cover

Too Much Yang

BigBang

CD (2007) - Grandsport / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Funk / Sørstatsrock / West coast / Poprock

Spor:
Too Much Yang
Hurricane Boy
I Don't Wanna
L.A. Song
My First Time
The Third Act
All the Time
A Thousand Times Over
Early December
We Belong Together
Angelina

Referanser:
Lynyrd Skynyrd
The Who
Curtis Mayfield
Crosby, Stills, Nash & Young
Red Hot Chili Peppers

Vis flere data

Se også:
Smiling For - BigBang (2001)
Frontside Rock'n'Roll - BigBang (2002)
Radio Radio TV Sleep - BigBang (2003)
Radio Radio TV Sleep - BigBang (2003)
Poetic Terrorism - BigBang (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Yang bang

Eit smell sånn på det jamne. Fint frå vest, litt daudt frå sør.

Med sitt førre album, Poetic Terrorism (2005), fjerna kraft-trioen Big Bang seg litt frå sitt Frontside Rock'n Roll uttrykk. Ikkje det at dei sterkt gitardrevne rockelåtane var lagt på hylla, men dei fekk i større grad enn kva som hadde vore tilfelle tidlegare selskap av noko anna. Og det andre i denne samanheng var harmonistetta og småpsykedelisk vestkyst-tonar à la Crosby, Stills, Nash & Young og The Byrds. Variasjonen dette førte til, gjorde etter mi ringe meining bandet godt. BigBang held for så vidt liv i denne variasjonen også på sitt nyaste verk, Too Much Yang. Men albumet blir likevel eit hakk svakare enn forgjengaren. Litt for mange låtar med eit identitetsfattig vesen lyt ta skulda for det.

I fylgje den eldgamle taoistiske filosofi så representerer yang den lyse, oppstemte og maskuline sida i det dualistiske yinyang symbolet. Når Greni & co i tittelen hevdar at det er for mykje Yang, ja så grunnar eg sjølvsagt litt over kva som kan ligge bakom ein slik påstand. Er det tanken på at dei maskuline kreftene i verda er på god veg til å skape eit nytt Big Bang? Kan det vere dei overfladiske og lettvinte løysingane sine sørgelige framgangar dei har i tankane? Eller kanskje er det ein kommentar til det soniske og tekstlige innhaldet på albumet? I tilfelle det siste, så vil eg skyte inn at det er vel så mykje nattlege tankar som dagdraumar kring livet sine lysare sider Greni har føre seg. Men kanskje vi ikkje skal gå så djupt, kanskje dei berre har funne noko som rimar på bang, og det var det?

I alle fall, albumet smell i gang med eit maskulint slidegitar-riff, og det noko sjofle utsegnet "I like my friends when they're heartbroken and in need for company". Vi møter ein mann som sit og drikk aleine, medan store tankar kryssar hjerneveggene, før han kjem til ei erkjenning av at "the world's got too much yang". Det er beiskt og kraftfullt, men melodisk litt kantete. Det melodiske mønsteret er vel ikkje i sin aller beste form på Hurricane Boy heller, men den har i alle fall ein trommis-Olsen i eit så initiativrikt slag at ein kan få mistanke om at orkanguten dei siktar til her er sjølvaste Keith Moon.

Det er når dei drar fram låtane med californisk klang at Too Much Yang finn den gode tonen. Høgdepunktet er L.A. Song i si tilbakelente verseform, med sitt energiske refreng, og med den falsett-songne killerlinja "all the angels cry". Låta har Øystein Greni komponert i kompaniskap med sin argentinske kjærast Maria Orieta. Ho syng med på den også. Nesten like bra er den akustisk-gitar drivne A Thousand Time Over, med meir falsett-song, strokne kontrabasstonar, og snev av Band Of Horses passasjar. Denne har Greni skrive saman med Martin Hagfors.

Hagfors står også oppført som medkomponist på The Third Act. Ein country- og folkrockande sak som hadde funne seg vel tilrette på eit Home Groan album, eller på eit Tom Petty album. I det same lende finn vi også All The Time, men den hellar kanskje meir mot The Byrds sitt mest stabile poprockmønster.

Resten av låtane er det vel ikkje så altfor mykje å seie om. I Don't Wanna prøver, med blåsarar og vokalharmonisk fynd, å finne fram til ei Girl in Oslo stemning, men har vel neppe denne sin stayerevne. Medan My First Time er ein lett funky, men ikkje spesielt minneverdig sak om møydomen sitt endelikt. Før trioen i dei tre avsluttande spora går på tomgang i sitt eige mest hevdvunne powerrock-møter-funk-mønster.

Sånn samla sett blir det vel habilt nok. Men eg kan ikkje fri meg for å fundere på om ikkje tida er inne for ei endå litt kraftigare risting av eit litt for fastgrodd mønster?

comments powered by Disqus

 



ove
2007-07-02huff

Jeg vet ikke om jeg skal le eller gråte når jeg leser din anmeldelse av plata. Det virker som du i utgangspunktet ikke liker Bigbang. Du klager over at sangene og tittelen ikke har noen dyp mening? Det har da aldri Bigbang prøvd å få til heller! de legger vekt på musikken og driven i sangene, enkle tekster som skildrer følelser man lett kan forstå seg på. Jeg blir litt redd når du begynner å trekke inn Keith Moon her? Hvor har du det fra? Hurricane boy handler om bandet Bigbang og deres nye situasjon med satsing i USA og Grenis forhold til hans nye kjæreste. Du har vel fått med deg det?

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo