cover

Freedom Wind

The Explorers Club

CD (2008) - Dead Oceans / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Pop / Surf / Easy Listening

Spor:
Forever
Honey I Don't Know Why
Don't Forget the Sun
Lost My Head
Do You Love Me?
Summer Air
If You Go
In the Country
Safe Distance
Hold Me Tight
Last Kiss
Freedom Wind

Referanser:
Beach Boys
Jan & Dean
The Ronettes
The Monkees

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Strandgutar II

Eit debutalbum full på sommar, strandliv, surfing og alt slikt som eit velkjent 60-talsorkester også var så kjent for.

Knutsen & Ludvigsen song ein gong i tida om den "gamle gule plata med Beach Boys", den som var både velbrukt og skakk. Den plata, og alle dei andre platene til Beach Boys, er eg sikker på at The Explorers Club har utforska nesten meir enn kva sunt er. På det gulna coveret på debutalbumet sitt poserer dei derfor i kjent Beach Boys-stil, og tonane dei presenterer ligg tettare opp til slikt Wilson og hans menn dreiv på med enn det nesten er etisk forsvarlig å ligge.

At dei seks unge mennene i The Explorers Club stort sett må ta til takke med å leite etter ei bølgje eller to i heimbyen Charleston, i Sør-Carolina, ganske så mange mil unna Malibu Beach verkar ikkje å hemme dei i si lovprising av sol, sommar, ung kjærleik og uskuldsreine kyss. Noko dei gjer, slik det sjølvsagt passar seg, med falsettsong og harmonifull velklang som særdeles viktige element.

No er det som kjent ikkje eit ukjent fenomen at unge musiserande menn i våre dagar har latt seg inspirere av Beach Boys, så slik er ikkje The Explorers Club aleine. Men dei er aleine om å kopiere strukturen så utførlig at ordet plagiat er nærliggande å kaste fram. Om dei skal sleppe unna med det er det vel strengt tatt Brian Wilson som bør få svare på, men spør du meg, ja så synst eg dei skal det. Dette er nemlig så mykje meir ei frydefull feiring frå ein alt anna enn talentlaus gjeng, enn det er hjelpelaus etterplapring frå nokon som ikkje kan betre.

No finst det sikkert eit tosifra tal med Beach Boys-plater ein bør skaffe seg før ein vurderer å sleppe denne laus på stereoen. Men skulle ein falle for freistinga å opne døra for Freedom Wind, ja så kan det godt vere at ein stiller seg alt anna enn likegyldig til The Explorers Club si fortreffelige oppfordring om å Don't Forget the Sun, eller deira livfulle krav på å få svar på det essensielle spørsmålet Do You Love Me?.

Opningssekvensen av Forever er henta direkte frå Be My Baby, slik Phil Spector produserte den med The Ronettes for 45 år sidan. Og nettopp Phil Spector sin romslege vegg til vegg lyd kan ein høyre mykje igjen av i Matt Goldman og sjefs-explorer Jason Brewer sin produksjon av denne plata. Ein lyd som jo heller ikkje var heilt framand for Wilson å utforske på Beach Boys sine beste album.

Ok då, eg skal sleppe dei litt laus frå Beach Boys-klisteret. 3 av dei 12 spora har noko litt anna over seg. Honey, I Don't Know Why har med sin kombinasjon av brunstig vokal og spretten "ah-oh-bop-baby"-koring eit litt meir udefinert 60-talspreg over seg. Summer Air er ein sval og mjuk instrumental. Medan det orgeltjukke og malmfulle tittelsporet nok har meir av Procol Harum enn av Beach Boys.

Men sånn elles: Så Beach Boys som dette her har vel knapt nok ein gong Beach Boys sjølve vore sidan Surf's Up grytidleg på syttitalet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo