cover

Statements

Marius Kristiansen

CD (2013) - Pilár

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkrock

Spor:
That's The Way It's Gonna Be
Sing A Song
Don't Turn Your Back On Love
Then I Know
The Memory That Lies In Me
Look At Us Now
My Turn To Drive
Falling Behind
In Retreat
Watching You

Referanser:
Bob Haley
The Margarets
Number Seven Deli
The Byrds
The Beatles
Traveling Wilburys
Tom Petty

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Poplykke

Ein sympatisk og tidvis popattraktiv omfamning av kvinna og kjærleiken.

Eg følgjer ikkje songarens oppmoding, eg senker guarden, og lar poptonar motstandslaust komme til. Ganske så fengande poptonar. Først og fremst stammar dei frå ein tributt til kjærleiken kalla Don't Turn Your Back On Love. Med hardtslåande allegoriar frå boksesporten skildrar Marius Kristiansen i denne songen eit kjærleiksforhold han virkar å ha ei inderlig tru på. Gitaren ringer inn, melodiøst. Versa er angrepslystne, og refrenget treff, friskt ("Don't turn your back on love, don't lower your guard"). Så nei, snu ikkje ryggen til denne.

Litt på utsida av det dagspressa interesserar seg for og hitlistene fortel oss om har Marius Kristiansen musisert i fleire år. Mellom anna som bandmedlem i countryrockgjengen Bob Haley og gitarist hos Lars Fredrik Beckstrøm i hans Beckstrøm Kvartett. I fjor gav han ut si første plate som soloartist, The Movement. No, eitt år seinare, provar han at det ikkje skulle bli ei eingongshending.

Statements er ingen ubeskjeden tittel. Men på sitt vis held den vel kva den lovar. For det går an å sjå på dei ti songane på plata som kunngjeringar. Og då ikkje om kva som helst. Dette handlar om kjærleiken. Og denne mannen har trua på kjærleiken. Ei større tru enn det som er vanlig å få servert i slike samanhengar. Ein skulle nesten tru mannen var forelska.

Marius Kristiansen gjer uttrykk for disse kjenslene innafor eit poputtrykk som har sine aner tilbake til dei sagnomsuste sekstiåra. Rune Berg (The Margarets og Number Seven Deli) har produsert, og sikkert gjort sitt til at plata sitt soniske vesen er i nær slektskap med slikt vi kjenner frå den kanten. Han bidrar også med gunstige tonar frå sin tolvstrengs Rickenbacker. Når så Marius Krisitiansen i tillegg er utstyrt med ei røyst i lende Roger McGuinn/Tom Petty skulle det vel ikkje vere altfor underlig at tankane mine meir enn ein gong undervegs dreg i retning av desse to herremenna, og ting dei har gjort både under eige namn og i visse andre konstellasjonar.

Men eg ser ingen grunn til å ta ifrå Kristiansen æra for det som kjem opp og fram av attraktive saker her. Slik som den catchy riffpoplåta Look At Us Now, med si inspirerte call-response harmonisering. Det orgeldrivne nummeret There's the Way It's Gonna Be, med sin gode Full Moon Fever attityde. Eller Sing A Song, ein slags metapop-sak om å finne dei rette orda, som akslar eit heftig refreng om å synge ein song "'bout something good".

Og slik er det eg opplever denne plata. At den er meisla i hop av songar som vil noko godt. Som, når dei treff, kan gjere noko godt. At det innimellom, og spesielt mot slutten, dukkar opp songar som nok ikkje heilt gjer det, treff meg altså, ynskjer eg ikkje å lage det store nummeret utav. Eg finn sterkare meining i å prise sommaren, lykka, og det som er bra.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo