cover

Morgen og Kveld

CC Cowboys

CD (2009) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Poprock

Spor:
Det Har Vært Noen Her
Kanskje Du Behøver Noen

Heretter Følger Jeg Deg Hjem
Ugress & Vilniss
Landliv
Rydder
Vårens Mann
Krig & Fred
Morgen & Kveld

Referanser:
DumDum Boys
Tolv Volt
Di Derre
Mercury Motors
Frimand Kvarter

Vis flere data

Se også:
Lyst - CC Cowboys (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Fredelige cowboyar

Så sindige og velpleidde har ikkje CC Cowboys vore før, særlig betre har dei heller ikkje vore.

Dei kom, for snart tjue år sidan, jaga røffe rockeriff, og song om Harry, Tigergutt og Synder i Sommersol. Dei ridde seg tomme etter nokre år. Og forsvann inn i solnedgangen utan eit "hey yo", og utan å etterlate seg eit alvorlig sakn.

Så var det at frontmann Magnus Grønneberg, etter nokre år som soloartist, ville prøve seg som rock'n roll ryttar att. Gamletrommis Agne Sæther vart med. Dei to andre som slengte seg i salen hadde aldri ridd med CC Cowboys før. Men ridd rock'n roll hadde dei gjort. I mange år. Bassist Per Vestaby og gitarist Jørn Christensen.

Lyst og Evig Liv kalla dei frimodig nok sine to første plater saman. No er tida komme for Morgen og Kveld. Dei jaktar ikkje røffe riff lenger. Dei har sett seg ned no, CC Cowboys. Sett seg ned i reingjorte omgjevnader, og lagt si ære i å ikkje skitne til. Grunnlaget for eit sterilt stykke taffelrock skulle dermed vere lagt. Men så blir det ikkje det likevel.

Det blir i staden ei ganske så hyggelig lita stund. Ei stund som ikkje utfordrar eller tar ein med til ukjente trakter. På ingen måte. Men som har fleire songar kledd i ord og tonar det går an å like. Alle spelt på beherska og lunt vis. Og sunge på inderlig Grønneberg-vis. Men ikkje for inderlig.

Og det er bra. For nett den der inderlige songstilen til Grønneberg har eg kunna styra mi begeistring for. Ved meir enn ein anledning synst eg den har tippa over i det manierte. Det gjer den altså i liten grad denne gongen. Den tilbakelente og kultiverte atmosfæren som må ha prega innspelinga har kanskje vore med og stagga han?

Men Magnus Grønneberg er han, og ikkje JJ Cale. Så han bøyer seg framover og trenger seg på når han skal uttrykke paranoiaen i opningssporet Det Har Vært Noen Her. Og når han skal skildre schizofrenien som rir hovudpersonen i Heretter Følger Jeg Deg Hjem.

Men det er få påtrengande krefter å spore i Gå. Ein sakte duvande sak med ørkenlyd i strengene og subtil rakrygga korsong; "så vi må gå gå gå". Ein korsong eg synest blir for overveldande i det heller preglause singelvalet Kanskje Du Behøver Noen. Eit val som heller burde falt på popstemte, og årstid-korresponderande, Vårens Mann. Her snakkar vi Bjørnson-sitat, raffinert toneåtferd, dynamisk oppbygging, og ein lettvegg av organisk lyd. Her snakkar vi høgdepunkt.

Den lettbeinte oppbrotslåta Rydder er like i nærleiken av like bra som Vårens Mann. Det same er Landliv. Ein spartansk tributt til rurale opplevingar, avsondra frå moderne forstyrringar; "det er som fortiden kommer, og fremtiden går".

Men framtida kan kanskje vere på CC Cowboys si side likevel. Om dei held fram som dei lune og fredsæle fyrane dei gjev inntrykk av å vere her.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo