cover

Carry Me Back

Old Crow Medicine Show

CD (2012) - Ato

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Folk

Spor:
Carry Me Back
We Don't Grow Tobacco
Levi
Bootlegger's Boy
Ain't It Enough
Mississippi Saturday Night
Steppin' Out
Genevieve
Country Gal
Half Mile Down
Sewanee Mountain Catfight
Ways of Man

Referanser:
Bill Monroe
Doc Watson
Hank Williams jr.
Nitty Gritty Dirt Band
The Hackensaw Boys
Nickel Creek

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gammal medisin, frisk smak

Med tradisjonar på tanken, og gode melodiar i banken, treff dei nok ein gong planken.

Den amerikanske borgarkrigen gjekk føre seg på 1860-talet, og Watauga demninga vart bygd på 1940-talet, men Old Crow Medicine Show synst det er heilt greitt å synge om det i 2012. Dei syng også om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, låvedans, og anna rural moro og smerte. Dei er friskare og meir opplagte enn dei fleste som stemmer opp strengane sine der ute. Dei er slett ikkje irrelevante.

Med sitt sjette album sidan dei starta ut, like over på hi sida av tusenårsskiftet, viser Old Crow Medicine Showseg som dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei i grunn alltid har gjort. Heilt naturlig. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda.

Songane er deira eigne, men dei har alle sine slektningar langs ei historisk linje som kan strekkast tilbake til den tida då dei første europearane satt og song i dei amerikanske dalsidene. "Won't you carry me back? Carry me back to Virginia" vert det sunge. Innleiingsvis. Temaet er den før nemnte borgarkrigen. Sett gjennom sørstatsauger. Ketch Secor svingar fela, tonen er irsk, og tempoet nær på infernalsk. Om enn ein tanke meir regjerlig enn i trashgrass festskildringar som Mississippi Saturday Night og Sewanee Mountain Catfight. Og når vi først er inne på temaet fest, den mest attraktive festen trur eg må vere den som vert skildra i fornøyelige Country Gal. Her plukkar bandet tonar frå Hank Williams-katalogen, og skildrar ein låvefest der det meste tar fyr til slutt.

Og skal det bli skikkelig fest, i Knoxville eller der omkring, må det heimbrent på bordet. Då er det Bootlegger's Boy kjem på banen. Ein tapper og ettertrakta fyr, i songens første del, som etter at han har drept ein mann på brutalt vis "in a feud of whiskey" blir ein vondskapsfull og etterlyst fyr, i songens andre del. Ein song, som tilliks med fleire songar på plata søker å skape nyansar med enkle middel. Som til dømes den drivande fengande We Don't Grow Tobbaco. I første vers blir jobben framstilt som umenneskelig tøff: "we'd chop that wicked weed, till our hands and fingers bleed". I andre del, når produksjonen er lagt ned, og jobben ikkje lenger eksisterer blir det formulert ein lengsel mot den tida då tobakken vaks på åkeren, og dei hausta den, til hender og fingrar blødde.

Etter at plata blei spelt inn har songar og gitarist Willie Watson slutta i bandet. Han går no solovegen. Det var visst ikkje full semje om kor den felles vegen skulle gå. Utan at Carry Me Back ber noko som helst preg av det. Her blir det spelt i ein og same retning. Og sunge, med glød. Av Watson, og av Ketch Secor, som vel no har den mest framtredande rolla i bandet.

Secor som i si tid laga bandet sin største hit, Wagon Wheel, med utgangspunkt i eit halvferdig Dylanrefreng han kom over. Levi Barnard elska Wagon Wheel. Det var favorittlåta hans vart det fortalt på eit radioprogram for tre år sidan, som Secor tilfeldigvis satt og høyrte på. Levi Barnard, ein amerikansk soldat som nylig var blitt drept, av ei bombe i Bagdad. Secor skreiv låta Levi. Om ein landsens gut som "don't belong in the desert anyway". Meddelt i eit meir anstendig tempo enn dei ovannemnte låtane.

Endå nokre hakk roligare er Ain't It Enough. Ein sympatisk ballade som vel kan seiast å vere deira bidrag til kategorien "Peace, Love and Understanding": "Let the prison walls crumble, and the borders all tumble, there's a place for us all here, and ain't it enough". Ways of Man er inne på eit liknande spor. Ei vise det skin litt Waylon & Willie av, og som fremjar eit noko misantropisk syn: "The brotherly love is such a hard thing to get through our heads".

Men songane til Old Crow Medicine Show er ikkje vanskelige å ta til seg. Dei verkar å komme frå ein stad der det ekte overskotet har gode kår.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK-...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: