cover

Circuital

My Morning Jacket

CD (2011) - V2 / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Pop / Sørstatsrock / Funk / Soul / Countryrock

Spor:
Victory Dance
Circuital
The Day Is Coming
Wonderful (The Way I Feel)
Outta My System
Holdin' On to Black Metal
First Light
You Wanna Freak Out
Slow Slow Tune
Movin' Away

Referanser:
Monsters of Folk
Wilco
The Flaming Lips
Mercury Rev
Band of Horses
Curtis Mayfield
The Who
Neil Young

Vis flere data

Se også:
At Dawn - My Morning Jacket (2001)
My Morning Jacket/Songs: Ohia - My Morning Jacket & Songs: Ohia (2002)
It Still Moves - My Morning Jacket (2003)
Z - My Morning Jacket (2005)
Z - My Morning Jacket (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Livet som sirkel

Dei vender blikket dit dei har vore, og skaper nokre av sine beste songar.

Det er ikkje ein sirkel eg har sett føre meg når eg har tenkt tankar kring utviklinga til My
Morning Jacket. Frå The Tennessee Fire via den staselig store sørstatelige countryfolkrocksoul-greia deira (At Dawn, It Still Moves) til den eklektisk forvirra og bistre Evil Urges har eg aldri tenkt om dei at dei har vandra i sirkel. Eg har tenkt dei har vore på veg. Eg har tenkt dei har spora litt av, på godt og litt vondt (Z, Evil Urges). Eg har tenkt dei er eit band verdt å fylgje. Så det har eg gjort. Og no sit eg og lurer på om det kan vere ein slags rundtur dei eigentlig er ute på. For med Circuital gjer dei det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut.

Etter å ha spelt inn eit par plater i New York, reiste My Morning Jacket denne gongen heim til der dei ein gong kom i frå. Til Louisville, Kentucky. Der fant dei ein gymsal, i ei kyrkje. Der rigga dei seg til og spelte inn sitt sjette studioalbum. Eit album tufta på varme, og ihuga speleglede, og som kjærlig omfamnar dei fleste steg dei til nå har tatt.

Der My Morning Jacket på sine siste plater tidvis har virka noko tilgjorte, og fått meg til å tenke at nå driv de med utprøving for utprøvinga si skuld, opplever eg at dei på Circuital er frigjort for alt slikt, og berre er. Er der musikken er. På lag med flyten, med groovet, med rommet. Det store rommet. Der tonane dansar vidt, og kjem i mang slags rytmar og former.

Circuital er ikkje My Morning Jacket tilbake dit dei var for åtte, ti eller tolv år sidan. Absolutt ikkje. Circuital kikkar dit, Circuital ser det er bra ting der, men Circuital veit også om andre ting som er bra. Circuital synst veldig godt om den funky dansen. Circuital synst det er bra å sveitte. Circuital er eit mangslunge vesen. Eit mangslunge vesen som ikkje spriker, og som ikkje ynskjer vere vanskelig. Eit mangslunge vesen eg tenker berre vil meg vel.

Varmt sa eg, og varmt meinar eg, men Victory Dance som innleiar albumet er kanskje ikkje så varmblodig av seg. Den handlar om framtidssyner ein urovekkande stad mellom det store håpefulle potensialet og dei dystre røyndommar. I ei barsk groovy form og til kjølige keyboardtonar driv låta mot sitt kaotiske endelikt, og varslar vel i grunn i liten grad om kva som kjem.

Eit ekspanderande tittelkutt kjem. Startar med ein enkel gjentakande og nøysam gitarfigur før det fatnar og blir til gulraude flammar, der gitaren et southern kost og sakene generelt sett er av det meir veldige slaget. Sju minutt brukar den på å nå sitt endelige "ooooo-oooouooh-oooou". Då har den spekulert sine rundar og ytra sine tankar kring dei eksistensielle forhold. Kring tilværets økologiske vesen. Om den store omvegen som endar opp der ein starta. På ein "hallowed ground", der ein kan møte på valet om å kle seg i "Satan's jeweled crown" eller drikke av "Christ's humble cup".

Seinare syng bandets frontfigur Jim James om "Lucifer's cup". Då heiter songen Holdin' On To Black Metal. Ein funky rakkar (grunnlagt på ein loop skapt av ribbeina til ein thaipop låt) som sonisk sett viser seg å ha henta mykje meir der Curtis Mayfield dansa enn der Dimmu Borgir dirrar. Musikksjangeren den tar føre seg opplever eg at den omtalar med kraftfull ambivalens. "Coming into life you need its grind, but at a certain point you got to let it go, or it will cross the permanent threshold". Eg må vel seie meg tilbøyelig til å dele det synspunktet. Og meir enn tilbøyelig til å stemme i saman med Jim James og hans innhyra kvinnekor der dei "catching waves on Lucifer's beach". Sommarens sveittaste.

I kategorien god og groovy finn eg også den smått Primal Sream-slekta First Light, og den leduge og hyggelige freakouten You Wanna Freak Out. Der finn eg ikkje Outta My System. Den finn eg i eit vegkryss Brian Wilson ein gong møtte Chris Bell. Ein feiande flott popsong som både fangar bølgjer ved Stillehavet og rusar inn i ei gate i Memphis. Og tematiserer "the luster of youth versus married security". Ansvarsløyse kontra ansvarskjensle.

Tre låtar kjem i ganske så rolige former. Den godmodige og utopia-siktande balladen Wonderful (The Way I Feel) kjem som ein mild countrysoul kompanjong av Behind Blue Eyes. Slow Slow Tune kommuniserer delvis med seg sjølv i ei slags metaform, men er mest ein song til eit barn som enno ikkje er født, men som er meir enn velkome til å bli født. Låta smyg minst like sakte som det tittelen lovar. Slik også pianoballaden Movin' Away gjer. Der den omgitt av vennlige tonar talar den vilkårslause kjærleikens sak.

33 år gamal syng Jim James om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Eller kanskje eg heller skal seie at han duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk.

På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

My Morning Jacket spiller på Sentrum Scene i Oslo fredag 18. november.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo