cover

Try and Try Again (live)

Billy Joe Shaver

CD (2003) - Compadre / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Country & western / Honky Tonk / Western swing

Spor:
Try and Try Again
Live Forever
Georgia on a Fast Train
When the Fallen Angels Fly
Honky Tonk Heroes
Hottest Thing In Town
You Wouldn't Know Love
I'm Just an Old Chunk of Coal
You Asked Me To
Black Rose
L.A. Turnaround
Tramp on Your Street
You Can't Beat Jesus Christ

Referanser:
Shaver
Waylon Jennings
Kris Kristofferson
Guy Clark

Vis flere data

Se også:
Freedom's Child - Billy Joe Shaver (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Gamle låtar om igjen

Billy Joe Shaver byr ein del av sine gamle låtar fram i nyinnspelt live-utgåve.

Det er tre bilder her. På baksida ser vi ein Billy Joe i audmjuk knelande posisjon. På innsida dansar han. På framsida knyter han neven i kompromisslaus innbitt positur. Alle viser dei på sin måte det rette bildet av den aldrande countryartisten. For gamle herr Shaver er ein mann som i eine augneblinken uttrykker seg i vare og sensible ordelag, før han i neste bryt over i ganske så bestemte og urokkelige vendingar. Innimellom desse ytterpunkta kan han by opp til dans og være både livfull og upretensiøs.

Han har ein karriere som strekk seg attende til tidleg på 70-talet. Og er nå i sitt 65. leveår. Fødd i den vesle Texasbyen Corsicana (som og var legenden Lefty Frizzell sin fødestad), vaks opp under fattige kår, og fekk ei oppfostring med sterke religiøse (les: kristne) innslag. I åra rundt millennium-skiftet opplevde han å miste både mor, kone og sonen Eddie, som han då gjorde musikk-karriere saman med. Ikkje rart mannen kollapsa på scenen med hjertetrøbbel i etterkant.

Try and Try Again, som er hans nyaste innspeling, er ganske enkelt noko han gjorde live sommaren 2003 i eit radiostudio saman med fire kompetente instrumentalistar. Applausen mellom låtane tyder på at det var få tilhøyrarar, men kanskje det var fleire i den andre enden av radiobølgene. Shaver har plukka fram låtar frå heile sin karriere, men mest frå 70-talet og ingen frå sin siste studioproduksjon, Freedom Child. Stort sett er det låtar med litt tempo i rytmeslagene som står på programmet. Kanskje er det nett derfor eg finn mest velvære i selskap med dei tre meir dempa og langsomme låtane: Live Forever, på samme tid både skjør og stridig. When Fallen Angels Fly, der bandet smyg seg varsomt innpå vare tonar om kjærleik og savn. Og Tramp On Your Street, seig countrygospel, med fine innspel på slidegitar av Bob Brown. Blant dei resterande fins både den energiske Georgia On a Fast Train og western swing-saken Old Chunk Of Love absolutt tilfredsstillande. Og har for så vidt heller ingen problem med å trampe takten til Black Rose og Hottest Thing In Town, der Billy Joe og kumpanane oppheld seg på si mest elektriske og rocka side av country.

Hans meir religiøse og ubøyelige (og mindre tiltalande) side kjem tydelegast til syne idet han trør ut av Tramp On Your Street med utsagnet; "Remember, if you don't love Jesus, go to hell". For så å sette i gang ein sang om den håplause syndar og den evige redningsmann, "You Can't Beat Jesus Christ".

Mange av dei betre spora her kan ein imidlertid finne i endå friskare versjonar på hans første plate saman med Eddie (under signaturen Shaver) frå 1993, kalt Tramp On Your Street. Så det er ein betre stad å bli kjent med Billy Joe Shaver enn dette radio-opptaket, som kan bli litt vel traust til sine tider.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo