cover

Tokyo

Guitar

CD (2006) - Onitor / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Instrumental / New Age / World

Spor:
Sunday Afternoon At Tamagawa River
Naoki
Red & White
Tokyo Memory
Ayako
Wash Me Away
Akiko
Sakura Coming
Maki

Referanser:
Vangelis
Mike Oldfield
Japan

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Elva og keisemda

Ein tyskar i Japan finn ei elv - men ikkje så veldig mykje meir.

Eg har aldri vore i Tokyo. Derfor har eg heller aldri vore ved Tamagawa River sine breidder ein søndag ettermiddag. Men eg trur det kan vere vakkert der. Det trur eg fordi Michael Lückner (som er mannen bak Guitar) i det sju minuttar lange opningskuttet Sunday Afternoon At Tamagawa River med friske tonar og klare fargar malar eit idyllisk sonisk bilete. Her ser ein for seg klart vatn i ein sakte vennlig straum mot havet, mektige liljeblad og blomstrande små buskar. Ein oase i utkanten av storbyen. Til å male dette biletet nyttar Lückner først og fremst gitaren. Ein japansk variant. Gradvis bygger han så inn elektroniske lydar, loops og rytmikk, og stemninga blir skapt.

Dette er underteikna sitt aller første møte med tyske Michael Lückner sitt musikalske univers. Han har fleire prosjekt gåande. Digital jockey, Computerjockeys, Music For Moving Pictures og Guitar. Tokyo er hans tredje album under sistnemnte signatur. Det første, kalla Sunkissed, var etter seiande ein tributt til My Bloody Valentine sin Loveless. Den andre, Honeysky, vart berre utgitt i Japan. Eit land som de sikkert har skjøna spelar hovudrolla også denne gongen.

Eg kan vel like godt innrømme først som sist at eg er ein novise når det kjem til dei musikalske uttrykksformene i Japan. Har snappa opp lyden av eit Yellow Magic Orchestra og eit Shonen Knife, men ikkje så veldig mykje meir. Viss vi ikkje då skal rekne med David Sylvian sitt Japan, som med fine plater som Tin Drum og Gentlemen Take Polaroids henta tonar frå soloppgangens rike inn i New Wave tidsalderen. Sidan Lückner jo også kjem til tonane utanfrå er kanskje sistnemnte ikkje ein heilt håplaus referanse. Er likevel redd for at om tjue år har Tokyo samla langt meir støv enn Tin Drum.

For etter at Tamagawa River har glidd forbi blir det meir stillstand i opplegget. Det blir helst lite verksame variasjonar over liknande tema. Naoki, Ayako, Akiko, dei var der, eg høyrde dei, men dei var vanskelig å finne den store hugen for. Det skjer så lite. Lückner finn nokre yndige tonar, dvelar ved dei, repeterer dei, men gjer dei ikkje temperatur og dynamisk progresjon. Det blir New Age-fakter og anonymitet, eg døser av.

På tre spor har han med seg Ayako Akashiba. Ho syng. Med engleaktig røyst gjer ho Tokyo Memory litt meir minneverdig enn sine omkringliggande tonar. På Wash Me Away skurrar det meir bak røysta hennar, og med Sakura Coming er shoegaze-faktoren på plass, og Ayako si røyst blir gøymt bak ein vegg av lyd. Det er ikkje Loveless-magi, men for så vidt dugande.

Opplegget legg seg så til ro med Maki. Med eit slags nennsamt groovy bluesmønster ytrar denne eit strøk av pasjon som ein har sakna etter den velduftande innleiinga.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo