cover

Darkness on the Edge of Town

Bruce Springsteen

CD (1978) - Columbia / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Heartland rock / Singer/songwriter / Voksenrock

Spor:
Badlands
Adam Raised A Cain
Something In The Night
Candy's Room
Racing In The Street
The Promised LAnd
Factory
Streets Of Fire
Prove It All Night
Darkness On The Edge Of Town

Referanser:
Bob Dylan
Van Morrison
John Fogerty
Patti Smith

Vis flere data

Se også:
Blood Brothers - Bruce Springsteen (2000)
Live In New York City - Bruce Springsteen & The E Street Band (2001)
Greetings From Asbury Park NJ - Bruce Springsteen (1973)
Born to Run - Bruce Springsteen (1975)
Nebraska - Bruce Springsteen (1982)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Draumen som brast

Darkness... er kvesste gitarar, tett band-lyd og full rennafart. Eit illusjonslaust mesterverk.

Begynnelsen. Eg tenkte eg skulle begynne med begynnelsen. Men det tok ikkje lang tid før eg enda opp med å fundere og filosofere over kor tid den var, kva den var, korleis den var, og så vidare. Så til slutt måtte eg foreta eit valg, og eg valgte å begynne her:
Dei som har levd ei stund huskar sikkert Rockpalast sendingane frå Tyskland. Det var ei slik natt framfor fjernsynsskjermen eg trur det starta, eg huskar ikkje datoen (kanskje var eg fylt 15, kanskje ikkje), men dama heitte i alle fall Patti Smith, og eg såg lyset. Lyset i form av kva musikk kunne være. Jodå, eg trur det var der min omfavnelse av rock'n'roll begynte. Så eg tok til å høyre på Pop Spesial (takk Sigbjørn Nedland og Ivar Dyrhaug). Og du verden, her rulla dei fram den eine etter den andre; The Clash, Stiff Little Fingers, Magazine, Tom Waits, etc. etc.

Eit år har passert. Det er ein varm maidag, eg har oppsøkt ein platebutikk, og er på utkikk etter noko av ein artist med det merkelige navnet Bruce Springsteen. Har registrert at han er oppført som medkomponist til Patti Smith-låta Because the Night, og eit rykte seier at han skal ha meir å by på. Det er coveret som gjer utslaget - så rock'n'roll (like tøft som London Calling). Den har tittelen Born To Run, og gjett om musikken held både kva ryktet og coveret lova. Etter litt gransking finn eg ut at denne Springsteen har gitt ut tre plater til. Og særlig den siste, Darkness On the Edge of Town, skal visst være bra.

Ei veke etter at eg er begynt på vidaregåande, oppsøker eg gamle erverdige Helgeland Musikk i Haugesund. Der finn eg fram denne Darkness On the Edge of Town, ber betjeninga om å få høyre på den - og blir umiddelbart blåst rett i veggen.

Lights out tonight, trouble in the heartland,
Got a head on collision, smashin in my guts, man,
I'm caught in a cross fire, that I don't understand

Dette var eg ikkje førebudd på. Og mens eg prøver å finne fotfeste igjen, kjenner eg at eit salig glis trenger seg på.

Badlands, you gotta live it everyday,
let the broken hearts stand, as the price you gotta pay

Aldri verken før eller seinare har eg tilta så umiddelbart til ein rock'n'roll-låt, det var som om den var laga nett for meg. I fire minuttar var verden berre Bruce, Badlands og meg, der inne på Helgeland Musikk. Og eg er langt frå komme til meg sjølv då neste låt setter i gang, Bruce syng med ei stemme som strengt tatt er fysisk umuleg:

He was standin' in the door, I was standin' in the rain,
with the same hot blood burning in our veins,
Adam raised a Cain

Eg veit det der og då, at nå, nå er det Bruce og meg. Det er rett før eg går ned i kneståande for å motta velsignelsen. Men i eit lite klart øyeblikk, etter at Adam Raised a Cain dør ut, skjønar eg det; Helgeland Musikk er ikkje plassen for meg no, så eg røskar av meg hodetelefonane, og snøvlar fram eit "eg skal ha den".

Eg spelte plata heile kvelden, halve natta, fleire dagar i strekk. Og sjølv om mitt forhold til Bruce Springsteen har falma sidan den gang, så har aldri Darkness On the Edge of Town bleikna. Fortsatt tek eg den fram med ujevne mellomrom, og fortsatt er den ein av mine desiderte favorittplater.

Det gjekk heile tre år ifrå utgjevinga av det rock'n'roll romantiske mesterverket Born to Run, til Darkness... såg dagens lys våren 1978 (tre års intervall på den tida var ganske uvanleg). Ikkje minst ein bitter strid med manager og tidlegare produsent Mike Appel (som enda i rettsak), utgjorde ein vesentlig årsak til dette. I tillegg følte nok Springsteen eit visst forventnigspress etter å ha havna på forsida av både Times og Newsweek. Og han hadde kanskje fortsatt Jon Landaus berømte ord "I've seen the future of rock'n'roll, and it's name is Bruce Springsteen" i minne.

Det er ein alvorstung Springsteen som stirrar mot ein frå coveret av Darkness On the Edge of Town, han liknar ikkje mykje på mannen som tre år tidligare var avbilda med eit nå-skal-vi-ut-å-ha-litt-rock'n'roll-moro glis på Born to Run. Og Darkness... er i sannhet eit heilt anna musikalsk måltid, for dette er sangar om mennesker som har smakt på livets bitre pille, og fått oppleve at draumane sannsynlegvis berre var luftslott. Kanskje er det Born To Run sine frihetsøkande optimistar, dagdraumarar og bohemar som opplever at det ikkje var så enkelt som å "pulling out of here to win" eller finne staden der ein kunne ta ein "walk in the sun". For nå er tonen litt annleis, realitetane har vist at her lyt ein slåst, det er slett ingen grunn til å "spend your life waiting for a moment that just don't come". Sangane er i førsteperson, og dei ulike karakterane har det til felles at dei alle på sitt vis stiller spørsmålstegn med den såkalla amerikanske draumen. Nokon er desillusjonert, og har nesten gitt opp å tru på eit betre liv, andre klamrar seg til håpet og ber, mens enkelte er villig til å ta opp kampen og vil "spit in the face of these badlands".

Borte er og den Spectorske "Wall of Sound" lyden frå Born to Run, på Darkness... er det dei kvesste gitarane, den tette band-lyden og full rennafart som rår, dette er med å gjere albumet til Springsteens mest fresande forestilling nokon gong.

43 minuttar med handlingsmetta rock'n'roll. Sjølv om det er med Darkness... som med alle andre plater, - alt glitrar ikkje like mykje. Låtar som Prove It All Night og Streets of Fire, høyrer ikkje til rockehistoriens mest briljante, men har begge sin misjon på denne utgjevinga, og eg ville ikkje vore dei foruten.

Eit par trinn høgare oppe på kvalitetsstigen (og nå nærmar vi oss klassikarstatus) finn vi: Den saktegåande, suggerande Something In the Night, deleriske og hyperaktive Candy's Room, og den orgel/piano dominerte melankolske visa Factory, om fabrikkarbeidarens monotone liv.

Dei resterande 5 låtane er pur rock'n'roll magi:

1. Badlands
2. Darkness On the Edge of Town
3. Adam Raised a Cain
4. Racing In the Street
5. Promised Land

Eg begynner nederst på lista:
I den drivande og straighte rockelåta Promised Land, drøymer ein ung mann om å kunne seie farvel til sin tarvelige tilværelse, for å finne "the promised land". Ei låt der orgel og piano er vel så dominerande som gitarane, men som kanskje har sin fremste signatur i eit pågåande munnspel.

Trillande pianotonar dominerer balladen Racing In the Street, den startar spartansk, men får etterkvart forsiktig følge av heile bandet, spesielt trommeinnsatsen til Max Weinberg bringer låta opp i ein høgare sfære midtveis. Nok ein sang om tomhet, der kappkjøring med bil blir løysinga, eller kanskje ikkje?

Før nevnte Adam Raised a Cain, er eit brutalt oppgjer med arven frå vore forfedre, ein blues-utblåsing med fleire bibelske bilder. Den når sitt høgdepunkt idet eit djevelsk gitarparti eksploderer over i siste vers og Bruce syng frådande; "In the bible, mama, Cain slew Abel, and east of eden, mama, he was cast".

Albumet finn sitt klimaks i det monumentale avsluttande tittelkuttet, Bruce har kanskje aldri sunge betre enn kva han gjer her, og samstundes får han god støtte av fyndige basstonar, tunge trommerytmar, i ein sang om mannen som har tapt det meste og freistar sin tilværelse "In the darkness on the edge of town".

Også er det Badlands då, denne fryktlause sangen som gang på gang berre bygger seg opp, opp og opp, før den eksploderer i eit refreng som kjem skoten ut av ei kanon lada med både motlaushet og forbannelse; dynamitt og dynamikk i heftig samspel.

Dette og mykje meir er Darkness On the Edge of Town. Den gong, i 1980, stod plata for meg som ein utblåsing heilt på linje med Inflammable Material, London Calling og Easter, og det gjer den fortsatt.

comments powered by Disqus

 



Kenneth Fjelde
2005-02-07Frysninger

Dette albumet er det beste som noensinnet er laget, får FRYSNINGER hver gang jeg tar frem denne cd'en...

Jens Wildman
2008-08-13

"....der kappkjøring med bil blir løysinga, eller kanskje ikkje?
Jens Wildman - Racing handler da slettes ikke om kappkjøring. Hello?

"Før nevnte Adam Raised a Cain, er eit brutalt oppgjer med arven frå vore forfedre"
Jens Wildman - Kanskje det, men først og fremst et rivende oppgjør med sin far.

Ellers en flott anmeldelse!

Øys
2010-08-25Nydelig

Fantastisk bra anmeldelse, spesiellt å lese om dine egne minner angående platen og hvordan du oppdaget det. Blir mer personlig og litt mer Bruce :-) Dette er en plate på stjernehimmelen...som aldri vil dø ut! Fikk høre Racing live på konsert, og det var en opplevelse ingen andre konserter har nådd opp til. Bruce, we love you!

Hippe Langstrømpe
2010-08-26Broooooce

"Darkness" er og blir en skarpt skåret plate uten fett og dødpunkter. Men etter tredve år med plata synes jeg kanskje den er litt 'tømt'. Det er sjeldent jeg spiller den lenger og plata har vel heller ikke snurret jevnt og trutt på spilleren min siden 80- tallet. Som med de fleste Bruce-platene kanskje, med unntakk av de to første, er de ikke så veldig musikalskt oppfinnsomme eller lyrisk fantasifulle. Men så er det vel det som appellerer med mannen også, at han liksom har begge beina på jorda.

Han er lett å foholde seg til og kjenne seg igjen i. Så kan man heller høre på Syd Barrett om man trenger noe litt lengre ut.

Gleder meg litt til nyutgivelsen av "Darkness" til høsten da, jubileumsversjonen ...

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo