cover

Timber Timbre

Timber Timbre

CD (2009) - Arts & Crafts / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Folkrock / Sadcore / Blues

Spor:
Demon Host
Lay Down In the Tall Grass
Until the Night Is Over
Magic Arrow
We'll Find Out
I Get Low
Trouble Comes Knocking
No Bold Villain

Referanser:
Great Lake Swimmers
Johnny Dowd
Jim White
M. Ward
Leonard Cohen
Roy Orbison
Nick Cave

Vis flere data

Se også:
Creep On Creepin' On - Timber Timbre (2011)
Hot Dreams - Timber Timbre (2014)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Åleine med natta

Suggererande folksongar frå ein stad der dagslyset har usikre vilkår.

Fargerikt er det ikkje. Og heller ikkje løfterikt. Himmelen er svart, og fjern. Lyspunktet ein bleik bleik måne bak eit skylag av motbør og tvil. Håpet er gravlagt, og angsten kjem krypande i fleirtal. I krattet luskar ein kappekledd og ikkje heilt velkomen gjest. I eit falleferdig skur sit ein ung mann og syng.

Oh Reverend, please, can I chew your ear?

I have become what I most fear

And I know there's no such thing as ghosts

But I have seen the demon host


Det er ei fredlaus røyst. Ei einsam og tyngd røyst. Det er noko i den som kan minne om Roy Orbison, men og noko som kan minne om Nick Cave. Den tilhøyrer Taylor Kirk. Eine og aleine Taylor Kirk. Ein kar som for tida held til i Toronto. Dit han kom for nokre år sidan, etter ein oppvekst i dei meir grisgrendte strøk av Ontario, Canada. Songane hans har henta meir frå det rurale enn det urbane.

Dei er sterke desse songane hans. Dei har ei langsam suggererande kraft. Ei mørk kraft. Dei har si stamtavle tilbake til folktonar som har gjort seg gjeldande i generasjonar, og skular samstundes bort på gamle bluestonar i nabolaget. Men songane er Taylor Kirk sine. Det tvilar eg aldri på. Han presenterer dei på sin måte. Han gjer dei sin eigen heimsøkte og golde signatur. I eit bilde som er stort men også klaustrofobisk, truande men vakkert, som rommar stilla, og vekker uro.

Alldeles aleine med ein akustisk gitar er han berre i opningssporet. Produsent Chris Stringer entrar etter det scena, og har med seg keyboards/orgel, ein banjo, og noko å slå og riste på. Litt strykarar og folk som brukar stemma si kjem også inn i bildet. Kirk sjølv nyttar seg vel så gjerne av sin elektriske gitar som sin akustiske. Men, Kirk si røyst er den berande krafta, heile vegen, alt anna skjer bakom den. I moderate og økonomisk former, men ikkje heilt utan eggande momentum, eller knirkande, ja endåtil små stikk av meir krakilsk karakter blir gjevne. Små og effektive stikk.

Å gjere ei innspeling saman med andre er noko nytt for Taylor Kirk. Slike ting har han gjort i einsemd før. I heimlige omgjevnader med ein liten opptakar på bordet, på lo-fi vis. Platene som har blitt til på den måten heiter Cedar Shakes og Medicinals. Dei kom i 2006 og 2007. Det var dei avsondra innspelingsforholda som Cedar Shakes blei til under som avfødde ideen å skjule sin opphavlige identitet bakom namnet Timber Timbre.

Han er ein folk/blues-songar nærare midten av den store hop på dei to tidlege platene sine. Røysta er der, fredlaus og tyngd. Den gjennomgåande lyden og tonen er imidlertid litt trong, men ikkje trongare enn at eit og anna gripande unntak slepp igjennom. Tredje forsøk er brulagt av gripande unntak.

Dette tredje, sjølvtitulerte, vart til i eit platestudio i Toronto. Det skjedde i 2008. Grytidleg i 2009 kom albumet ut på den vesle Toronto-labelen Out of This Spark. Fleire canadiske musikkskribentar gjorde det raskt kjent at dette var saker dei tykte veldig godt om. Nokre månader seinare opna så Broken Social Scene sin Arts & Crafts label opp døra og slapp Timber Timbre inn til seg. Dei tok over dette tredje albumet, og gav det ut på nytt sommaren 2009. Utan at nokon fortalte meg om det.

Men for eit par månader sidan hamna eg av grunnar eg no lenger ikkje minnest inn på nettsida til Arts & Crafts. Der tok eg meg like godt tid å sjekke ut lyden av eit og anna av det dei hadde å tilby. Mykje var bra der, men det var berre Timber Timbre som gav meg det totale hakesleppet. Demon Host heitte songen. Spotify hadde resten.

Dreaming every night of you

Shaking at the sight of you


Lay Down In the Tall Grass er tittelen, og eit orgel gjer sin entré. Både som ein krafsande og ein skimrande partner. Vår mann fortel om ein draum. Ein draum der ei kvinne drar fram ein Swiss Army knife og pirkar han ut av hans grunn grav. Utan at det blir klargjort korleis han hamna i denne grava. Utan at han er så sikker på at han set pris på det ho gjer. Han elskar, men han hutrar seg også. Og ho, ho vil ha han. Eller? Songen er som orgelet, den gneg der tvila rår, og den skin der kjærleiken veks.

I was fine till i saw the pale horse ride

….

You were fine till you saw the white rider take,

and take some more


Tørre uhyggeskapande gitartonar frå Twin Peaks-kantar har funne vegen til Magic Arrow. Ein song som eg innbillar meg er eit blikk tilbake på indianaranes møte med dei krigerske europearane som kom og ville overta både landet og sjela deira.

I ain't no doctor, babe

I ain't no doctor, son

But I'll cool your fever till the doctor comes

It's a miracle, babe, but it ain't no fun


Until the Night Is Over, og Kirk er ikkje meir skotredd enn at han innleiar med ei linje dei fleste vil dra kjensel på. "There is a house in New Orleans" syng han. "Where you woke from a coma and they bit your cheek" held han fram. Og natta er månelaus, og tildragingane er av det slaget som helst held seg på god avstand til alt som minner om dagslys.

Do your actions mention, your heart's intentions,

We'll find out, we'll find out


We'll Find Out, og Timber Timbre sveiar i gospel-retning. Han syng, han resiterer, og eit kor stemmer i, "ooooh oh ooh-oh-ooh". Ein fyr er i søkelyset. Men for kva? Ein prosess blir starta. Er det eit Kafka-spor? We'll Find Out.

Dei fem første songane på albumet er mala med evigvarande strøk. Og dei er aksla for eit vidare liv dei tre siste også.

I Get Low, gotisk, krypande, bortover. Trouble Come Knocking, ein blues frå botten av tilværet. No Bold Villain, country i møte med ei blå jazzkjensle, ei fele, og ein crooning Kirk; "To have a soulmate, you need a soul".

Når Timber Timbre er klar med sitt fjerde album skal det ikkje gå over eitt år før tonane når meg. Vi snakkar nok heller om timar då, tenker eg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo