cover

Grinderman

Grinderman

CD (2007) - Mute / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Blues / Garasjerock

Spor:
Get It On
No Pussy Blues
Electric Alice
Grinderman
Depth Charge Ethel
Go Tell the Women
(I Don't Need You to) Set Me Free
Honey Bee (Let's Fly to Mars)
Man in the Moon
When My Love Come Down
Love Bomb

Referanser:
The Birthday Party
Nick Cave and the Bad Seeds
Iggy & The Stooges
The Cramps

Vis flere data

Se også:
Grinderman 2 - Grinderman (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ikkje grindagutar akkurat

Med hår i fjeset, lyst i blikket, og synd i tankane.

"I've gotta get up to get down and start all over again,
Head on down to the basement, and you shout;
Kick those white mice and black dogs out,
Kick those white mice and baboons out,
Kick those baboons and other motherfuckers out,
and
Get it on"

Nick Cave har barbert Bad Seeds, men har enda opp med eit vesen som er skikkelig hårete. Grinderman er berre han og tre til, fiolin og strengetuktar av rang Warren Ellis, bassist Martyn P Casey og trommis Jim Sclavunos. Han har tatt dei med seg ned i kjellaren, der kan det godt vere dei har sparka etter irriterande beist, men først og fremst har dei spelt gamle bluesplater. John Lee Hooker, Howlin' Wolf, Willie Dixon, Memphis Slim. Ut att kjem dei i ei infernalsk sinnsstemning, med lyst i blikket og synd i tankane. Dei har tatt Grinderman-frakken på, og ser sitt snitt til å slå eit slag for mannen sine meir basale behov.

Det var dei same tre han i 2004 tok med seg til Paris for å gjere forarbeidet til det som skulle bli ein av Cave sine sterkaste plater, Abattoir Blues/The Lyre of Orpheus. Denne gongen har dei fullført sakene utan å blanda inn fleire. Grunnmønsteret er enkelt. Skrikande blues, ramlande rock, og innimellom eit og anna som tar det litt meir med ro.

Med bakgrunn i støynivået til Grinderman er det sjølvsagt freistande å trekke trådande tilbake til 80-talet og Cave sine første plater med Bad Seeds, eller kanskje til og med tilbake til pre-Bad Seeds akter som Boys Next Door og Birthday Party. Men Grinderman er ikkje heilt det same. Den gongen var det ein ung mann sine febertokter, deleriske formidlingsbehov og grenselause uro som var drivkrafta. Han dunka skallen i asfalten fordi den var der, han hadde hovudet fullt av idear og ein ubendig trong til kaste dei fram, og han skaut med hutrande hjerte og eit opprørt sinn når noko rørte seg. No når han er blitt ein middelaldrande mann gjer han det litt annleis. Han har sett meir, erfart meir, tenkt meir og han har utvikla ein trong til å ha litt meir orden i sakene, til å vere meir presis. Så når han møter opp på arenaen i desse dagar tar han seg tid til å sikte. Med stødig puls treff han også. Det er berre det at han, akkurat som dei fleste av oss surt har erfart mang ein gong, har sikta seg inn på feil blink.

No Pussy Blues er glansnummeret her. Han kjenner til triksa, og han gjennomfører dei, alle. Han ber henne ut, han skiftar sengjetøy, han kjemmer håret, han tar oppvasken, han kallar henne med kjærlige namn, han prøver med all slags blomar, han les poesi for henne, og han syng for henne, men ingenting nyttar. Til slutt heller han i seg ein liter med konjakk, men får berre hånleg latter tilbake. Så i eit torever av lausslopne strenger og elektrisk gnissel konkluderer han fatalistisk; "i got the no pussy blues".

Go Tell the Women er nesten like bra. Det soniske har ei meir tilbakelent form, nonchalant form, arrogant form, med gjentakande klunkande gitartonar som bindingsmiddel. Ein macho vitskapsmann og hans medsamansvorne har gått seg fast, og er i ferd med å gje opp og forlate bygningen:

"We are scientists, we do genetics,
We leave religion to the psychos and fanatics,
We are tired, we have nothing to believe in
We are lost
...
Go tell the women that we're leaving"

Nick Cave tar seg av gitarspelet (for første gong?), og det overraskar sikkert ingen at han har lært meir av Blixa Bargeld enn Eric Clapton. Det er enkelt og ukultivert, men presist plassert. Noko som i grunn karakteriserer heile albumet sitt soniske vesen. Støybyene er ein del av noko som verkar å vere ein gjennomtenkt dynamikk. Kanskje kan ein seie at dette tar litt av den frigjorte gnisten vekk, men eg synst ikkje vi skal kimse av ein 50-åring og hans appetitt på å støye på ein 50-årings kontrollerte vis. Og påtatt opplever eg det i alle fall ikkje. For det er vel inga lov som seier at ein skal trø forsiktigare på fuzzpedalen, eller ikkje skal kunne skru temperaturen på brestepunktet, etter at hårfeste har byrja å svikte?

Derfor er eg med på notane når Cave dreg sine tre våpendragarar med på eit Cramps-tokt kalla Honey Bee (Let's Fly to Mars). Eller når skrikande strenger akkompagnerer han medan han gjer eit forsøk på å ta vare på forstanden i Love Bomb. Men eg synst også det er heilt greitt når dei fire dempar lyden til det knapt høyrande i Man In the Moon, og Cave går inn i rolla til ein som har sakna ein far heile sitt liv.

Grinderman er ikkje det aller mest skarpskorne Cave har hatt føre seg, men plata har nok uvær i seg til at den nok ikkje legg seg til ro med det første.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo