cover

The Crawl

Dave Fischoff

CD (2006) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Synth / Elektropop

Spor:
The World Gets Smaller When You Dream
Landscape Skin
Rain, Rain, Gasoline
In a Lightless Carriage
In This Air
Small Drifts
The Matrimony Vine
The Suburbs of Eden
Ghost of an Afternoon
Flip Books
Last Room

Referanser:
The Magnetic Fields
The Postal Service
High Llamas

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Låtdrukning

Ambisjonar, maskiner og elleve overfylte poplåtar.

Det finst som kjent mange slags måtar å gje tonane sine instrumentfølgje på. Frå spartansk fingerplukking på ein akustisk gitar til drønnande og støyande lydbølgjer frå overelektrifiserte kjelder. Dave Fischoff har i all hovudsak valt å gjere det med syntetiske og programmerte maskiner. Slikt kan fungere bra det, men slik Fischoff gjer det blir det berre for mykje og for masete.

Fischoff har vore frampå med innspelt material før. To album frå åra kring årtusenskiftet. Eg har ikkje høyrt dei, men biografien seier at dei har eit meir dempa og vise-orientert uttrykk enn kva som er tilfelle med The Crawl. I den same biografien blir forresten Fischoff sitt arbeid med The Crawl samanlikna med Brian Wilson og hans forsøk på å gjere Smile om frå tanke til tone. Hmmm.

At det er ambisjonar og idear til stades i Fischoff sitt musikalske virke, har eg inga som helst grunn til å tvile på. Eg tvilar heller ikkje på hans evner til å komponere melodisk velfungerande låtar, eller å gje desse tekstlig innhald av dugande karakter. Det er fleire dømer på det på The Crawl. Det som så fullstendig øydelegg for alt som er bra, er innpakkinga.

Ein montasje av brusande keyboards-tonar, sampla lydar og maskinell rytmikk kjem svevande og dunkande mot ein i altfor fyldige og overivrige former. Dynamikk og lydøkonomisk tankegang vart nok aldri med ned i kjellarlokalet i Chicago, der Fischoff tråkla saman dette verket.

Bakom det overdådige og krunglete soniske bilde dobbel- og trippelharmoniserar han si eiga, noko avgrensa, røyst gjennom både popenkle og meir intrikate melodilinjer. Linjer som på dugande vis fortel om tilværet sitt ustoppelige slit, med særlig vekt på kjensla av å vere framandgjort i dei kjølige og ugjestmilde storbygatene: "I walk home through cold streets, stars lit like dim machinery. A raw ghost of moonlight slips through the capillary trees".

Ååh Fischoff, du skulle ha gjort dette på eit anna vis. Du skulle ikkje ha nytta deg av alle ideane som sprang deg i hug, samstundes. Kanskje skulle du ha lytta endå betre på nokon som har klart dette før deg. Stephin Merritt og hans Magnetic Fields lagde for nokre år sidan sin ambisiøse og tredoble 69 Love Songs. Resultatet var ein rikt fasettert og meisterleg ode til kjærleiken og dens uransakelige vegar. Brian Wilson sine ambisjonar var ikkje mindre då han sette seg føre å lage sin tenårings-symfoni til Gud, Amerika og vibrasjonar av ulik art, Smile. Eller når Sean O'Hagan og hans High Llamas tok opp hansken og skapte sine Gideon Gaye og Hawaii. På desse platene står sjeldan iveren, ambisjonane og innfalla i vegen for låtane. Slik er det dessverre med The Crawl.

Og det er litt trist. For eg trur mannen kunne ha laga ei bra plate, om han berre hadde vore litt meir forsiktig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo