cover

Golden Age of Radio

Josh Ritter

CD (2002) - Setanta / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Singer/songwriter / Folk / Countryrock

Spor:
Come and Find Me
Me & Jiggs
You've Got the Moon
Lawrence, KS
Anne
Roll On
Leaving
Other Side
Harrisburg
Drive Away
Golden Age of Radio
Song For the Fireflies

Referanser:
Nick Drake
Bob Dylan
Bruce Springsteen
Townes Van Zandt

Vis flere data

Se også:
Hello Starling - Josh Ritter (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein frisk tradisjonalist

Ein ung amerikanar med gitar som har i seg ei melodisk og poetisk kraft ein ikkje møter på kvart americana-hjørne.

Ein mann, hans akustiske gitar og 12 songar. Du har sett og høyrt det før, tenker eg. Vel, her er ein til. Navnet er Josh Ritter, han er i midten av tjueåra, og Golden Age of Radio er debutalbumet hans. Plata kom ut på det amerikanske platemarkedet via etiketten Signature Sounds recordings i 2002, men det er først nå i 2004 (via Setanta Records) den får sin offisielle utgjeving her i Europa. Hyggelig det. For den unge amerikanaren har absolutt taket på å skaffe til vegs fruktbare songar. Ja han har til og med laga dei sjølv, alle ihop. Men før han kom så langt har nok Josh snappa opp ein og annan idé frå folk som har gjort slikt tidlegare. Utan at eg har tenkt å bruke det imot han, for til og med Bob Dylan lever jo i ein lang musikkhistorisk tradisjon. Det er likevel nesten litt skummelt kor lik Josh er på ein avdød engelsk melankolikar innledningsvis her.

Det regnar, og inne bak den regndynka vindaugsruta sit unge Ritter med sin gitar og syng Come and Find Me. Eg lukkar augene og tenkjer på Nick Drake, ein seinhaustkveld og det er kun five leaves left. Går det verkelig an å likne så mykje? Ja, og endå meir, til og med. Spor tre heiter You've Got the Moon, og kunne like godt ha vore ein bortkommen song frå Pink Moon-innspelinga. Men det er vemodig og vakkert, veldig vakkert. Så dette slepp du unna med lett som berre det, unge mann.

Her forlet vi Nick Drake. Men ikkje Josh Ritter. Han vandrar vidare blant andre tonar, henta frå eldre marker, nyare marker og eigne marker. Me & Jiggs er ei heller sorglaus countryvise om ungdom, forelskelse og laurdagskvelden som blir til natt, og då kan ein jo for eksempel drive med slikt:

"Sitting on the porch singing Townes van Zandt, we play guitar to burn off the hours
till we climb the fences at the edge of town
and paint our names on the water towers..."

Ellers handlar det mykje om å være på farten, om rastlause kjensler, og om å ynskje seg eit anna liv ein annan stad. Slik kan vi dra trådane frå Ritter via Springsteen, Guy Clark, van Zandt og attende til Woody Guthrie og Hank Williams. Låtskrivarar som alle har skildra slitaren, vandraren, einsemda og ikkje minst lengselen, det være seg etter betre kår, ei kvinne, eller berre litt sjelefred.

Så når Ritter syng linjer som "west of her there's a place I know" i Roll On, eller "I'm still waiting for the whiskey to whisk me away" i Other Side er han inne på tankar både van Zandt og andre har behandla før. Det er han også når han skildrar fortvila sosiale skjebner i Lawrence, KS og Harrisburg. Men så lenge mannen leverer tekstar å tru på, linjer med poetisk kraft og tonar det går an å føle godt for, er han velkommen i mi stove.

Derfor ser eg fram til eit nytt møte med fyren. Og det treng slett ikkje være langt unna. For sidan dette albumet først når våre breddegrader godt over to år etter at det var ferdig innspelt, har Josh Ritter sjølvsagt alt nye ting på gang. Oppfølgaren har fått tittelen Hello Sterling, og skal være ute her til lands i desse dagar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo