cover

Our Eternal Ghosts

Deadman

CD (2005) - One Little Indian

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana / Gospel / Country / Poprock

Spor:
When The Music's Not Forgotten
Won't Be Long
Brother John
Werewolves
The Monsters Of Goya
Sad Ol' Geronimo
Slow Dance
Absalom! Absalom!
Love Will Guide You Home
Brother

Referanser:
U2
Gram Parsons
Emmylou Harris
Bob Dylan
Over the Rhine
The Handsome Family

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Død eller levande

Ei veldordna og håpefull americanaferd skimtar evigheta i det fjerne.

Eg såg denne Jim Jarmusch-filmen ein gong. Den handla om ein William Blake (spelt av Johnny Depp) som blir jaga ut av byen Machine av ein flokk ugode innbyggjarar. Han vert såra, eller kanskje meir sannsynleg drepen. Her dukkar indianaren Nobody opp, og saman startar dei to ei reise. Frå Blake sin synsstad ei reise i den verkelege verda, medan Nobody, som ser på Blake som ånda til den vidgjetne diktar med same namn, oppfattar reisa som ein tur i eit meir åndeleg univers. Filmen heiter Dead Man.

Det er slike tema Dallas-duoen Deadman også er opptatt av på sitt andre album Our Eternal Ghosts. Det å bli fortruleg med døden som ein del av livet. Det å leve livet som om det er det einaste du har, samstundes som du utforskar idéen om den store evigheta. I tillegg har dei ei grunnhaldning som inneber eit optimistisk syn på menneskeslekta. Det er John Lennon sin Imagine opphøygd i andre potens, med håpet, himmelen og utopia som skinande stjerner i det fjerne. Nokre gonger vert det kanskje litt over toppen, men stort sett held dei seg såpass nær den jordluktande sfære at det går an å følgje dei. Ja, og så streifar dei innom meir depressive trakter av og til også, då.

Deadman er ekteparet Steven og Sherilyn Collins. Med hjelp av produsenten Mark Howard (Bob Dylan, Lucinda Williams, Emmylou Harris og U2) og ein del instrumentalistar har dei to skapt ti låtar som lever i eit luftig og storslått landskap. Tonane er henta frå country- og gospel-provinsar, og blitt tilført ulike dosar finpussa elektrisk kraft. Ei velredd seng av keyboardtonar er vel kanskje den vanlegaste lyd-dekorasjonen. Gitaren sprett også ut og inn av biletet, men bit sjeldan særleg kraftig frå seg. Ja, kanskje kunne det vore ynskjeleg med ei litt meir rufsete tilnærming. På den andre sida har vi jo mange som driv med nett det, så det kan vel vere greitt å oppleve nokon med ei godmodig innstilling innimellom også.

Det blir likevel noko litt kraftlaust over nokre av spora. Dei avmålte og svakt jazzblå Won't Be Long og Werewolves blir på eit vis for elegante. Medan dei langsamt svevande Love Will Guide You Home og Brother er innom greie tonar, men lever eit litt for pynteleg liv. Det tema-definerande opningssporet When The Music's Not Forgotten finn eg derimot hugnad i. Ei låt av typen Appalachian møter gospel i eit stort landskap, og der moralen kanskje er noko slikt som at det gode liv kjem ikkje til deg, du må skape det sjølv.

På dei fleste av spora er det Steven som er hovudansvarleg for vokalen. Sherilyn gjer imidlertid sitt til at Monsters Of Goya dreg på seg visse Parsons/Harris-assosiasjonar. Før den avsluttar i eit orgel- og trommeopplegg med visse fellestrekk til Isaac Hayes sin klassikar By The Time I Get To Phoenix. Brother John har touch av fromme Handsome Family-linjer, og gjer Neil Young sin Helpless om til bøna Help us. Slow Dance får Sherilyn synge heilt åleine, bomulls-lett og pianosmukt i eit Hope Sandoval-lende. Sad Ol' Geronimo er rytmisk utforskande og går frå gitarkitlande til gitarsparkande i eit Peter Gabriel-liknande opplegg (Don't Give Up møter Sledgehammer). Med klare referansar til både Bibelen og William Faulkner syng Steven i eit Dylansk landskap Absalom! Absalom! Om den unge mannen som både flyktar ifrå og jagar sine demonar, om revolusjonen som mislykkas, om den store tragedien, om sigeren og om tilgivinga.

Deadman skapar kanskje ikkje evigvarande songar, men ein handfull av dei har i alle fall melodisk friskleik og kraft nok til å få underteikna si velsigning.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo