cover

Carrie & Lowell

Sufjan Stevens

CD (2015) - Asthmatic Kitty

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter

Spor:
Death With Dignity
Should Have Known Better
All Of Me Wants All Of You
Drawn To the Blood
Eugene
Fourth of July
The Only Thing
Carrie & Lowell
John My Beloved
No Shade in the Shadow of the Cross
Blue Bucket of Gold

Referanser:
Nick Drake
Elliott Smith
Bon Iver
Damien Jurado
Iron & Wine

Vis flere data

Se også:
Greetings From Michigan - The Great Lake State - Sufjan Stevens (2003)
Greetings From Michigan - The Great Lake State - Sufjan Stevens (2003)
Seven Swans - Sufjan Stevens (2004)
Seven Swans - Sufjan Stevens (2004)
Illinois (Come On Feel the Illinoise) - Sufjan Stevens (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Vondt og varleg

Ei mor sin død, ein son sine kjensler, og elleve vakre songar.

I desember 2012 døydde mora til Sufjan Stevens. Like i forkant hadde han fått beskjed om at ho låg dødssjuk av kreft på sjukehuset. Han reiste til henne og satt ved sengekanten hennar dei siste dagane. Det var då lenge sidan han hadde sett henne. Carrie, som ho heitte, reiste frå han, søskena og mannen då Sufjan var 1 år gammal. Ho gjorde det fordi ho ikkje meistra å vere mor. Ho sleit med alvorleg psykisk sjukdom og var alkoholikar. I ein femårsperiode, frå Sufjan var 5 år gamal, var ho gift med Lowell. Om somrane dei åra besøkte Sufjan og søskena dei to. Han har ein del gode minner frå dei besøka. Seinare møtte han henne sjeldan, svært sjeldan. Likevel, eller kanskje nettopp derfor, skulle hennar død gå sterkt inn på han. Det kom nokre songar utav det også. Elleve av dei er samla på Carrie & Lowell.

Den sterkaste songen eg kan minnast å ha høyrt om ei mor sitt (og ein far sitt) fråvær i oppveksten er John Lennon sin Mother ("Mother, you had me but I never had you,
I wanted you but you didn't want me"). Eit hjerteskjerande primalskrik av ein song. Sufjan Stevens sine elleve songar på Carrie & Lowell er ikkje primalskrik, dei er sakrale og stille skrik, men ikkje mindre hjerteskjerande, og ikkje mindre sterke.

I forgive you, mother, I can hear you
And I long to be near you
But every road leads to an end
Yes every road leads to an end
Your apparition passes through me
in the willows:
Five red hens - you'll never see us again
You'll never see us again


Verset avsluttar opningssporet Death With Dignity. Ein song som beveger seg frå handlingslamming til tilgjeving og forsoning. Og summerer kanskje slik opp prosessen som Sufjan Stevens gjekk gjennom etter mora sin død. Med varleg plukking på banjostrenger, på akustiske gitarstrenger, avstemte tonar frå eit piano, frå eit keyboard, blir også den soniske tonen sett. Den går ikkje utafor dette neddempa registeret dei neste 43 minuttane. Det er slik plate er, i denne eine tonen. Ein sørgmodig, sakral og vakker tone.

Ganske så annleis enn der eg kan minnast Sufjan Stevens var sist eg høyrte frå han. Det er ei stund sidan, i 2010 trur eg det var, med plata The Age of Adz. Eit album der elektroniske lydkjelder er vesentlige bidragsytarar, der mangt skjer, av og til lett vel mykje. Han hadde då brukt dei siste åra til å musisere seg ut i mang slags retningar. Og på mange vis ganske så langt bort frå dei tre skilsettande platene, Greetings From Michigan, Seven Swans og Illinoise. Som jo fylgde så tett og sterkt på kvarandre i perioden 2003-2005. Frå den tida då han også så kjekt, i all sin hyperaktive skapartrong, proklamerte at han skulle lage ei plate om kvar einaste stat i USA. Det er nokre år sidan han opp det prosjektet, men han hadde ein idé om å kalle denne nye plata for Oregon. For det var i Oregon Carrie og Lowell budde. Det er derifrå Sufjan har nokre gode minner om mora. Det er der han blei kjent med Lowell Brams. Som han også heldt kontakt med etter at mora og Lowell gjekk frå kvarandre. Dei hadde begge ei glødande musikkinteresse, og i 1998 starta dei to plateselskapet Asthmatic Kitty. Der jo dei fleste Sufjan Stevens-platene (og mange andre plater) har komme ut i åra etter. Og der Lowell Brams framleis er direktør.

Men Carrie og Lowell kunne ikkje heite Oregon. Carrie og Lowell handlar jo ikkje om nokon stat, den handlar om menneske, slikt som skjer mellom menneske, og mest av alt om kjensler som gjekk på kryss og tvers gjennom sinnet til Sufjan Stevens då sorga sette inn.

I should have known better
Nothing can be changed
The past is still the past
The bridge to nowhere
I should've wrote a letter
Explaining what I feel, that empty feeling


Korleis sakne nokon som eigentlig aldri var der? Knapt eit minne dukkar opp, og kjenslene som ramlar innover ein har ikkje feste i noko innhald. Og no er det så forbanna umogeleg å få gjort noko med det ("the past is still the past, the bridge to nowhere"). Dermed dukkar også angeren opp. Korleis kunne det ha vore annleis, kva kunne ein gjort annleis? ("I should've wrote a letter"). Men der, akkurat der, løftar han blikket – songaren, låtskrivaren, sonen. Og han ser ein bror, han ser brorens vesle dotter, han ser "the beauty that she brings", han ser eit lys. Songen heiter I Should Have Known Better, og blir til ei hymne til livet, trass alt.

Det er noko opphavlig over tonen som Sufjan Stevens nyttar seg av på denne plata. Ufiks og pretensjonslaus gjer den ikkje det minste grann for å tilføre musikkhistoria noko nytt. Det er ein folktone. Men ikkje folktone aleine, eg høyrer også ein popmelankoli her. Eg høyrer melodilinjer som kjem smygande, har eit grasiøst vesen og blir verande. Sufjan Stevens kan dette med å få tonar til å funke saman på den medrivande måten. Vokalt nærmar han seg denne gongen tonane på eit stillferdig vis. Han nærast kviskresyng, og legg si eiga røyst oppå si eiga røyst. Synkront, semisynkront, usynkront, harmoniserande. Han skapar eit intimt tilhøve mellom røyst og song.

Av Sufjan Stevens sine tidlegare plater har Carrie & Lowell i sonisk samanheng mest til felles med Seven Swans. Plata frå 2004 der han gav til kjenne ei tiltru til kristendomen. Heilt utan bibelske hint er ikkje Carrie & Lowell heller. I låta Drawn to the Blood påkallar han "God of Elijah" og formidlar at bønene han har bedd alltid har handla om kjærleik. Sterkast inntrykk gjer imidlertid bildet han skaper i No Shade in the Shadow of the Cross. Ein fortvilingas song, som drar inn element frå både fablar og mytologi, men som samstundes gjer inntrykk av å vere blodig reell. Der den siste linja, konklusjonen, som er ganske så identisk med tittelen, "there's no shade in the shadow of the cross", brenn seg aller mest fast. Fordi den på eit tvitydig vis teiknar eit skinande klart bilde av å ikkje komme seg unna, av å måtte ta følgjene av dei val ein gjer, og at sjølv ikkje korset kan tre fram og hjelpe ein bort ifrå det.

Den kanskje mest sentrale, mest fascinerande, mest hjerteskjerande og alle sterkaste songen på plata er Fourth of July. Songen har lite med nasjonaldagen og ingenting med nasjonalkjensler å gjere. Den er ein dialog mellom mora og sonen. Ein tenkt samtale, mellom ei nyleg avliden mor og sonen. Sorg blandar seg med omsorg, mørke med lys, og kjærleik med bitterheit hos sonen. Mora prøver seg som trøystar, og som (forseinka) omsorgsutøvar:

Did you get enough love, my little dove
Why do you cry?
And I'm sorry I left, but it was for the best
Though it never felt right
My little Versailles.


Skjørt og bevegande, og ufattelig vakkert.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo