cover

As Onasis I & II

Richard Swift

2 x CD-EP (2008) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Blues / Rock'n'Roll / Surf / Dub / Garasjerock

Spor:
Knee-High Boogie Blues
SM60
The German (Something Came Up)
Greaseball Blues
Opt I
Du(m)b I
Sign Language
Even More Sign Language
Opt II
Field Painting


Du(m)b II
Your Mom
Phone Coffins
Dutch
Whistle at the Bottom of a Shoe
Vandervelde Blues
Ha Ha Suckers
Vandervelde Blues II
JLH
Opt III

Referanser:
Howlin' Wolf
Screamin' Jay Hawkins
Link Wray
John Lee Hooker
Captain Beefheart

Vis flere data

Se også:
The Novelist - Richard Swift (2003)
The Richard Swift Collection Volume One - Richard Swift (2005)
Dressed Up for the Letdown - Richard Swift (2006)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Swikt

Hei hei Richard Swift kva har du gjort? Oppdaga Link Wray og rota deg bort.

Er du blant dei av oss som har funne hugnad i unge Swift sin eigenarta og høgst potente retropop skal du slett ikkje vere så sikker på at du finn fyren like interessant As Onasis. For dette er noko heilt anna.

For nokre månader sidan gjekk det rykte om at Swift hadde funne vegen til Wilco sitt loft, der han skulle vere i full gang med oppfylgjaren til ulastelige Dressed Up For the Letdown. Om han berre tok seg ein pause derifrå, eller om han rømte loftet for godt, veit eg ikkje, men eg veit at han har vore i kjellaren. Vel, veit og veit, men det høyrest i alle fall sånn ut her på hans nyaste framstøyt.

As Onasis er noko så uvanleg som ein dobbel-EP. Det er absolutt ikkje nødvendig at den er dobbel. Strengt tatt er det alt anna enn nødvendig at den er her i det heile. For dette er heller semre saker frå den talentfulle Swift.

Underteikna har mang ein gong rava ekstatisk over råbarka, primitiv og uforedla rock'n roll av ulikt slag. Det slaget Swift byr på her er milevis unna å ha ein slik verknad på meg. Dette blir for primitivt, for skisseprega og uferdig. Ja det er som om fyren har reist ned i kjellaren for å gå opp til eksamen i rå rytmisk musikk og så enda opp med å levere frå seg kladden, og berre den.

Til saman tjue spor gjort unna på i underkant av førti minutt. Dei fleste instrumentalar. Dei fleste altså skisser av noko som kanskje kunne blitt til noko. Gjentakande gitarriff eller keyboardsklunking i selskap med driftig rytmikk, som nesten utan unntak ramlar inn i trøyttande former i staden for å vise vågemot, slå kollbøtte, ta fyr, ha suggererande evner eller drive inn i fargerike landskap.

Inspirasjonen har Swift, som vanleg, henta frå tonar som grodde fram for ei god stund sida. Karar som surf-gitaristen Link Wray, den hovudskallsvingande Screamin' Jay Hawkins, og bluesråtassen Howlin' Wolf er vel tre av dei fremste inspirasjonskjeldene for dette. Men, som de har skjønt, han er aldri i nærleiken av å komme opp med noko som kan vise til den gløden og villskapen som desse karane tufta det meste av sitt virke på. Han blir vel mest ein puslete liten pastisj utan verken Wang Dang Doodle i beina eller særlig til Rumble i blodet.

Okey då, to habile unntak; den luftige vesle keyboardskolorerte dubsaken Du(m)b II, og den drivande og psykisk ustabile JLH med sitt gjentakande mantra "John Lee Hooker".

Men mest lurer eg ganske så kraftig på kor den kritiske sansen til Swift og Secretly Canadian har vore hen når dei fant ut at dette var noko å presentere for folk.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo