cover

Heartland

Owen Pallett

CD (2010) - Domino / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Avantgarde / Orkesterpop / Synth / Kammerpop / Prog / Musikal

Spor:
Midnight Directives
Keep the Dog Quiet
Mount Alpentine
Red Sun No. 5
Lewis Takes Action
The Great Elsewhere
Oh Heartland, Up Yours!
Lewis Takes Off His Shirt
Flare Gun
E Is For Estranged
Tryst With Mephistopheles
What Do You Think Will Happen Now?

Referanser:
Scott Walker
Arthur Russell
Andrew Bird
The Hidden Cameras
Sufjan Stevens
The Magnetic Fields
Final Fantasy

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Dunkelt, lett og vanskelig

Final Fantasy er slutt. Lenge leve Owen Pallett, og hans innhaldsrike og driftige popdraum.

Like før jul annonserte Owen Pallett at hans tid som Final Fantasy var over. Den unge canadiaren såg føre seg mogelige namnekontroversar sidan det no var laga planar om å nå lenger ut i verda med musikken. Kanskje heilt til Japan, heimlandet til dataspelgiganten Final Fantasy. Ja så skikkelig har han visst tenkt å gjere det at Final Fantasy-namnet vil bli erstatta av hans eige også på snarlige re-utgjevingar av hans tidlegare materiale.

Heartland er Pallett sitt tredje album. Det er ikkje berre hans mest ambisiøse når det kjem til distribusjonsplanar, men også på det soniske feltet. På sitt andre album førte han den yndige poptonen frå debuten inn på eit meir dramatisk spor. Med Heartland tar han endå nokre steg vidare på den vegen, og byr på eit konglomerat av lydar og loops, ein intrikat låtastruktur med eit konseptprega innhald, og den Tsjekkiske filharmonien.

Eit opplegg aksla for å gå skikkelig på trynet altså. Noko Heartland aldri gjer.

Pallett bringer ikkje dramaet inn på pompøse operatiske, eller pretensjonstyngande, banar. Han held fast i den lettbeinte poptonen. Han drysser ikkje lydar fritt og tankelaust omkring, det er ein dynamisk tanke bakom det meste han gjer. Og symfoniorkesteret kolorerer krokar, krør og små flater, ikkje heile veggar.

Fiolinen er Pallett sitt hovudinstrument. Hans kunnskapar om denne og slektande instrument har gjort han til ein etterspurd strykarrangør. Hos Arcade Fire, Grizzly Bear, Beirut, med fleire. Sånn elles spelar han på så mykje at det neppe blir feil å plassere han i kategorien for multiinstrumentalistar.

Men gitar spelar han ikkje, og ingen av dei han har med seg heller (bortsett frå nokre få akkordar kreditert Arcade Fire-trommis Jeremy Gara i det 50 sekundar korte operette-nummeret Mount Alpentine). Men syng gjer han, med ei rein og lys røyst. Denne gongen om Lewis. Eller meir korrekt, han låner røysta si bort til Lewis, ein noko valdelig eks-bonde og eks-husbond på drift mot noko han ikkje heilt maktar handtere. Eit uføre skaparen Owen har plassert han i, med fullt overlegg. Så derfor handlar Lewis sitt lite oppløftande syn på tingas tilstand også om hans skapar, og det noko ambivalente synet han har på han.

Opplegget har eit klart science fiction-preg, ispedd ein og annan dataspelfiksjon. Og det heile føregår i eit middelalderliknande samfunn. På ein klode kalla Spektrum. Med Heartland i syningom som neste nivå.

Det litt plagsame med slike konseptalbum er at dei gjer eit slags krav på å bli spelt frå spor 1 til spor 12, utan opphald, utan slalåm, eller hopping. Noko som i dette tilfelle faktisk går heilt fint, då det ikkje er udugelige spor langs ruta.

Nokre songar viser seg no likevel betre enn andre. Som dei to med Lewis i tittelen. Lewis Takes Action og Lewis Takes Of His Shirt. Begge eigarar av ein vokalharmonert og ustyrlig flott poptone. Samstundes som begge ber på eit omen av noko skjebnetungt. Kontrastar kallast vel slikt, og dei har slått rot over heile Heartland. Om eg ikkje visste betre, kunne eg fort funne på å tru at The Great Elsewhere er eit stykke Belle & Sebastian-pop som er blitt utsett for Igor Stravinsky. Og så høgdepunktet då; Tryst With Mephistopheles, der det yndige møter ein groovy svirebror, og symfonien virvlar opp lyster og djevelskap. Eit raffinert mytteri der "humanity and nature collide", og skaparen vert rydda av vegen.

What Do You Think Will Happen Now er det sjølvsagte spørsmålet etter noko slikt. Owen sit åleine, ved pianoet. Om det er han sjølv som no har tatt kontroll over situasjonen, eller om det er hans opprørske songfigur som vandrar åleine inn i soloppgangen, har eg ikkje eit sikkert svar på. Men tonen er i alle fall imøtekomande; " The sun is up, my arms are wide, I am a good man, I am yours".

La det vere konklusjonen. Han er god, Owen. Så slepp han gjerne til.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo