cover

Sleep/Holiday

Gorky's Zygotic Mynci

CD (2003) - Sanctuary

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock

Spor:
Waking for winter
Happiness
Mow the lawn
Single to fairwater
Shore light
Country
Eyes of green, green, green
The south of France
Leave my dreaming
Only takes a night
Pretty as a bee
Red rocks

Referanser:
Teenage Fanclub
Super Furry Animals
Belle & Sebastian

Vis flere data

Se også:
How I Long to Feel That Summer in My Heart - Gorky's Zygotic Mynci (2001)


Modning

I 2003 slapp Gorky's Zygotic Mynci både eit nytt studioalbum og ei samleplate med singlane dei gav ut på Ankst frå 1994 til 1996.

Modning kan vere eit irriterande fenomen, spesielt når det rammar stikkelsbær eller artistar med barnleg livsglede og fantasi som dei største forsene sine. For Gorky's Zygotic Mynci starta nedturen allereie i '98, då dei med Gorky 5 sa hasta la vista til spenstige plate- og songtitlar, fargerike cover, sprudlande låtskriving, progressive arrangement og uvanleg instrumentbruk; alt som stod att var festbremsen "godt handverk" og ruinar av svunnen popsensibilitet. Før denne fadesen hadde dei walisiske småtassane -- delvis medan dei framleis var i tenåra -- levert fire album fulle av psykedelia, folk, krautrock, pop, keltisk mytologi, apekattar (mynci er walisisk og tilsvarer engelsk monkey), skulking og ville innfall. Den mest balanserte og vellukka av desse var fjerdeplata Barafundle, der dei hemningslause tankespranga frå tidlegare år ikkje fekk lov til å øydelegge heilskapen gjennom upassande avsporingar eller innhaldslause lydlandskap, men i staden gjorde seg seg gjeldande i form av ein endelaus straum av melodiar, idéar og merksnodige instrument.

Etter Gorky 5 tok bandet eit lite steg tilbake i retning røtene, og tende med ablegøyane på Spanish Dance Troupe og den småmagiske akustiske miniplata The Blues Trees eit håp om at Gorky's Zygotic Mynci likevel kunne blomstre i vaksenpopen si verd. How I Long To Feel That Summer In My Heart hadde òg sine stunder, men var farleg stilleståande, og i dag framstår GZM som eit ferdigutvikla og forutsigbart band, som sit fast i tankemønster og formlar frå dei føregåande platene. Skremmande mange av songane på Sleep/Holiday er resirkulerte utgåver av tidlegare innspelingar -- dei mest openberre døma er "Mow The Lawn" versus "Poodle Rockin'", "Pretty As A Bee" versus "Foot And Mouth '68" og "Red Rocks" versus dei siste minutta av "Christina" -- ein sit med ei nærmast konstant kjensle av å høyre på ein mosaikk av idéar saksa frå gruppa sine tre-fire siste plater. Dette er ikkje alltid gale: plata sitt soleklare høgdepunkt, den erketypiske GZM-balladen "Happiness" gjer ikkje skam på slektningane "The Humming Song" og "Face Like Summer, men sett under eitt skrik Sleep/Holiday etter friske idéar. Euros Childs har alltid hatt denne mykje omtala teften for Den Gode Melodi, sjølv om han aldri vore ein spesielt original låtskrivar (særpreget til GZM har lege i det unike referanseuniverset og den leikne tilnærminga musikken), men no er det berre smular att; det einaste som gjer dagens GZM verdige nokre runder i spelaren, er den uanstrengde ekspertisen som pregar arrangementa og produksjonen. Songane flyt over av akustiske gitarar, piano, fiolinar, pollen og bris, men det blir aldri for mykje, det blir aldri grautete; alle instrumenta finn seg til rette i heilskapen som enderima i ein song av Stephin Merritt.

Men 2003 var ikkje berre trist for den reaksjonære delen av GZM-fansen: På våren kom singelsamlinga 20 (Singles & EP's '94 – '96), som inneheld alle kortspelarane tøysegjengen gav ut på Ankst i denne perioden. Gitt samlinga sin ikkje-selektive og B-side-inkluderande natur er kvaliteten naturlegvis variabel, men A-sidene held ein nesten latterleg høg standard: "Merched Yn Neud Gwallt Eu Gilydd", med refrenget "There's no need to worry!/ Why do you say that, Stevie?/ 'Cos we ain't got school in the morning, baby, no no no no, ain't got school in the morning", er eit usannsynleg vellukka stykkje progressiv powerpop piska fram av fiolin og frynsete gitarar; "The Game Of Eyes" høyrest ut som temamusikken til eit traumatiserande og marerittaktig barneprogram om walisiske sagnfigurar, men må samstundes karakteriserast som meir enn gjennomsnittleg fengjande; "Miss Trudy" er ei nydeleg falsett- og blokkfløytevise om ei lærarinne med mentale problem. Men høgdepunktet er "If Fingers Were Xylophones"", som i tillegg til å vere ein av dei desidert sterkaste singlane frå nittitalet, illustrerer kva slags unikum GZM ein gong var: I løpet av tre minutt og femten sekund får vi ein handfull temposkifte, alskens fløyter, messinginstrument og minisynthar, felegnikking, handclaps, tralling og lalling, og eit strålande vakkert og vemodig refreng som står i skarp kontrast til det muntre, barnslege og halvfunky verset.

Den musikalske utviklinga til Gorky's Zygotic Mynci frå ungdomsåra til Sleep/Happiness speglar seg i songtitlane: "If Fingers Were Xylophones", "The Game Of Eyes" og "When You Laugh At Your Own Garden In A Blazer" manar fram bilete av ungar som spring rundt og finn eventyr i kvar einaste kvardagslege ting, medan "Waking For Winter", "Happiness" og "The South Of France" får ein til å tenkje på døsige vaksne menneske som har funne sin plass i livet og ikkje har meir å undre seg over. (Eit anna interessant poeng er at Sleep/Happiness er bandet si første plate utan spor av walisisk språk, men om dette skuldast tapt fedrelandskjensle, marknadstilpassing eller berre tilfelle får vere opp til nokon andre å spekulere i.) Eg er redd GZM sine dagar som eit fabelaktig forfriskande poporkester er over for godt, men eg er ikkje i tvil om at dei vil halde fram med å gi ut velprodusert visepop som får kritikarar til å lengte etter våren og gi altfor gode karakterar.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Monster Mike Welch - Cryin' Hey!

(DixieFrog)

Unge og lovende Mike Welch kommer ut av det blå og leverer fra seg noe så deilig som en komplett, moderne bluesplate.

Flere:

Secret Chiefs 3 - Traditionalists – Le Mani Destre Recise Degli Ultimi Uomini
Jonas Kullhammar Quartet - Plays Loud For The People