cover

L'Aventura

Britta Phillips & Dean Wareham

CD (2004) - Jetset / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Drømmepop

Spor:
Night Nurse
Ginger Snaps
I Deserve It
Out Walking
Moonshot
Hear The Wind Blow
Your Baby
Threw It Away
Knives From Bavaria
Random Rules
Indian Summer

Referanser:
Lee Hazlewood
Nancy Sinatra
Silver Jews
Mazzy Star
Luna

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Svale tonar

Luna frontmannen i tospann med sin bassist serverer svale tonar. Fint, men kanskje ikkje så mykje meir.

Det går absolutt an å seie fine ting om Britta Phillips og Dean Wareham si første plate som duo. Men å flytte det meste her opp på Lee Hazlewood og Nancy Sinatra nivå, slik eg ser presseskrivet prøver seg på, blir kanskje litt vel drøyt. Det blir også litt feil i forhold til at det kun er dei to første spora som er regelrette sang-duettar. På resten av plata byttar Dean og Britta på rolla som berande vokalist, medan den andre trekker seg i bakgrunnen og hjelper til med litt "anonym" kor-innsats. Duett-sang av den fine sorten får vi imidlertid oppleve når åpningsporet Night Nurse presenterar seg i strykarsterk og lysten Some Velvet Morning-liknande drakt (jadå, Lee og Nancy koblinga er ikkje heilt fjern akkurat her). Det neste sporet, den maskintromme-drevne poplåta Ginger Snaps, kan og vise til driftig duettering. Men når Dean overtar mikrofonen åleine i ei lett smygande utgåve av Madonna-låta I Deserve It (frå Music), er han atskilleg nærmare sitt gamle Luna enn vokal-duettantar frå 60-talet.

Luna-frontmannen og hans syngande bassist Britta Phillips har altså latt band være band for ei stund og laga ei lita, og slett ikkje heilt ueffen, duo-plate. Ei plate der drøyt halvparten av låtane er cover-versjonar. I tillegg til nevnte Madonna-tilfelle, prøver dei seg på både The Doors sin Indian Summer (litt slapp utgåve), Silver Jews-låta Random Rules (i nøktern framstilling), ein gammal Buffy Sainte Marie-sang kalla Moonshot (melodifin folkrock) og Mazzy Star-forgjengarane Opal sin Hear the Wind Blow (fin nok, men manglar litt av originalen sin intensitet). Den heftigaste av coverlåtane er Threw It Away, ein sang henta frå repertoaret til ei for meg ukjent dame med navn Angel Corpus Christi. I Dean sine hender blir den ein straight men avgjort sympatisk gitarbasert poprock-sak. Litt Television (sånn à la Adventure) og litt Lloyd Cole (sånn à la Rattlesnakes).

Når vi først er så godt i gang med å ramse opp låtane, kan vi jo like godt nevne dei tre siste, og Britta Phillips sungne. Out Walking og Your Baby er habile seint på kvelden slørete greier som Britta sjølv har komponert. Endå djupare inni slike stemningar er Dean Wareham skrevne Knives From Barbaria der Britta kviskre-syng i sensuelle vendingar, rundt eit pågåande la-la-la refreng. Alle tre er for øvrig forsynt med stilfulle vibrafoninnslag av ein Sean McCaul.

Sjølv om L'Avventura har sin håndfull med spor det er problemfritt å utrope som fine stunder, tenderer den og opp mot det meir animerte andre stader. Den modererte framstillingen og det tildels monomane lydbildet skapar ikkje hjertebank av det hastige slaget, akkurat. Men det finst jo absolutt tidspunkt der slik tone-framferd har sin misjon også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo