita, oh Rita, if you lived in mesita, I would move you with the beat of a drum". Lengselen er til å få naseblod av. Låta ber tittelen White Moon. Ein pianoballade av typen langsamt og intenst veksande, og der Meg sit i ein krok og ristar sin gode gamle raude egg-shaker samt lurer inn litt varleg cymbalnedbør. Og Rita? Ho dukkar opp igjen i Take Take Take. Då får vi servert etternamnet også. Energisk, nervøst, smertefullt og i melodivinnande fasong fortel Jack om beundraren som møter sitt store idol. Den vakre Rita Hayworth kjem inn på baren der denne stakkaren sit og drikk saman med ein kompis. Han mannar seg opp og tar kontakt med den store gudinne. Ho gjer han autografen, nokre ord, og lar seg avbilda i hop med han. Frå Rita si side er dette rein rutine, mens vår mann nok tolkar hennar velvilje noko annleis. Når ho så trekkjer seg tilbake står han nærast sjokkert igjen og må innsjå at ”she didn’t even care, that I was even there”. Mistolkingar av kvinner sine signal på litt meir generell basis er tema for den Ballroom Blitz-funky Denial Twist. Medan det vert sveipa innom familieproblematikk i den Meg-sungne 35 sekundars parantesen Passive Manipulation. Familietilhøve er også temaet i I’m Lonely (But I Ain't That Lonely Yet). I countryballade stil med vagt gospelkrydder fortel den bortkomne son og bror om sin ambivalente lengsel mot heimlege trakter; "there's a girl that I know of, but don't ask for much, she's homely, and she's cranky, and her hair's in a net, and I'm lonely, but I ain't that lonely yet".

Om det er løgner, synder, sanningar eller lengsler som vert servert, så finn den dynamiske White-duoen rette tonen og konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter.

comments powered by Disqus

 



Bjørn Agnar Larsen
2006-01-02...ikke best uten ball..

Så vet vi at Jack White ikke er best uten ball. White Stripes album handler om gitar - historisk, ironisk og selvdiggende..

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo