cover

To Realize

Clipd Beaks

CD (2010) - Lovepump United / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Prog / Space rock / Støyrock / Krautrock / Post-punk / Eksperimentell

Spor:
Strangler
Blood
Broke Life
Visions
Home
Atoms
Dust
Desert Highway Music
Jamn
On One
Shot on a Horse

Referanser:
The Nice
Tangerine Dream
Sigur Rós
Liars
Sightings
Health
Spacemen 3

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Speisa utflukt

Stratosfærisk prog-psykedelia med glimt av storleik frå dette Oakland-baserte bandet.

Det er noko ytterst sjarmerande med desse skranglande og sære banda som kjem ut av California sin undergrunn. Mange gonger verkar det som om det ikkje er noko som helst grense for kva som er gangbar mynt når det gjeld eksperimentering hjå mange av dei. Clipd Beaks er eit av banda som tilhøyrer denne tidvis flotte tradisjonen av speisa tekstar, ekspansive lydlandskap og lange instrumentalparti. Med andre ord, dersom du er ein tilhengar av klassiske treminutts-singlar så er dette noko du skal styre langt unna.

Det er tydeleg frå første stund at bandet aktar å gjere seg sjølv så usynlege som mogleg. Her er det musikken som er det viktige. I reine Pink Floyd-stilen figurerer dei kun på eit knøttlite bilete øverst til høgre på coveret si bakside, og ingen informasjon om bandmedlemmene er å finne nokon stad. Dette kan ein sjølvsagt tolke som ein vil, men denne platemeldaren mistenker bandet for å vere ei smule angripe av mytomani. Den ekstremt reinskårne coverkunsten bommar då også. Den står ikkje til den til tider mektige musikken på noko særleg godt vis. Dette er musikk som fortener coverkunst og eit visuelt følge som står i stil.

Likevel, det er trass alt musikken som er det viktigaste og her er det mykje ein kan glede seg over. Bandet framviser ei særdeles leikande innstilling. Her skal lyarane vere med på ei lydreise. For det er ikkje melodiar slik me er vane med å høyre dei som bandet lagar. Det er snarare lydmåleri me får servert. Og rett skal vere rett, dei første gongene ein høyrer plata undrar ein seg kva for skrekkeleg kakofoni det er som strøymer ut av høgtalarane. Undertegna var ved fleire høve på veg til e-postlesaren for å nytte seg av kontaktinformasjonen som plateselskapet Lovepump United så generøst hadde vedlagt for å krevje at Clipd Beaks umiddelbart fekk inndrege platekontrakta si. Men, eg besinna meg og bestemte meg for å gi dei nokre sjansar til. Etterkvart fann eg system og harmoni inne i kakofonien og flotte harmoniar steig fram frå det eg hadde sett på som ein søppelhaug til å byrje med.

La oss ta dei beste spora først. Det desiderte høgdepunktet er den seige, men desidert sublime Desert Highway Music. Dette er ein song som blandar dei beste triksa frå vestkystens harmoniske pop, og blandar det saman med møkkete spacerock. Songen må nytast med hovudtelefonar og attlatne augo. Ein kjem nesten inn i ein eigen transe. Musikken kan ikkje kallast anna enn styggvakker, men den er desto meir suggererande. Ein ting er sikkert, dette er noko av det mest originale eg har lånt øyrene mine til så langt dette året.

Det mest melodiske sporet på plata, Jamn, er kanskje det aller vakraste reint melodisk sett. Bortsett frå at den er meir bråkete, så minner den slettest ikkje så lite om klassikaren Set the Controls for the Heart of the Sun. Eit av det nye tiårets første psykedeliske klassikarar. Dette er dessuten ein av dei få songane på albumet som lyaren vil føle at sit ved første gjennomhøyring. Det kan difor vere lurt å spole fram og byrje albumet her dersom ein vil ha ein mjuk start på To Realize.

Bandet er briljante musikarar og teknikarar til fingerspissane skiva i gjennom. Skal ein likevel pirke på noko, så må det vere at produksjonen ikkje yter dei mange gode ideane deira rettferd. Bassen er miksa for langt nede, og det som kunne blitt ein mean groove, for å nytte sidemålet, blir difor snarare noko gjørmete som ein ikkje heilt greier å skilje ut. Det er mogleg Clipd Beaks tykkjer at gjørmebass er kult, men det dreg snarare heilskapsinntrykket av albumet ned. Elles kan det innvendast at mange av songane blir vel like. Ein jam-session kan fostre mange gode idear, men det kan vere ein tanke for bandet å prøve å differensiere akkordprogresjonane ein smule. Det er elles synd at vokalisten, som har ei stemme som er forveksling lik Jonathan frå Mercury Rev til tider, ikkje slepp meir til. Bandet lagar flotte harmoniar som hadde fortent meir merksemd frå dei sjølve.

Alt i alt, elskarar av støyande spacerock vil finne mykje og glede seg over her. Clipd Beaks er på alle måtar eit spennande band som har mange gode idear og glimt av storleik både her og der. Dei har ikkje heilt lært å styre seg og avgrense dei verste utfluktene enno, men med tida kan dei bli eit riktig så flott band å følge med på.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Cato Salsa Experience - The Fruit Is Still Fresh

(Garralda Records)

Cato Salsa og Co. girer opp et hakk fra debuten. Forvent et rush av blod til hodet.

Flere:

American Suitcase - Summerman
Grey de Lisle - The Graceful Ghost