cover

Our Love Will Destroy the World

Birchville Cat Motel

CD (2006) - PseudoArcana

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Eksperimentell elektronika / Støy / Støyrock / Avantgarde / Doom / Metal / Drone

Spor:
Heavens Flaming Horse
55,000 Flowers for the Hero
Lay Thy Hatred Down
Double Cascade Mini Fantasy
Our Love Will Destroy the World

Referanser:
Black Boned Angel
Sunn O)))
Boris

Vis flere data

Se også:
Gunpowder Temple of Heaven - Birchville Cat Motel (2008)


School of Rock

Campbell Kneale lærer deg å rocke.

Avantmetalnoisedroning er som kjent i vinden for tida - seinast i skrivande stund høyrde eg eit program om fenomenet på P2, og ein kan jo knapt lese ei platemelding notildags utan å bli klubba ned av referansar til Sunn O))), Earth og Boris - og i så måte er det ikkje det minste rart at Pseudo Arcana prøver å melke kua ved å gjere newzealandaren Campbell Kneale sin tre år gamle tretommar Screamformelongbeach tilgjengeleg for dei store massane med fordobla speletid, ny tittel og heile pakka. Birchville Cat Motel si tilnærming er rett nok ikkje direkte samanliknbar med slo-mo-metalen dei nemnde banda er kjende for (og som Kneale syslar med i Black Boned Angel og Lugosi), for Our Love Will Destroy the World er ganske enkelt rock/metal med støy, men utan melodiar.

Før Screamformelongbeach levde enkelte (dvs. underteikna) i trua på at Campbell Kneale var ein avbalansert avantgardistisk familiefar som av og til kobla av frå bleieskiftinga ved å gå til skuret i forstadshagen sin, ta ein kopp te og lage nokre langvarige lydar medan han funderte på kva slags tapetmønster han skulle bruke til neste vekes CD-omslag, men glansbiletet fekk eit par korrigerande penselstrøk med anti-eposet 55,000 Flowers for the Hero, der Kneale tørkar støvet av trommesettet og dundrar standhaftig av garde på det nest mest primitive 4/4-riffet som tenkast kan (éin oktav opp på kvart fjerde slag), sjølvsagt akkompagnert av den obligatoriske dronestøyen som går som ein relativt bokstavleg raud tråd gjennom Our Love Will Destroy the World.

På Screamformelongbeach stod 55,000 Flowers majestetisk aleine på rockefoten (det er visse grenser for kor mange kvarterlange spor ein kan stappe inn på ein tretommar), og det store salspoenget til Our Love Will Destroy the World er altså at Kneale har rota gjennom arkivet og funne to nært beslekta spor frå samme periode. Det første av dei, Heaven's Flaming Horse, står med sine fresande gitarar og lammande monotone blastbeats à la Transilvanian Hunger i fare for å bli forstått som ein black metal-parodi, sidan den ved å drite i alt som heiter melodiar samsvarar frydefullt med den folkelege definisjonen "black metal = raske trommer + bråk" (vokalen manglar, rett nok), men denne oppfatninga får jo problem med å forklare at Heaven's Flaming Horse ikkje er det minste morosam, berre hysterisk tøff.

Our Love Will Destroy the World er likevel ikkje reinspikka rock'n'roll. Med gitar- og klarinettstykkjet Lay Thy Hatred Down overraskar Kneale igjen, denne gongen ved å spele ein melodi (gulp!) til eit akkompagnement beståande av meir enn éin akkord (gisp!), medan Double Cascade Mini Fantasy muligens er eit opptak av eit svimmelt skrekkfilmorkester som forvillar seg baklengs inn i ein mørklagt garasje og snublar i dei mange tomme eskene som ligg strødd utover golvet - strykararrangementa Scott Walker syslar med for tida er faktisk ei nærliggjande samanlikning. Men desse avsporingane utgjer berre ein femtedel av speletida, og tittelsporet som avsluttar plata er igjen tilbake i dronerocken, om enn i ei meir ettertenksom utgåve enn tidlegare.

Kort sagt stadfestar Our Love Will Destroy the World det konspirasjonsteoretikarane har visst i mange tiår: melodiar har eigentleg ingenting i rocken å gjere, men har blitt planta der av platebransjen for å gjere sjangeren spiseleg for massane. La oss få sjå Campbell Kneale i School of Rock II.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day