cover

AminaminA

Amiina

CD-EP (2005) - The Worker's Institute / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Eit underleg puslespel

Strengeleik frå forblåste Island med internasjonale dimensjonar av vikarierande Sigur Rós-medlemmar.

Amina består av fire unge Reykjavik- kvinner som komponerar maleriske og orientalske melodiar på eit rikt utvalg strengeinstrument importert frå verdas fire hjørner. Som i eit fargerikt lappeteppe formast uvante mønster og strukturar av små møysomelege detaljar – detaljar som repeterast og varierast over tid. Sjølv om EPen AminaminA er gruppa si debututgjeving, er det likevel ikkje heilt ferske blad vi har med å gjere. Mest kjent er Amina kanskje på bakgrunn av sitt live-samarbeid med sine nasjonsfrendar i Sigur Rós og deltakinga på albumet Tripper (2004) til de danske darlings Efterklang.

Pompøst og majestetisk er uansett adjektiv ein kan stryke av blokka når ein skal vurdere denne utgjevinga; dette er langsamt dvelande, svevande og messe-aktig pling-plong som høver seg til mediterande seansar eller kunne blitt brukt under seremonielle overgangsriter.

Dette er soundtracket til ein asiatisk kung-fu-film av det meir stilleståande slaget. Dette er ikkje musikk eg vanlegvis høyrer på, men det har likevel noko tiltalande over seg. Melodiane formast lagvis. Amina tek gjerne utgangspunkt i eit instrument eller ei enkel tone og let denne danse omkring stadig tilføyande element som både bryt og forlengar det opphavelege. Med sterk bruk av klang, ekko og diverse lydar som kunne blitt tatt opp nede på havets botn skaper dei eit særeigent og spanande lydbilete. Utan verbale innslag inviterar musikken lyttaren til å danne sine eigne bileteassosiasjonar og framstår som små behagelege draumesekvensar som er klare til å omsluke dine høgst personlege tankar.

Mange av dei ulike instrumenta som blir brukt (utan at eg klarer å navngje dei i korrekte termar, glassophone er visst ein av desse) har ein klar eigenheit og samtidig ein viss geografisk tilhøyrigheit – i alle fall er det slik eg føler det. Ser ein det som ein visuell flytur tek fløyte-fanfaren (men inga sekkepipe) på Hemipode oss galant over det skotske høglandet, før ei harpe-sak inviterar oss over ein japansk bonzai-hage, som igjen blir etterfulgt av ny strengklang over eit melankolsk islandsk vinterlandskap (Bláskjár). Men kanskje er det eg som er på skogstur her.

Det er derimot litt krevjande å vie denne EPen si fulle merksemd. For AminaminA kan, på tross av sine skarve 19 minutt speletid, vere ein god øving i tolmod. Ein kan rett og slett gå litt lei og under nokre lyttingar har eg knapt nok ensa at musikken har rulla og gått i bakgrunnen. Ofte er det vakkert og engasjerande, andre ganger blir det litt for anonymt og forgjengeleg.

AminaminA viser likevel eit band som står stødig på eigne bein.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Ghostface Killah - Bulletproof Wallets

(Epic)

En gang i tiden var Wu-Tang banebrytende. Dømmer man ut fra GFKs nye plate har de gått over til å lage helt vanlig, rett fram jævlig bra musikk.

Flere:

Archie Bronson Outfit - Coconut
Flying Lotus - Cosmogramma