cover

Under the Pavement - The Beach

Deportees

CD (2009) - Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Soul

Spor:
Turn Back Time

Under the Pavement the Beach

Will You Talk (If I Listen)

When They Come
When I Feel Too Free

Tell it to Me Like You Told it to Them
Back to Nature

Wherever I Lay My Head Tonight

Ready For It

Out of Love
I Wanna Be In Your

Referanser:
Moneybrother
Ed Harcourt
Brendan Benson
Wilco
Phoenix
Fleetwood Mac
Dexy's Midnight Runners
Talking Heads
Paul Simon
Prince

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Dette er pop

Ganske så uforstyrra av sine mange lån presenterer den svenske kvartetten eit popmelodisk millionoverskot få gjer dei etter.

Så har eg også oppdaga at det finst eit popband i Umeå som kallar seg Deportees. Det måtte eit tredje album til for at så skulle skje. Eit ganske så skarpskodd album, faktisk. Ikkje fordi det tar meg inn i eit sonisk bilde som verkar grensesprengande eller nytt på noko vis. På ingen måte.

Det tredje albumet til Deportees er fundert på poptonar plukka der mange har plukka før. Men du verden så elegant dei presenterer det dei har plukka. Elegant, melodisk, og uimotståelig. Det gjorde dei for så vidt på sine to første album også, All Prayed Up og Damaged Goods. Det har eg oppdatert meg på via Spotify dei siste vekene. Men dei popdynamiske perlene kjem enno litt tettare, og funklar enno litt skarpare, denne gongen.

Perler som gjer seg til kjenne gjennom ein rasjonell og delikat spelestil. Ein stil som handlar om å vere til stades i songen, ikkje overausa den, ikkje motarbeide den. Men gje den sonisk næring, og retning, i takt med dens puls, i tråd med dens temperament. Stundom varleg, stundom energisk. Alltid friskt. Aldri brautande.

Perler som gjer seg til kjenne gjennom songaren Peder Stenberg si kjenslevare og rikt fasetterte røyst. Ei røyst av det slaget som like gjerne uttrykker seg i dei støvete som i dei tindrande som i dei falsettforma tonelag.

Den mest essensielle suksessfaktoren meiner eg likevel å finne i låtane sitt eige ibuande vesen. Forma som dei er i melodiske mønster som evnar bite seg fast. Kraftig fast. Noko dei brukar særdeles kort tid på å lukkast med. Tru likevel ikkje dei av den grunn trøtnar, mister krafta og slepp taket etter ei stund. Nei, dei går i blodet. Og dei blir der.

Slik er det ofte med god pop. Og dette er god pop, og vel så det.

Det er god pop når broder Anders Stenberg lar gitaren ringe, lar gitaren springe, og når han lar gitaren gjenta den same enkle tonen i eit manande mønster. Rundt om på plata, eller i ei og same låt. I Tell It To Me Like You Told It To Them. Dette melodisk sigerfulle og sentralt plasserte høgdepunktet, som talar om dei uregjerlige kjenslene som tar makta over fornuften i eit forholds aller aller siste time. Først nesten lakonisk, om taxien utanfor, om den fullpakka bagen. Men det snører seg til, det bygger seg opp. Feberen stig og det går ein djevel i han. Ein beisk djevel, ein såra djevel. For er det slik du vil ha det, vel så gjer det slik då. Er det han du vil ha, ja så ta han då. Ikkje stå der og kop. Ikkje be om årsak. Ikkje forklar. Reis, reis, reis. Eg vil heller gløyme. Men, "it was an honest mistake". Smertefull pop, uforgløymelig pop.

Det er god pop når Mattias Lidstrøm sender inn sine trillande pianotonar. Eller når han pøser på med lyd frå keyboardet sitt, medan songaren spør "will you talk, if I listen?". Og funky, funky soulpop vert skapt. Soul er det også mykje av, veldig mykje av, i den sofistikerte balladen When They Come. Og det er heller ikkje fråverande i albumets andre ballade Wherever I Lay My Head Tonight. Ein såraugd og "you weren't supposed to leave me now"-type ballade, med varmblodig harmonisong og mjukt gyng.

Det er god pop når produsent Måns Lundberg lar bassgitaren gå i dunkle og brunstige former i When I Feel To Free. "And it don't feel a thing like dancing" syng songaren, men det er ingen fjern tanke hos underteikna. Det er det heller ikkje når trommis Thomas Hedlund lar rytmane koke i Graceland-afrikanske Paul Simon-former i I'm Ready For It. Og røysta til Peder Stenberg dansar med. Og det blir pop, heftig pop.

Men direkte lystig pop er ikkje dette her. Til det handlar det vel for mykje om kjensler som gneg, smertar og plagar, og mindre om kjensler som ler, jublar og sprellar. Slik har vemodet ei stor rolle, men lyset slepp til, det gjer det. Håpet også, og draumen.

Ta til dømes opningssporet, det spretne folkpoptilfellet Turn Back Time. Temaet er misnøye og anger, men her blir også uttalt fleire tankar om kva som kunne blitt gjort annleis, og betre. Sjølv om det nok må ei tidsmaskin til for å gjere tankane om til handling. Då er nok endringane langt nærare ei forløysing i tittelsporet. Der vi møter ein skadeskutt hovudperson som er villig til å ta eit oppgjer med seg sjølv, kjenne vinden i håret, og sjå framtida i augene.

Den underfundige og optimistiske tittelen har Deportees forresten henta frå ein vegg i Paris anno 1968. Og om det ikkje er den store og omfattande revolusjonen dei slår eit slag for, så kan ein vel meir enn ane ei rekke mellommenneskelige omveltingar rundt omkring på plata (og slikt skal ein ikkje sjå for smått på). Nokre gonger landar desse omveltingane vondt og brutalt, andre gonger tar dei seg forbi barrieren, og då kanskje til stranda, til bølgjene, og til ei framtid med solstråler på.

Slikt syng Deportees om, slik er popen deira. Den er vel verdt å plukke opp.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo