cover

Hello Starling

Josh Ritter

CD (2003) - Setanta / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk / Countryrock

Spor:
Bright Smile
Kathleen
You Don't Make It Easy Babe
Man Burning
Rainslicker
Wings
California
Snow is Gone
Bone of Song
Baby That's Not All
The Bad Actress

Referanser:
Nick Drake
Bob Dylan
John Prine
Townes Van Zandt
Bruce Springsteen
Leonard Cohen

Vis flere data

Se også:
Golden Age of Radio - Josh Ritter (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


'I'll be yours for a song'

Bill.mrk: ung mann med akustisk gitar, enkle songar og poetiske refleksjonar søkjer lyttarar for nytt album.

Det dukkar stadig vekk opp nye unge kvinner og menn med ein akustisk gitar i fanget og ein bunke sjølvlaga songar på hjertet, då helst av det melankolske slaget. Dette enkle og hevdvunne viset å uttrykke sine livserfaringar og dela ymse observasjonar med omverden på, kjem aldri til å forsvinne. Og takk for det. For blant desse trubadurane er det nemlig ein og annan som verkelig har ting på programmet som er verd å få med seg. Josh Ritter frå Idaho høyrer med blant desse.

Josh har kanskje ikkje skapt sin eigen 100% krystallklare signatur ennå. Til det er det i melodiføringa fortsatt litt for mange spor etter inspiratorane. Men det er ofte utsøkte tonar han har huka tak i, og han leverer dei med uanstrengt overbevisning. Derfor skal vi ikkje bekymre oss så veldig over denne problemstillinga. I staden skal vi glede oss over den unge mannen sitt elegante og lyriske samkvem med orda. Josh er nemlig kar for å skape levande bilder, lansere fiffige metaforer og fortelje truverdige historiar. Som når han skildrar den sjenerte og forelska ungguten i sangen Kathleen. Han som står ved utgangsdøra og observerer, tilber og drøymer. Drøymer om å bli "the one to drive you back home, Kathleen". Det er sårt, det er varmt, det er Hammond-orgel og det er flotte tonar.

Hello Starling er Josh Ritter sitt andre album. Og følgjer i mange av dei samme spora som den lovande debuten Golden Age of Radio (2002) også trakka rundt i. Det vil altså seie viser i ein tradisjon der countryfakter og snev av rocketakter også for være med på leiken. Den instrumentelle hjørnesteinen er Josh sin akustiske gitar. Nokon gonger får den være heilt aleine saman med gjerningsmannen og hans stemme, andre ganger deler den merksemda med litt fleire lydkjelder. Eg nemnte
Hammondorgelet lenger oppe, eit instrument som gjer seg gjeldande ved fleire høve her. Men aldri så dominerande som på den energiske og svakt Springsteen-kolorerte Man Burning. Ein sang om den upålitelig og heller sjølvdestruktiv skikkelsen som brenn lyset i begge endar. Og det er utan unntak mellommenneskelige relasjonar som er tema i Ritter sine tekstar. Nokon gonger lykkelige og håpefulle, andre ganger meir over på den fortvila og dunklare sida av tilværet. Til dei førstnemnte tilfella høyrer definitivt den drivande Snow Is Gone, låta der albumtittelen er henta frå; "Hello blackbird, hello starling, winter's over be my darling". Medan meir trøblete tilhøve blir eksponert i den dylanske You Don't Make It Easy Babe; "I'm your locked door's worst knocker, I'm your curtain's best friend".

Vemodig, men med forhåpningar, er den spartanske og Nick Drake-influerte Rainslicker. Medan Ritter driv omkring i Leonard Cohen strøk på utsøkte Wings. Ei låt om rastløyse, flukt og draumar, som ikkje heilt ukjente Joan Baez gjorde sin versjon av på fjorårets Dark Chords On a Big Guitar album.

Innspelingane vart for øvrig unnagjort i løpet av ein fjorten dagars tid i ein låve på den franske landsbygda. Og mykje av utstyret som er nytta tilhøyrde i si tid den ikkje ukjente soul-legenden Curtis Mayfield. Nå vil neppe den godaste Josh Ritter oppnå legendestatus med bakgrunn i desse innspelingane, men ein dag, kanskje...

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo