cover

Someday We Will Foresee Obstacles

Syd matters

CD (2005) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folk / Psykedelia

Spor:
City Talks
Obstacles
To All of You
I Care
Someday Sometimes
Passe Muraille
Watcher
Lost Bird
Flow Backwards
English Way
Middle Class Men
Motion

Referanser:
Nick Drake
Robert Wyatt
Syd Barrett
Radiohead
Beck
Gorky's Zygotic Mynci

Vis flere data

Se også:
Ghost Days - Syd matters (2008)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


På den engelske måten

Habile saker frå ung franskmann med ei sterk musikalsk draging mot ein del skarpskodde engelskmenn.

Han er fransk, og heiter eigentlig Jonathan Morali. Skal vi leggje til grunn lynnet i tonane han serverer kunne han like så godt vore engelsk, og heitt Syd matters. Noko han slett ikkje prøver å legge skjul på heller, for som han erklærer i låta English Way; "if it’s to hard to say, then sing it in an English way".

Nå skriv han bevisst etternamnet i pseudonymet sitt med liten forbokstav, slik at det nærast står fram som ein påstand. Fornamnet kunne sikkert også ha vore både Nick (Drake), Robert (Wyatt) eller Thom (Yorke), men Syd er absolutt heilt greitt det, for den ustabile grunnleggaren av Pink Floyd har heilt sikkert betydd mykje for den unge franskmannen.

Someday We Will Foresee Obstacles er den andre plata frå Syd matters si hand. Her som på debuten byr han på songar i eit vise-landskap, der stemma hans som oftast ligg langt framme i lydbiletet. Det instrumentale fylgjet er alltid ein akustisk gitar, og då helst i fingerplukkande skikkelse. I tillegg supplerer han med elektroniske ingrediensar, og har no og da med seg folk på strykarar, el-gitar, rytmikk og på atmosfæreskapande lydkjelder.

Han nærmar seg ikkje dette folk-rock landskapet på noko som helst nyskapande vis. Det er tonar nær slekta med tidlegare arriverte tonar, og det er støypt i ei form mange andre har prøvd ut før. Dermed ikkje sagt at den timen det tek å spele igjennom Someday We Will Foresee Obstacles ikkje har noko å by på. For det har den.

Det er først og fremst ein jamn time. Noko som sikkert kan kasserast inn som både positivt og negativt. Låtane flyt mot ein i eit sindig tempo, og tonane dei er bygd av spenner ikkje over eit så altfor vidt register. Innleiande City Talks fastset mønsteret direkte der den mildt og velklingande strengetrillar seg fram blant svært så plausible tonar, medan Syd fortel ei fragmentarisk historie om ein sliten og paranoid gatevandrar. I den atmosfæriske balladen Obstacles vitjar han terreng som kan minne ein del om REM anno Up. Euros Childs frå det Walisiske bandet Gorky's Zygotic Mincy syng dugande harmoniar med Syd i fine I Care. Fyldigast instrumentert er den pop-psykedeliske Someday Sometimes, og den pianodraperte og vekselsvis gnikkande og flytande English Way. Sistnemnte har også visse Beck-trekk (Mutations og Sea Change era). Noko den deler med min personlige favoritt på plata, Lost Bird. Ein sørgmodig, blå og ikkje heilt symmetrisk song om å føle seg framandgjort. Fordelaktige ordelag fortener vel også det pågåande mantraet Passe Muraille å bli omtalt i.

Den elektroniske leiken til Syd matters er vel ikkje av det mest vitale eg har opplevd. Dette saman med det einstonige og ikkje akkurat feberheite totalbiletet, er nok med på å setje ein aldri så liten dempar på opplevinga.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo