cover

The Graceful Ghost

Grey de Lisle

CD (2004) - Sugar Hill / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Americana / Country & western / Folk

Spor:
The Jewel of Abilene
Sweet Saviour's Arms
Sharecroppin' Man
Walking in a Line
The Maple Tree
Tell Me True
Turtle Dove
Black Haired Boy
Katy Allen
This White Circle On My Finger
Sawyer
Pretty Little Dreamer

Referanser:
Dolly Parton
Oh Susanna
Sally Timms
Gillian Welch
Iris DeMent
Lone Justice
June Carter Cash
Old 97's

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


The Jewel from San Diego

Ei countryplate med både ynde og tungsinn. Akustisk, vitalt og tett i tett med sterke låtar. Ta vel imot: Grey De Lisle.

Grey De Lisle er ikkje namnet på ei fransk-annektert øy i stillehavet, heller ikkje namnet på ein travhest eller for den saks skyld eit rockeband. Grey De Lisle er namnet på ei 30 årig flott dame frå San Diego. Ei dame som i desse dagar er plateaktuell med ein dose fortryllande countrymusikk.

Akkurat som den praktfulle Jolie Holland vender Grey De Lisle seg mot svunne tider i sitt musikalske søk etter livgjevande frukter. Men der Jolie plukkar opp idéar frå både blues, folk, country og jazz nøyer Grey seg for det meste med å pleie omgang med countrytonar. Noko ho til gjengjeld gjer på eit svært så utsøkt vis.

I lag med tre kumpanar installerte dama seg i si eiga stove med det for sikte å mane fram ein stemning av tida før elektrisiteten og eksosen for alvor begynt å infiltrere kvardagen vår. Dei tre er bassisten Sheldon Gomberg (Grant Lee Phillips, Ryan Adams, Warren Zevon), strengekunstnaren og produsenten Marvin Etzioni (som saman med Maria McKee var hjernen bak Lone Justice si debutplate, samt har ein håndfull soloplater bak seg), og det er gitaristen Murry Hammond (frå bandet Old 97's, og Grey De Lisle sin ektemann). Saman har denne kvartetten spelt inn eit knippe låtar (alle så nær som ein komponert av De Lisle) som både styrer tankane attende til ei tid ingen av oss har kjent og følt på, samstundes som dei maktar å skine i tidlaus prakt. Akustisk, sparsomt, dynamisk, ærlig og melodisterkt, det får være stikkorda for seansen. Ein seanse der dei fleste låtane blei innvilga plass hos det grasiøse spøkelset allereie etter første forsøk, og der dei små feila som dukkar opp representerer livet slik det er; -vi lyt leve med mistaka våre.

Egentlig vart eg fascinert av denne plata før eg hadde høyrt ein einaste tone. Innpakningen, eller coveret om ein vil, er nemlig av den særdeles smakfulle sorten. Framsida med Grey i duse svarte og brune fargar, og med augene skjult av to roser, peikar mot død og mørke stemningar. Baksida er forma som ein gammal teaterplakat, og resten av heftet med sangtekstar, bilder og opplysningar er i samme elegante og duse årgangsvin-tone. Og innpakninga lyg ikkje, The Graceful Ghost er ei reise i tid, der sakn, tilbeding, svik og død står sentralt. Men med lindrande og styrkjande effekt snarare enn deprimerande. Dermed kan vel, om enn under ein smule tvil, den nesten uleselige meldinga på baksida, "The Program is Morally Good", få mi støtte.

Det musikalske programmet Grey har sydd i hop treff direkte. Noko som sjølvsagt kan få ein til å sette spørsmålsteikn med soliditeten, for store ting skal jo liksom ha litt motstand i seg. Vel, etter X antall lyttingar må eg melde at det fortsatt ikkje har dukka fram mangelsjukdomar og utprega slappe melodiar. Åpningssporet The Jewel of Abilene kunne vore Dolly Parton i sin aller beste 70-tals form. Countrygospelen i Sweet Savior's Arms hentar nok sin inspirasjon frå Grey sin oppvekst, med ei mor som tok steget frå alkoholmisbruk til djup religiøsitet. Sharecroppin' Man er ein nydelig kjærleikshistorie i eit musikalsk snitt mang ein Johnny Cash-låt har funne seg til rette i. For øvrig ikkje det einaste kuttet som ber i seg arven etter den mannen, spesielt hvis vi og tenkjer på hans tilknytning mot The Carter Family. Derfor er det vel ganske passande at albumet er tileigna minnet etter den avdøde heidersmann og hans June. Sørgmodige Turtle Dove, som er ein av tre låtar der ektemannen Murray er med å syng på, har i tillegg ei helsing til A.P. (Carter Family-patriarken sjølv, reknar eg med).

Død og tungsinn så det held blir vi utsett for i klagande countryfolk affærer som Walking In a Line og Katy Allen. For ikkje å snakke om den ultimate fortvilelse som blir nøsta opp i den klassiske soldat-som-er-rapportert-død men–likevel-lever visa The Maple Tree. Einaste coverlåta her er den gamle skilsmisse-songen til Kitty Wells, This White Circle On My Finger. Der Grey De Lisle nesten overgår seg sjølv i å kunne levendegjera ting med enkel men effektfull sangteknikk (ein øvelse i korleis få fram nyansar med nesten kviskrande sang). Ei litt anna side av stemma får Grey brukt i Sawyer, ein blues om fattige arbeidsfolk der dama trør skikkelig til; "timber, timber, Devil in the pines, My savior awaits a little further down the line".

De Lisle har frå før bak seg to sjølvutgitte album, som verken underteikna eller særlig mange andre har høyrt eller sett noko særlig til. The Graceful Ghost er nemlig den første utgjevinga frå Grey sine hender som blir distribuert til våre trakter. Men er kvaliteten på denne representativ for kva ho har gjort tidlegare, bør nokon sørge for å få dei to andre albuma til landet også, og det litt fort. For i kategorien pur reinskåren countrymusikk er Grey De Lisle kanskje det aller beste som har funne vegen til mi stove, på denne sida av tusenårs skiftet.

I tillegg til CDen sine musikkspor får vi forresten også ein nesten 10 minuttar lang dokumentar frå innspelingane, til avspeling på datamaskina.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo