cover

Key

Son, Ambulance

CD (2004) - Saddle Creek / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indiepop / Poprock / Emo

Spor:
Entropy
Paper Snowflakes
Billy Budd
Chlorophyll
Sex in C Minor
C Minor Interlude
House Guest
Taxi Cab Driver
Case of You/Wrinkle, Wrinkle
Glitter Angel
If I Should Fall Asleep
Pleasure, Now

Referanser:
Ben Folds Five
Bright Eyes
Coldplay
Elvis Costello
Radiohead
The Thrills
Grand Drive
Mansun

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ambulansen spor for spor

Småintrikate popmelodiar og eit leikande piano. Son, Ambulance leverer eit solid album, dog utan den heilt store originaliteten.

Son, Ambulance er eit ganske så triveleg orkester med heimebane i Omaha, Nebraska. Om nokon umiddelbart antek at dette er eit nytt prosjekt av Omahas gullgut Conor Oberst (i eit ambisiøst forsøk på hattrick i plateutgjevelsar i løpet av kort tid), må dette avkreftast, sjølv om linken til obersten er relevant både musikalsk og geografisk. Unge Joe Knapp, låtskrivar, gitarist og vokalist i Son, Ambulance, var nemleg hybelkompis med Conor Oberst på slutten av 90-tallet. Som eit utslag av venskap og felles musikalsk beundring for den andre part, gav dei til og med ut ein split-cd i 2001 (Oh, Holy Fools). Som om ikkje det var nok, fungerte Knapp også som ambulerande trommis på verdsturnéen med Bright Eyes i denne perioda.

Dette nære sosiale sambandet mellom dei to artistane har ikkje nødvendigvis hatt ein positiv effekt for Son, Ambulance, då fleire musikkritikarar på denne bakgrunn har omtalt bandet som ei småkjedeleg, uoriginal og ufullstendig "light"-utgåve av nettopp Bright Eyes. Samanlikninga kan nok ha noko for seg, men på Key presenterar Son, Ambulance seg likevel som langt meir enn ein bleik kopi av sistnevnte. Her føretrekkast då som regel solrike dagar framfor mørketid og depresjon. Misforstå meg ikkje, særleg grensesprengande musikk blir det aldri (her kan vi telle potensielle inspirasjonskjelder på løpande bånd), men sidan eg er ein sucker for up-tempo pianorock og relativt enkle og koselege harmoniar, fører dette sjeldan til intens kløe.

Åpningsporet Entropy er riktig nok ikkje tonesett, men er lyden av ein ung pjokk som nervøst og stakato legg igjen ein gratulasjon på telefonsvararen til pappa i anledning farsdag. Paper Snowflakes er ein catchy sak som baserast på eit delikat pianoriff og aktive trommeganger og har meir til felles med britpop av god gammal 96-årgang (Shed Seven, Longpigs, Mansun), enn moderne angstpop. Definitivt ei god opning. Når Billy Budd byggjer seg langsamt opp med trekkspel (utført av Tim Kasher frå Cursive og The Good Life), trommevisping og spansk gitar, glir assosiasjonane hen til både Neutral Milk Hotel og tidleg Calexico, medan både Chlorophyll og sju minutt lange Sex in C Minor kan plasserast i eit noko meir anonymt og mindre eksperimentelt Radiohead-landskap. Sex-låta avsluttar derimot på aller beste vis i ein kakafoni av støy dreven av det aktive pianoet, den hardtslåande trommeslagaren (Corey Broman) og fyrrige elektroniske bakgrunnslydar.

Stemmeprakta til Joe Knapp vil sannsynleg ikkje få deg til å krype til bakken medan du taktfast løftar hendene i messiasverdig beundring. Vokalen blir ofte litt for skral og monoton til å kunne utmerke seg i det øvste toppskjiktet. Men vektlegg du derimot sjarm og innlevelse framfor det teknisk perfekte vokaluttrykket blir dette aldri eit "issue". Det reint instrumentale uttrykket er rikt og variert, og fungerar som regel bra både som bakteppe og i forgrunnen.

Sidan eg har gjort eit poeng av å formidle albumet i kronologisk rekkefølgje, er det vel berre å kjøyre på med same framgongsmåte. Under knapt nok nevneverdige C Minor Interlude (med vokalbidrag frå Omaha-kunstnaren Jenna Morrison), sveiper vi innom litt unødvendig sofistikert easy listening som overhodet ikkje fungerar. Då er det meir pondus i fargerike House Guest, som opnar med digitale trommer, velklingande plukkegitarer og ein absolutt nynnbar melodi. Den endar som eit halvkomplisert arrangement av strykarar, perkusjon og synth-støy (bak tangentane finn vi forresten Daniel Knapp - muligens bror eller slektning av Joe?)

Det einaste heilhjerta forsøket på humørfullt rock'n'roll har vi på studio-jam'en Taxi Cab Driver, der ein humpande melodi blir innpakka av eit like humpande piano, ein vokal på bristepunktet til å sprekke og ein sliten saksofon. Med ballada Case of You/Wrinkle, Wrinkle er vi derimot tilbake i meir melankolske atmosfærer - utan at det byr meg særleg imot. Melodien legg seg pent til rette som ein link mellom Grand Drive, The Thrills og Ben Folds Five. Sjangerskifte får vi vidare på Glitter Angel, der ei mild 70-talls stemning etablerar seg. Låta blir utforma av korte og rytmiske beats i bakgrunnen, psykedelisk syntheziser, snøvlete vokal og ein meget pompøs gitaravslutning.

Det nærmar seg natt og If I Should Fall Asleep tek til med sørgmodige fiolintonar og avsluttar som ei alkoholisert pianohymne på puben etter stengetid - dog ikkje like engasjerande som Shane MacGowan har formidla det på sitt beste. Når så dei kvite og svarte tangentane trillar hektisk avgårde på det U2-aktige sistesporet Pleasure, Now, er vi likevel tilfredse med å ende på ein "happy note", eller som Knapp gjev uttrykk for; "All my life, I've dreamt about a perfect beauty, It's all come true in your movements". Desto hyggelegare for oss alle.

Son, Ambulance vil muligens forbli ein musikalsk kuriositet for mange, men Key har i det minste falt godt i smak hos underteikna og fortjenar av den grunn fire sterke g'ar på poengskalaen.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Fire! - You Liked Me Five Minutes Ago

(Rune Grammofon)

Debutplate, helt fersk svensk trio, men på ingen måte ubeskrevne førstereisgutter.

Flere:

The International Tussler Society - Motorpsycho Presents the International Tussler Society
The Fall - Reformation Post TLC