cover

Cut

Flare Acoustic Arts League (Flare)

CD (2009) - Affairs of the Heart / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Kammerpop / Poprock / Cabaret / Psykedelia / Prog / Folk

Spor:
Reminiscences of a Minnesota State Training School Alumnus, Class of 1905
Funeral Games
Précis
Judas Kiss
Hands of Fire
Ballad of Little Brown Bear
4F
(Pull My) Daisy Chain

Emigré Song

Luminary

Simeon/A Dream of Love

Wish It Away

Love Finds Andy Warhol

Recessional

Referanser:
The Magnetic Fields
Belle & Sebastian
The Hidden Cameras
Final Fantasy
Jens Lekman

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Mord, pop og kjærleik

Under ei tidvis yndefull, tidvis overfylt popdyne, lurer pasjonane, løgnene og mørket.

For ti år sidan song ein viss LD Beghtol 5 av 69 Love Songs på det tredoble meisterverket til The Magnetic Fields. Sjølv om det har gått dei fleste hus forbi (underteikna medrekna); det er ikkje det einaste albumet han har sunge på. I forskjellige konstellasjonar har han sunge og spelt både før og etter Magnetic Fields-oppdraget. Med si lyse og varme røyst, med sin ukulele, og med alle dei andre instrumenta han kan spele på. Under namn som LD & the New Criticism, Moth Wranglers og Flare. Det siste bandet har no tatt det noko meir pretensiøse namnet Flare Acoustic Arts League.

Cut heiter plata deira. Enkelt og greitt. Men det er ikkje enkelt og greitt ratt alt som føregår på den. Med ein sonisk tilstand som spenner frå det spartanske og likeframme til det overdådige og nokså kronglete, kan den vel seiast å ha eit vesen som ikkje er det aller mest lettfattelige. Utan at den på noko vis er umogelege å nå inn til. Absolutt ikkje. For først og fremst er dette popmusikk.

Popmusikk som kan finne på å gjere seg til kjenne rett så fort og uproblematisk, slik popmusikk ofte plar gjere, men som altså i tillegg har sine parti som krev sin lyttar. Til dømes ved at ulike stilartar vert kapsla inn i ei og same låt; litt cabaret, litt popdrama, litt surf, for så å krydre det heile med litt kvit støy, og kalle den Luminary. På det tekstlige plan blir det flørta med førestellingar om noko guddommelig, noko bildevakkert, før ein detroniserer bildet med eit bastant "I don't need you to tell me how to live my life".

Eit liv der "everybody's happy, everybody's insane, everybody's a Tarzan looking for sweet Jane". Slik lyde det i alle fall i den komplekse popsuiten Love Finds Andy Warhol. Ein noko desillusjonert kjærleikstributt, der Stephin Merritt si velkjente røyst får lov å konkludere, med eit lite skeivt smil om munnen; "and love finds Lou & Laurie, Love finds Arthur Lee".

Kjærleiken spelar ei viktig rolle i fleirtalet av kutta. Homofil kjærleik. Ført i penn i rimelige raffinerte former. Nokre gonger i infame ordelag. Andre gonger i lyriske ordelag. Av og til i vel pretensiøse ordelag.

Det er lengselsfull kjærleik, små drypp med godgjerande kjærleik, men mykje meir er det håplaus kjærleik. Og svikefull kjærleik. Eit Judas Kiss: Meddelt i ei medrivande popdynamisk form, som svingar seg effektfullt mellom det stillferdige og det kraftfulle, medan songaren stiller seg spørsmål som; "was the thrill worth the fear, or was the price to dear, on the other side".

"Save us from the Hands of Fire" lyde det ein annan stad. I harmonisong. Og ein yndefull tone, som kontrast til det heller grimme innhaldet. Om enn ikkje like grimt som historia Beghtol fortel i det innleiande og spektakulært titulerte popdramaet Reminiscences of a Minnesota State Training School Alumnus, Class of 1905. Der ein massemordar fører ordet, ein hatefull ein; "you see, I never discriminate – I practice one hundred percent unconditional hate".

Frå ei noko meir oppløftande side viser songaren seg når han lovar paradisiske tilstandar i flotte 4F. Spectorske og flotte 4F. Ei låt som fylgjer like etter at bandet har blamert seg fullstendig med det tåpelige shanty/barnerim-tilfellet Ballad of Little Brown Bear. Så ille er dei aldri elles, men innimellom dukkar det opp ein og annan song vel tynn på melodi, og vel affektert i si framferd, type Emigré Song og Simeon/A Dream of Love.

Men på sitt beste, og der er dei jo faktisk mykje av tida, presenterer Beghtol og hans fylgje popstoff som hektar seg, som varmar, som uroar, og derfor virkar; Cut.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo