cover

White Bird Release

Pan American

CD (2009) - Kranky / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Post-rock / Ambient / Elektronika / Elektroakustisk / Minimalisme

Spor:
There Can Be No Thought of Finishing
For "Aiming at the Stars"
Both Literally and Figuratively
Is a Problem to Occupy Generations
So That No Matter
How Much Progress One Makes
There Is Always the Thrill of Just Beginning
Dr. Robert Goddard
In a Letter to H.G. Wells, 1932

Referanser:
Labradford
The Dead Texan
Fennesz
Stars of the Lid

Vis flere data

Se også:
Quiet City - Pan American (2004)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Som det står i brevet

Pan American er på ny klar for take-off. Førebu deg på ei reise til det abstrakte, meditative rom der du står ansvarleg for å farge utsikta.

White Bird Release er eit nytt bidrag til fantasien frå Labradford-gitarist Mark Nelson. Postrock-bandet Labradford var ei gruppe eg aldri såg det for godt å sjekke ut. Pan American, Nelson sitt etterfylgjande hovudprosjekt står også totalt ukjent for meg, trass i at White Bird Release blir den sjette utgjevinga under dette namnet sidan 1998. I det heile tatt er eg som ein novise å rekne når det kjem til elektronisk/ambient musikk. Dette er altså uvante tonar for eit pophjarte som meg, så vær snill å ha det i mente når mine naive betraktningar blir skissert nedover her.

Som eit saktegåande tog tøffer det heile framover med trommer, vibrafoner, tåkelyder og elektronisk påfyll - den utolmodige lyttar er advart, men den som er tilfreds i ei sådann setting kan gjerne la øyrer og sinn ta eit djupdykk inn i Nelson sine komposisjonar. For vil du late Pan American ta deg med på ei flyreise med djupt meditativt tonestøv, kan definitivt White Bird Release vere eit kjærkome bidrag til di samling. Der vil du møte eit repetitivt draumelandskap med klokketonar, fuglekvitter, klinkande glas og sjøstraumar – det heile omkransa av eit mjukt bakteppe av milde og strøyrike droner, som i ein annan samanheng kunne følast klaustrofobisk og trugande, men som her i større grad sender ut avslappande kallesignal.

Bortsett frå Steven Hess på trommer og vibrafon (dette nattlege instrumentet med klare melankolske undertonar), samt to bassistar, er det Nelson åleine som kontrollerer knottane. Somme gongar tilføyer han også sin sentimentale kviskrande vokal på skiva – mest som eit slags eige instrument som forsørger musikken med stemning og klang. Musikken klynkar seg sakte og ganske så introspektivt framover. Lange utflytande låter der begrep som opning og slutt virkar meiningslause – open for all mulig tolking og alle mulige assosiasjonar. Dette er ikkje musikk inspirert av dei aristoteliske prinsipp om bildeskaping. Alle spor vert vevde saman, og ingen element kan trekkast ut utan å forstyrre heilskapen.

Korleis skal ein så forhalde seg til denne heilskapen? Eller er det kanskje eit unødig spørsmål? For om eg ikkje var ein som mislikar overdreven bruk av hermeteikn i anmeldelsar, kunne vi gjerne slengt eit rundt ordet "låtane" her og heller sett skiva som eit samanhengande estetisk konsept. Denne konseptkjensla forsterkar seg samstundes ved at titlane på enkeltspora heller ikkje er lausrevne, men små tekstsitat som kan smeisast saman til eit brev sendt til den britiske science-fiction forfatteren H.G Wells. Tolk dette dit du vil: Er det snakk om dissekerte kjensler? Eit bestemt stemningsaugeblikk? Eller er vi på fullstendig ville vidder her?

Vel, kanskje. Men som dei uskarpe og skurrete bileta av by og natur vi ser på coveret, finst det eigentleg ingen referansar eller hint til korleis vi bør forhalde oss til musikken. Nelson verkar å ha sin pasjon for det svevande, uhandgripelige og abstrakte rommet, så uansett om ein vil nytte (nyte) White Birds Release som eit bidrag til å lulle seg i søvn, gli inn i innestengde fantasiar eller gjev verdi til det reint utrykksfulle i dei nokturnale arrangementa, vil musikken alltid kunne romme meir enn det reint umiddelbare i ei enkel lytting.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Flunk - For Sleepyheads Only

(Beatservice)

Det finnes bare to typer musikk; god og dårlig. Røveren Ulf har endelig greid å lage den gode typen med langspilleren For Sleepyheads Only.

Flere:

The Gin & Tonic Youth - New Times
Paganus - Skogsrock