cover

Cellar Door

John Vanderslice

CD (2004) - Barsuk

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Indiepop / Indierock / Powerpop

Spor:
Pale Horse
Up Above the Sea
Wild Strawberries
They Won't Let Me Run
Heated Pool and Bar
My Family Tree
White Plains
Promising Actress
Coming and Going on Easy Terms
Lunar Landscapes
When It Hits My Blood
June, July

Referanser:
Bright Eyes
Beulah
Hawksley Workman
Death Cab for Cutie
The Long Winters
Mk Ultra
Ed Harcourt

Vis flere data

Se også:
Five Years: Selected Recordings 2000-2005 - John Vanderslice (2005)
Pixel Revolt - John Vanderslice (2005)
Romanian Names - John Vanderslice (2009)
White Wilderness - John Vanderslice (2011)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Skal det vere eit stykke?

Sloopy hi-fi pop med dystre samfunnskildringar, smeltar i munnen i ein oase av fortryllande smakar.

Anført av den smule provokative låttittelen Bill Gates Must Die, sikra amerikanske John Vanderslice seg ei tilstrekkeleg mengde blest kring utgjevinga av debutalbumet Mass Suicide Occult Figurines (2000). Datagiganten Microsoft åtvarde tidleg at eit søksmål ville bli lagt fram om Vanderslice valde å publisere låta med den graverande tittelen. Eit lite, amerikansk mediesirkus var i full gang. Tilhøyrarar og motstandarar av Microsoft-hegemoniet samla seg i to motstridande leirar, men felles var at begge gruppene vart nyfikne slik det alltid er kring kontroversielle tema innan underhaldningsbransjen. Som om ikkje dette var nok, vedgjekk John Vanderslice seinare at heile historia om søksmålet var oppspinn, ein "hoax" han sjølv hadde pønska ut på ein kreativ fridag. Moglegvis ein digresjon, ja, men interessant nok til å ta med her.

John Vanderslice figurerte som frontmann i det San Francisco-baserte bandet Mk Ultra i perioda 1993-1999; eit band som i løpet av si levetid leverte tre offisielle album, i tillegg til å turnere med indierock-bandet Sunny Day Real Estate på den amerikanske landevegen. Samstundes er han rekna som ein habil produsent og har blant anna produsert plater for Mountain Goats og andre mindre kjente artister i San Francisco-området. Men det er i første rekke med solo-karriera si at Vanderslice stend fram som ein artist med utsøkt musikalsk idérikdom, både som tekstforfattar og komponist. Ser vi på diskografien har han sidan tusenårsskiftet gjeve ut tre fullengdarar, og særleg albumet The Life and Death of an American Stranger var ei oppvisning i moderne pophandverk. Når John Vanderslice no er ute med si fjerde plate på Barsuk Records (Death Cab for Cutie, Nada Surf, The Long Winters) er det all grunn til å vere bevisst si rolle som platekjøpar.

Cellar Door (tittelen er henta frå eit Drew Barrymore-sitat i filmen Donnie Darko frå 2001) er sanneleg ein orkestral fryd for øyret. Mellom det skitne gitar-riffet som opnar Pale Horse til det nedtona strykeorkesteret som avsluttar June, July, foreinast hjarteskjærande historier med variert instrumentering og originale låtstrukturar. Up Above the Sea kombinerer Commodore 64-aktige lydar med digitale trommer, fjerne synth-lydar og Vanderslice si skjelvande stemme, noko som etterkvart resulterer i svært dansbar indiepop. Vokalmessig har han enkelte likheitstrekk med ein fyr som Conor Oberst (Bright Eyes), men utan å ty til den hylande desperasjonen som obersten har for vane i sine mest sensitive augeblink. Taktfaste trommerytmer og himmelske strykarar legg premissane for den laidbacke They won't Let Me Run; ei låt der hovudpersonen etter ei heftig fyllekule bestemmer seg for rømme frå det tragiske familielivet sitt, men utan skikkeleg fart på pickup-trucken blir helten vår innhenta og ført tilbake til familien med halen mellom beina.

John Vanderslice har sjølv gjort det til sitt varemerke å fargeleggje låtane sine med det han omtalar som ein type "sloopy hi-fi"-produksjon; ein produksjonsteknikk som så vidt eg skjøner søkjer å mikse reine og klare lydar med støyinfiserte element. Andre morosame foretak er blant anna når mikrofonar blir plassert på ugunstige stadar og gitarar blir spelt inn baklengs og/eller i redusert eller aukande tempo. Samstundes er bruken av sære synthesizer-effekter, som hentar ein god del inspirasjon frå 80-talls synth-pop, med på å tilføre melodiane ein herleg variasjon, sjølv om desse effektane ofte er litt "out there". Uavhengig av det heller dystre livssynet som gjenspeilast i mange av tekstane, er det likevel elegante og ikkje minst catchy melodilinjer som byggast opp her.

Vanderslice har tydeligvis ein del på hjartet, og har samtidig ein open og truverdig formuleringsevne som inviterer lyttaren til å rette fokus på historiene som forteljast. Reint tekstmessig plasserast vi gjerne inn i sosiale miljø beståande av desillusjonerte karakterar som befinn seg i ei eller anna form for "krise". I White Plains møter vi ein eldre Vietnam-veteran som mislukkast i forsøka på å etablere eit nokonlunde normalt daglegliv etter krigen. Indre demonar nektar å sleppe taket, og tek karakteren tilbake til grusomheitene han opplevde i jungelen: "I hid under the covers and cried out as they tore off my sheets". Protagonisten i When It Hits My Blood må på same måte som Harry Goldfarb i Hubert Selby Jr sin roman Requiem for a Dream (filmatisert i 2000) stjele fjernsynet frå den pilleavhengige mor si for å finansiere heroinbruken sin, medan Promising Actress handler om den komplette frustrasjonen med å ikkje forstå kronologien i filmen Mulholland Drive av David Lynch. Men det er vel eit universiellt problem, eller...? Medan vi likevel er inne på filmreferanser kan det nemnast at låta Wild Strawberries hentar tittelen sin frå Ingmar Bergman-filmen Smultronstället (1957).

Det mest politiske innslaget her er moglegvis å finne i Heated Pool and Bar. Vanderslice brukar igjen førstepersonsforteljinga til å portrettere måten krigar har alvorleg psykisk innverknad på soldatar som må utkjempe dei. Frå kokain-plantasjane i Colombia, til dei afghanske hulene i Tora Bora, endar vi til slutt opp i avhøyrsromet på Guantanamo Bay:

"I bring the prisoners in, the hoods come off and torture slowly begins,
the screams I've overheard, it'd would fuck up a weaker man,
but I'm cold, I'm so untouchable"

Cellar Door inneheld ikkje dei store stilbrota i forhold til dei føregåande platene, men den er ein smule jamnare og eit meir heilheitleg produkt enn det vi har blitt servert tidlegare. Utan å forvente svimlande salstall med det aller første, vil albumet antakeligvis appellere både til den kvalitetsinnretta lyttaren, men også til den litt mindre kresne. Det forutsett så klart at musikken blir høyrt, og mitt forslag er då å besøke heimesida til John Vanderslice, der eit 30-talls låter er tilgjengeleg for fri nedlasting.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo