cover

Candle To Your Eyes

Shapes and Sizes

CD (2010) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk / Prog / Soul / Funk

Spor:
Tell Your Mum
Sing Them Songs
You Don't Have To Drink From Here
Too Late For Dancing
Time Has Practically Stopped
I Need An Outlet
23 And Rizing
The Hit Parade
Old Worlds

Referanser:
Deerhoof
The Fiery Furnaces
Frog Eyes
Wolf Parade
Prince
Nina Simone

Vis flere data

Se også:
Split Lips, Winning Hips, a Shiner - Shapes and Sizes (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Arty og funky

Eit artrock-band kler seg i soulfargar, og ein tydeligare dynamikk.

Det har gått føre seg på dei to første platene til Shapes and Sizes. Litt i meste laget føre seg i grunn. Så sjølv om dei så absolutt har påkalla interessa har dei også vore så fulle av idear og påfunn at groovet og dynamikken har hamna litt i bakleksa, og bandet har (i alle fall tidvis) vore meir slitsame enn gjevande å ha med å gjere. På Candle To Your Eyes har dei samla seg.

Det er nok av former, størrelsar, fargar, akrobatikk, vanvidd og utforskartrong i dette tredje forsøket også. Men denne gongen er det ramma inn, blitt gitt eit skarpare fokus, eit dunklare vesen, eit soulsøkande vesen, og ikkje minst eit groove. Og dermed vart gjengen frå Montreal med eitt langt meir gjevande enn slitsame å ha med å gjere.

Stemma til dama i kvartetten, Caila Thompson-Hannant, har fått ein enno meir sentral plass i bildet. Den er høgt, den er lågt, den er leiken, den er søkande, den er dvelande, den er kvitrande. Den kan opplevast slitsam, men langt oftare er den ei formskiftande drivkraft.

Soul og groove, rhythm & blues, funk og sex. Dei fire bleiktryna i Shapes and Sizes flørtar med den svarte musikktradisjonen på eit vis dei ikkje har gjort før, og får kontakt. I den store, romslige og truande sakte-funken Tell Your Mum, med ei Caila som skiftar mellom resitasjon og melodisk soulsøking. Under dei mørke vengene til eit meir enn gunstig bassgroove i You Don't Have To Drink From Here. I ei temposkiftande skjør & garasje form i Time Has Practically Stopped. Og i det avmålt gyngande, sensuelle, og The xx-slekta høgdepunktet Too Late For Dancing, med ei Caila som ikkje overlet så altfor mykje til fantasien; "please lay me down and cover my, ah-ah, ah-a-a-haa".

Gitartonen til Rory Seydel omfattar ikkje bluesriff, den jamrar og kvin, pitlar og freser meir innafor det vi vel kan kalle postpunk og eksperimentell hugnad. Syng gjer han stort sett berre på I Need An Outlet. Ei låt der eit Mississippi-groove driv inn i Echo & the Bunnymen-farvatn.

Kva det vert sunge om i dei ulike songane kan vere noko utfordrande å få heilt tak i, men det verkar vel helst å vere om slikt som kjem krypande i dei dunklare krokar og timar av liv og døgn. Slik det til dømes gjer når bandet flytter moderne tonar og tankar inn i sjela til ein gammal sørstadsby, kallar låta Old Worlds, og skapar seg eit lite augneblikk om til ein heller suspekt gospelbande. "If I die, and my soul go down, it's nobody's fault but mine" lyde mantraet då.

Dei har blitt eit anna band, eit betre band. Men dei er framleis art-rock bandet Shapes and Sizes også. Art-rock bandet Shapes and Sizes med eit groove, og med ei verkelig god plate.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: