cover

It's Blitz

Yeah Yeah Yeahs

CD (2009) - Polydor / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Synth / Funk / Disco

Spor:
Zero
Heads Will Roll
Soft Shock
Skeletons
Dull Life
Shame and Fortune
Runaway
Dragon Queen
Hysteric
Little Shadow

Referanser:
Elastica
Kasabian
Klaxons
Datarock
120 Days
The Knife
TV on the Radio

Vis flere data

Se også:
Yeah Yeah Yeahs EP - Yeah Yeah Yeahs (2002)
Fever to Tell - Yeah Yeah Yeahs (2003)
Fever to Tell - Yeah Yeah Yeahs (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Yeah yeah tja

Lyden er blitt større, og meir synthetisk. Låtane er blitt mattare og spakare. Med nokre funky unntak.

Den nye plata til New York-trioen Yeah Yeah Yeahs er spelt inn i rurale område av Texas, blant nøttetrær og kaktusar. Utan at eg av den grunn har oppdaga det minste spor av Texas i tonane som fløymer ut av plata. Ordet fløymer derimot har aldri passa betre i skildringa av ei Yeah Yeah Yeahs-plate (strengt tatt har det vel aldri vore i nærleiken av å passe tidlegare).

Den første gong dei gav seg til kjenne gjorde dei det med rå, inntil beinet ribba New York-punka garasjerock. På ein femspors EP sjølvlysande av cool og sexy gate-attityde. At ei tilsynelatande avkledd Karen O var avbilda på coveret var i så måte rimelig illustrerande. I løpet av dei sju åra som er godt sidan den gong har dei kledd meir og meir på seg for kvar utgjeving. Til dei no står her i den glitrande funky frakken og bukser med sølvstøv i saumane.

Det var ein gitar, eit trommesett og ei stemme. Og det var det heile. No er det meir. På It's Blitz kan ein høyre ein, tidvis glinsande, tidvis svellande, tidvis larmande, myriade av keyboards-trakterte og synthetiske bølgjer, og det er trompet og det er saksofon. Det er lyd, lyd, lyd. Ganske mange kvadratmeter unna den primale som var der først. Men på sitt beste kan eg høyre at dei enno har stinget. Absolutt. Berre synd at det beste er i slikt eit sørgjelig mindretal.

Det beste er det innleiande stjernesporet Zero. Eit hypereggande elektropop-nummer, der gitaren, keyboardet (ja aller mest keyboardet) og basunane renn ihop oppå eit tett rytmedriv. Og rock'n roll-posør per excellence Karen O insisterar at det er tid for å "get your leather, leather, leather on, on, on, on" (kanskje fordi det er tøffare å seie enn å beordre your trousers, trousers, trousers off, off, off, off).

Det beste er også Dull Life. Ein gitarfronta garasjerockar, med funk i kneledda og kompleksitet i ryggraden. Og sentralt plassert, mantraet "we sing the nightmare of the lies that you speak".

Det var det beste.

Det nest beste er av typen habilt. Det nest beste er balladen Hysteric. Ein atmosfærisk sak med eit visst sting, og melodisk kapital; "flow sweetly, hang heavy". Det er discobeatrock-nummeret Heads Will Roll, med si freidige oppfordring til å "dance, dance, 'til you dead". Og det er det sleazy funknummeret Dragon Queen, med nyttig vokalhjelp frå Tunde Adebimpe (TV on the Radio).

David Andrew Sitek frå same TV on the Radio har forresten deltatt på produksjonssida, i samarbeid med veteranen Nick Launay (Public Image Limited, Midnight Oil, Nick Cave). Det er ein luksuriøs og bastant produksjon. Ikkje noko vindskeivt her nei, eller opningar for stikk og slag nedanfrå.

Der ting ikkje fungerar skal nok produksjonen ta sitt ansvar, men mest ansvar ligg nok i låtanes ibuande manglar. Eller for å seie det slik: På sitt verste svevar bandet inn i anonymitetens helheim på ei sky av døsande synthetisk lyd. Der fleirtalet av låtane høyrer til under ein særdeles melodimatt balladepop-paraply. På Skeleton prøver dei rett nok å vekke ein til liv med å la keyboardet få ei sekkepipe-rolle. Utan at eg finn det særlig formildande.

Etter underteikna si meining er bandet sine beste utgjevingar så langt to EPar. Den førnemnte sjølvtitulerte debuten, fylgt av Is Is frå 2007. Hadde It's Blitz vore ein femspors EP (med riktig låtutval) hadde den plassert seg like i hælane på desse. Slik det er blir det i staden eit veldig ujamnt, og slett ikkje fullt ut tilfredsstillande album.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo