cover

Astronomy For Dogs

The Aliens

CD (2007) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia / Prog / Elektronika / Softrock / Bluesrock

Spor:
Setting Sun
Robot Man
I Am the Unknown
Tomorrow
Rox
Only Waiting
She Don't Love Me
Glover
Honest Again
The Happy Song
Caravan

Referanser:
The Beta Band
The Bees (UK)
The Flaming Lips
Primal Scream
Super Furry Animals

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Samansurium

Frå oska av Beta Band stig det fram nye eklektiske påfunn.

Dei kjem ikkje frå outer space, men frå Fife i Skottland. Dei er tre. Dei har vore her før. Men ikkje saman. To utgjorde ein viktig halvpart av Beta Band. Den tredje var også med der heilt i starten, men før den første EPen (den med fantastiske Dry the Rain på) var klar for folket vart han råka av psykiske lidingar så alvorlige at han tilbrakte "ten long years in a mental asylum". To album med snodige viser og eksperimentell poprock under signaturen Lone Pigeon har vore hans bidrag desse åra. Var det nokon som sa Syd Barrett? Han heiter Gordon Anderson.

Etter å ha skjenka verda tre sonisk omfattande og smått legendariske EPar, samla i 1998 under namnet The Three E.P.'s, og tre pop-trippy og fine album vart Beta Band oppløyst i 2004. Vokalist Stephen Mason forsvann, så vidt underteikna veit, inn i ein tåkeheim. Trommis Robin Jones og tangenttraktør John MacLean har heller ikkje gjort så mykje av seg sidan då, men har altså no funne saman med sin tidlegare skulekamerat for nye musikalske eventyr under vignetten The Aliens.

Det er Gordon Anderson som har komponert alle låtane på albumet. Og akkurat som hos Beta Band er det eit eklektisk og sjangerhoppande opplegg det blir lagt opp til. Popånda frå 60-talet er tydelig til stades, men den er ikkje i nærleiken av å få vere i fred eller trone aleine. Den blir utfordra og får selskap av det meste frå softrock, via progrock og psykedelia til electronica. Om det blir eit forvirrande lappverk? Nei, eg synst det har ein slags retning, eg. Rett nok ein litt sprikande og ikkje altfor tydelig. Men det er vel berre ein fordel, er det ikkje?

Det er ikkje å ta hardt i om ein hevdar at Gordon meir enn sneiar innom smertepåkallande kjensler i songane sine. Men utan at han blottlegg seg eller dyrkar mørkret på eit vis ein som lyttar kan kjenne blir for ubehagelig. Det ein i tilfelle kan halde opp imot han når det gjeld det tekstlige må vere at han av og til kanskje kan bli litt banal og grunn. Det eg ikkje har tenkt å halde imot han er at han ved eit par høve lar same tekststrofe dukke opp i meir enn ei låt. Dette blir på eit vis med og bind låtane saman og skaper ein heilskap som det soniske så prøver å rokke ved.

Robot Man og Rox har endatil nesten identisk tekst. Men der den første er ei stressa funkrock-affære, kjem den andre mot ein i saftige rytmeformer frå ein eller annan stad i utkanten av Primal Scream sin Loaded. Ein lettbeint rytmikk ligg under den harmonifine og Beatleske Tomorrow. Eit og anna frå dei fire Liverpool-legendene har The Aliens også tatt med seg i den rytmisk bastante Glover. Ein sak som går til kvile først etter åtte minuttar, etter at den nærast på Tor Jonsson-vis har konkludert med at "love isn't love until its gone".

Alt er ikkje berre vel og bra på Astronomy For Dogs. Setting Sun er ein sjarmlaus Ten Years After-bluesrockar, og Happy Song jumpar av stad som ein dårlig McCartney-vits medan Anderson syng "happy" sånn cirka 149 gonger for mykje. Eg finn heller ikkje den store interessa for den halvhjerta psykedelia-saken I Am The Unknown. Den harmonigrasiøse og mjuke balladen She Don't Love Me No More finn eg derimot hugnad i. Og endå meir i den ordrike, surrealistiske og motorisk velfungerande Only Waiting.

"How long will it be till I see you again?" lyder det harmonivokaliserte mantraet som innleiar Honest Again. Ein yndefull og håpefull sak i eit sonisk krysningspunkt mellom ELO og Shearwater. Det same spørsmålet som innleiar Honest Again dukkar opp som avsluttande spørsmål i Caravan. Men då har den låta helde det gåande i over 16 minuttar allereie. Neppe heilt tilfeldig at tittelen er identisk med namnet til ein av prog-rock aktene frå den velrenommerte Canterbury-scena.

Samstundes som både fonisk likskap og sonisk yrskap gjer det freistande å bringe Can inn i ringen også. Suggererande og kontrastfullt. Aggressivt og blødande. Monotont men hendingsrikt og veldig levande. Små harmoniske songtillaup blir overdøyvd av eit groovy, buldrande og stundevis nær kantrande køyr. Idet den passerer tolv og eit halvt minutt forsvinn den inn i solnedgangen, etter eit par minuttars pause kjem så eit piano, nokre dystre strykarar og mantraet "How long will it be till I see you again?" smygande.

Akkurat då fell det heilt naturlig å tenke at det blir nok ikkje så altfor lenge til.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo