cover

Best of Gloucester County

Danielson Famile

CD (2011) - Fire / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Psykedelia / Avantgarde / Eksperimentell / Indierock / Poprock / Kristenrock

Spor:
Complimentary Dismemberment Insurance
This Day Is a Loaf
Grow Up
Lil Norge
But I Don't Wanna Sing About Guitars
People's Partay
Olympic Portions
You Sleep Good Now
Hovering Above That Hill
Denominator Bluise
Hosanna In the Forest

Referanser:
Syd Barrett
Daniel Johnston
The Kinks
Captain Beefheart and His Magic Band
Sufjan Stevens
Half-Handed Cloud
Ween
Deerhoof

Vis flere data

Se også:
Fetch the Compass Kids - Danielson Famile (2001)
Ships - Danielson Famile (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Pop og ånd

Ein sympatisk, men noko ujamn, dose med skakk og uflidd popmusikk.

Det skulle ta si tid denne gongen, men til slutt samla Daniel Christopher Smith troppene og fekk spelt inn ei ny plate. Under diverse Danielson-namn har han gjort slikt sidan midten av nittitalet. Samla troppene og laga popmusikk som ikkje heilt høyrest ut som normal popmusikk.

For fem år sidan presenterte han albumet som mange rekna som hans største stund, Ships. Det er eit album der han tok nokre skritt i retning av eit meir konvensjonelt popmønster, samstundes som det var Danielson-rart og underlig nok. Kva han har gjort desse åra som har gått sidan den gongen veit eg ingenting om, men årets Best Of Gloucester County (hans åttande plate) fylgjer i hovudtrekk leia han staka ut på Ships. Med eit litt mindre tilfredsstillande sluttresultat.

Best Of Gloucester County, Noko Ujamn kunne også vore ditt namn. På ditt beste byr du på ein treffsikker popsnert, gode psykedeliske overskotsfintar og funksjonelt spetakkel. Andre stader opplever eg at du glir noko utav fokus, har eit ufullendt skissepreg, eller kler deg i grå og tamme melodiske former.

Best Of Gloucester County, den sprett litt hit, og sprett litt dit. Den er sjarmerande, den er irriterande. Den er popgod, den er halvgod. Den er meir formlaus enn formfullendt, den er meir laus enn den er fast, og den er absolutt meir sprudlande enn den er alvorlig. Den gjer unna sin aller beste låt først.

Complimentary Dismemberment Insurance har Smith fantastisk nok funne på å kalla opningssporet. "Open up the Book of Daniel" oppfordrar han til, og ein fengande poprøvar som talar om draumars kraft, og om familiært ansvar kontra det å sveve rundt i dei ansvarsfrie og tilsynelatande mindre krevjande sfærar manifesterer seg. "Open up the Book of Daniel" oppfordrar han til, og ynskjer kanskje rette merksemda mot ei bok i Bibelen? Den om profeten Daniel som tydde kongens draumar, las skrifta på veggen, og hamna i løvehola, men stengte løvegapet.

Som den gode kristne han er har Smith med seg Bibelen inn i popmusikken sin. Ikkje som eit forkynnande element, men for å vise at den er ein del av han. Akkurat som kjærleiken, døden, Captain Beefheart, The Kinks, Syd Barrett, eksentrisiteten, humøret og rastløysa er ein del av livet hans. Og kanskje Norge? Han er i alle fall gift med ei norsk dame. Emil Nikolaisen har spelt med han fleire gonger, og gjer det på denne plata også. Og så har han laga ei låt kalla Lil Norge. Ei låt han syng saman med fru Elin Smith og svenske Jens Lekman. Ei festlig og sympatisk lita popsak med fin sprett og fleire blåsarar. Eit tenkt møte mellom to gamle venner som kanskje ikkje heilt har vore på talefot i det siste. To land? "Can we be friends again, my dear", syng svensken, for så å legge til "bring all that oil money here". Det heile endar med ei forsonande oppfordring om å rive ned nokre gjerder.

I sitt mest skrikande hjørne er Smith i bluespopavantgardenummeret Grow Up. Meir blues slik Smith ser det, og gjer det, kjem i Denominator Bluise. I snikande selskap med ein smålumsk gitar og nokre bibelsitat. Og eg er med på notane. Det er når han presenterer den trøyttande vaudeville-greia People's Party, den anonyme popsongen You Sleep Good Now, den tåkepreikande og retningslause Olympic Portions, og den fargelause instrumentalen Hosanna In the Forest at eg gjespar, og skippar.

Så ja, det finst grunnar til å ikkje bry seg nemneverdig om Best Of Gloucester County. Men fylgjene vil i tilfelle vere at ein går glipp av ein og annan attraktiv poprakkarfant, og det kan jo vere litt dumt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo