cover

Ting

Seth Kaufmann

CD (2006) - Hightone / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Blues / Funk / Soul / Reggae / World / Jazz / Pop / Folk

Spor:
Get Your Love Stole
Black Biscuit
Meadowlark
Jug Hustler Blues
Cold Out Here
Somente Seja De
I'm a Martyr
Reddingsbaddjie
Burden to My King
Biarritz Blues
Detroit Sunrise

Referanser:
Beck
Captain Beefheart
G. Love & Special Sauce
Tom Waits
R.L. Burnside

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ting og tang, blues og funk

Ein ung sjangerhoppar med mykje blues i kroppen og eit uttal instrument mellom henda.

Ting er slett ikkje det same overalt. Seier ein fram ordet "ting" på ein restaurant i Kingston, Jamaica er sjansen rimelig stor for at ein vil få servert ei grøn flaske med forfriskande grapefrukt-soda inni. Det er ei slik flaske som er avbilda på debutplata til Seth Kauffman frå North-Carolina. Så då er det vel heilt greitt at plata hans heiter Ting då? Det kunne forresten vore greitt om det var den skandinaviske meininga av ordet som låg til grunn også. Den unge mannen har nemlig diverse ting og tang føre seg på dette sitt debutalbum. Han har gjort alt sjølv. Han har skrive låtane, produsert, og han syng og spelar på sånn cirka 20 forskjellige instrument.

Eg veit ikkje heilt kva som skal til før det kjente lo-fi omgrepet vippar over og blir til no-fi i staden, men eg har ei sterk kjensle av at opplegget til Seth Kauffman er nære, veldig nære. Dei viktigaste lyd-komponentane er den elektriske gitaren og eit rikhaldig forråd av utemma rytmiske tingestar. Sånn elles dukkar det opp både orgeldriv, bassbrunst og kjenslevare fiolintonar. Noko som har verre for å dukke opp til overflata er røysta til den godaste Kauffman. Den tar vegen gjennom diverse filter og obskure kanalar før den i sterkt redusert og høgst uklar form når lyttaren sine øyregangar.

Uryddig, humpete, snodig, utydelige og halvferdig, er fem ord eg har notert meg. "Lo-fi North Carolina funk" og "early Wailers meets Motown meets Beck in the Delta" blir det nokså friskt hevda frå presseskriv-ansvarleg hald. Ingenting er vel heilt på jorde, men ingenting er vel heilt spot on heller. Først og fremst er det mykje blues som står på programmet her. Blues frå ein trong og rotete kjellar. Ein stad der det definitivt går an å snuble, men som også kan inspirere til intim og ledug musisering.

Kauffman dreg i gang høgdepunktet med det same. Med fyrige bluesriff og soulnære tonar slår Get Your Love Stole seg fram i overtydande former. Seinare gjer den litt meir dunkle blueslåta Burden to My King og Diddley-drivande Jug Hustler Blues dugande forsøk på å matche den. Han lurer seg også ut av bluesformene til tider. Då kan resultatet bli ei 30-tals standardlåt-skisse som Meadowlark, eit skakt harmonisert soulballade forsøk som I'm a Martyr eller ein primitiv afrikansk-inspirert sak som Black Biscuit.

Han vil mykje, vågar ein god del, og kjem i mål med doggete solbriller og hol på knea. På den diskré premien han puttar i baklomma står det inngravert med skeive bokstavar; eit førebels noko uforløyst talent.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo