cover

Modern Vampires of the City

Vampire Weekend

CD (2013) - XL / Cosmos

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indierock / Elektronisk

Spor:
Obvious Bycycle
Unbelievers
Step
Diane Young
Don't Lie
Hannah Hunt
Everlasting Arms
Finger Back
Worship You
Ya Hey
Hudson
Young Lion

Referanser:
Paul Simon
Wilco
Animal Collective
The Shins
OutKast

Vis flere data

Se også:
Contra - Vampire Weekend (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eksentrisk og fengande

Trilogien er fullbrakt, noko ettertenksamt har grepe fatt i dei, men poptonen er frisk og freidig.

Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. "There's a lifetime right in front of you". Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.

Det er gått nokre år sidan no at denne kvartetten frå New York kom seglande inn på ei viltert sjarmerande bølgje av indiepop og afrobeat, og song om vektige saker som A-Punk og Oxford Comma. Dei slo ikkje kontra då dei to år seinare kom med oppfølgjaren, men dei kalla den Contra, og var eit lite hakk mindre sjarmerande. Atter tre år seinare er ungdomstida i ferd med å gli over i ei anna tid, og dei viser fram eit meir reflektert sinnelag, og eit for så vidt meir vemodig eit også. Heilt utan å temje gnisten i den ustyrtelige poptonen.

Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Og legg då merke til at eg skriv etter det andre. For det er i stor grad slik det er. Det blir ikkje pøst på med veldig mykje samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove. Eit groove, som enten det rasar eller luntar, hakkar eller heng, er reint eller skittent, blir halde vel i hevd av radarparet Chris Baio og Chris Thomson.

Vampire Weekend plukkar inspirert frå pophistoria, både i heimland, utland, og nabolag. Ei linje her, eit sound der. Ein vri her, ei formulering der. Til slutt, når eg skal sette to strekar under låta for å synleggjere kor den verkelig høyrer heime, så er eg likevel aldri i tvil om at den høyrer til hos Vampire Weekend. Den høyrer for eksempel ikkje til hos Paul Simon anno Graceland, eller hos Wilco anno Yankee Hotel Foxtrot, og heller ikkje hos Outkast anno The Love Below. Men kvartetten ser mot Afrika med eit blikk som liknar på Simon sitt, dei kan ha ein hang til å vere litt sonisk freidige mot smarte poplinjer, som Wilco, og dei lar seg av og til lure inn i hip-hop kvartalet.

Hey Ya song Outkast. Vampire Weekend gjer det heilt motsatte, dei syng Ya Hey. Og det er inga dame dei prøver å sjekke opp, dei prøver seg på Gud. Ikkje for å få han ut på dansegolvet eller til sengs, eller noko slikt. Dei har noko dei vil seie han. "Oh, good God, the faithless they don't love you, the zealous hearts don't love you, and that's not gonna change". For du såg kva du dreiv på med Gud, du såg alt du gjorde feil, hevdar songaren, men du let det skje likevel. Mot slutten av låta, i eit rimelig surrealistisk augeblikk, ser så songaren denne gudeskikkelsen for seg som ein diskjockey som iherdig står og snurrar (Desmond Dekkers) Israelites om til 19th Nervous Breakdown (Rolling Stones). Det er ikkje til å tru.

Ein skulle nesten tru dei var ateistar. Heftige Unbelievers konsoliderar for så vidt det inntrykket. Der den fremjar ein lengt etter litt varme i denne kalde kalde verda, og nyttar høvet til å minne om den fryktelige varmen som ventar alle vantru og syndarar. Og som om ikkje det er nok: "Girl you and I will die unbelievers bound to the tracks of the train". Ja slik går refrenget her, og tonen er ufattelig frisk.

Den er ikkje mindre frisk tonen som kler Diane Young. Den har hyperaktiv 50-tals rock'n roll i seg. Sparkar tøffare enn dei fleste, trør til med ei lita stemmeforvrengingsøving, og er på generell kurs mot undergangen. Tittelen kan godt vere eit lite ordspel på dying young. Eit tema som også dukkar opp i den lett gromsete og roligare disponerte Don't Lie, gjennom fylgjande sentrale spørsmål: "Gods' loves die young, is he ready to go?".

Noko seier meg at svaret er nei. Noko seier meg at det er høgverdige tankar ute og går her om at det kan ha ein viss verdi å vekse til å bli eldre. "I feel it in my bones" synge Koenig, "I'm stronger now, I'm ready for the house, such a modest mouse". Det høyrest ut som orda til ein mann med tankar om å gå inn i ei meir konvensjonell livsform, eit parforhold. Det er i Step desse betraktningane dukkar opp. Hengslete, raft gyngande, hiphopsmitta, medrivande Step. Der fortida og framtida blir lagt på vektskåla, og songaren drar fram linjer verdt å grunne litt over. Som til dømes "wisdom's a gift but you trade it for youth, age is an honor - it's still not the truth".

Kva som måtte vere sanninga er det lite som tyder på at Vampire Weekend er overvettes opptatt av. Dei er vel heller av desse som rakrygga syng "I'm never gonna understand, never understand", eller legg armen kring Hannah Hunt og med vemod i blikket slår fast at "you and me, we've got our own sense of time".

Dei er i grunn ganske så likandes slike.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo