cover

Nothing's Gonna Change The Way You Feel About Me Now

Justin Townes Earle

CD (2012) - Bloodshot / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Americana / Soul

Spor:
Am I That Lonely Tonight?
Look the Other Way
Nothing's Gonna Change the Way You Feel About Me Now
Baby's Got a Bad Idea
Maria
Down on the Lower East Side
Won't Be the Last Time
Memphis in the Rain
Unfortunately, Anna
Movin' On

Referanser:
Steve Earle
Ryan Adams
Gram Parsons
Dan Penn
Arthur Alexander Jr.
Ray LaMontagne

Vis flere data

Se også:
Harlem River Blues - Justin Townes Earle (2010)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Endringssoul

Earle må ha tatt eit opphald i soulsamlinga si før han spelte inn denne.

Dette er ikkje Harlem River Blues, dette er Memphis In the Rain. Dette er ein ung mann sitt neste steg. Eit steg som har ført han nærare soulmusikken enn han nokon gong har vore.

Harlem River Blues, frå 2010, var plata då Justin Townes Earle markerte seg som noko langt meir enn sonen av sin far. Det var plata han viste seg som ein av våre dagars fremste utøvarar av country, folk og slektande tonar. Ei samling der Earle med ei pretensjonslaus og heilhjerta innstilling foreina det meste av det som har inspirert han.

Han går ikkje like vidtrekkande til verks på årets album. Dei fleste songane her har ein fellesnemnar. Den heiter soul. Men ikkje sveitt og lidenskapelig som hos Sam & Dave eller Otis Redding. Den er meir nedpå enn som så. Meir mjukt traskande, meir grublande, meir hutrande, som hos ein ung kvithuda mann med Townes som mellomnamn og countrymelankoli i genane. Countrysoul, med støytdemparar montert.

Eg tar meg sjølv i å tenke at han kunne jo ha køyrt dei litt meir til veggs desse låtane. Gitt dei eit noko meir brusande blodomløp. Gjødsla dei med litt meir rastløyse. For blir det ikkje litt for daft? Litt for avventande og uforløyst? Var det ikkje meir tenning, meir pasjon, då han var i soullune ved førre korsveg og song om Christchurch Woman og drog ein Slippin' and Slidin'?

Dette er Memphis In the Rain, og ein tretti år gammal mann på veg gjennom natta, der han høyrer faren synge "take me home again". Av og til vil han vekk, lengre vekk, langt vekk, andre gonger vil han bli oppringt, og vil heim. Han stiller seg spørsmålet Am I That Lonely Tonight. Til varlige anslag, og i eit blått luskande tempo. I neste vegkryss sukkar han "mama I'm hurting, in the worst way", medan han prøver å lære seg å bli ein betre mann. Ein som ikkje seier ting han ikkje skulle sagt, slik han i tittelkuttet erkjenner at det ofte blir til. Ein som derfor spaserar "on a sunday morning sidewalk", akkurat som Kris Kristofferson, med henda djupt i lommene for å stagge skjelvingane, og er redd for at det Won't Be The Last Time.

Det er regn, det er natt, og morgonen er ein einsam ting. Skrifta står på veggen. Hjerter blir knust. Angeren kryp oppover. Ei endring bør komme, men den er det vel i grunn ingen andre enn du og du og eg og du som kan stå før. Eller kva Anna? Unfortunately, Anna. Du sitt her ved sida av meg no, på vår ferd gjennom regngrå gater. Du seier du "need to know that there's something more to this life". Vel eg svarar deg slik, proklamerar songaren, sjåføren: "All this time you've been waiting for the world to change, but unfortunately, Anna, it's you who needs to change."

"Change" er eit nøkkelord, eit gjennomgangstema på albumet. Men ikkje eit med uana muligheiter. Det er jo trass alt livet dette handlar om. Det uforståelige livet. Som i songarens tilfelle starta i farens tredje ekteskap. Til slutt syng han ein song der mora er djupt involvert. Som samtalepartnar. "I'll tell her I been gettin' sick again" fortel han, men "we both pretend we don't know why". Og det handlar om faren, og kor han har vore. Og om sonen som undrar på om han skal ta vegen "back to the night ... were my folks first met", og kanskje der finne ut korleis faren knuste mora sitt hjerte. Eller skal han la det fare, og Movin' On? Vi er i avslutningssporet, gitaren går chicka-boom, munnspeltonane dansar, tonane trillar, og Justin Townes Earle si femte plate er på sitt beste.

Ei plate som ikkje er den beste han har laga, og ikkje den nest beste heller. Men bra nok, for så vidt, til å få fram det den ynskjer å få fram, grubling og hutring i regnet, og nokre sordinerte soulglør som prøver å skape litt varme.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo