cover

Lost In The Dream

War on Drugs

CD (2014) - Secretly Canadian

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Psykedelia / Ambient

Spor:
Under The Pressure
Red Eyes
Suffering
An Ocean In Between The Waves
Disappearing
Eyes To The Wind
The Haunting Idle
Burning
Lost In The Dream
In Reverse

Referanser:
Bob Dylan
Bruce Springsteen
Neu!
Jackson Browne
Spiritualized
Kurt Vile
Jonathan Wilson

Vis flere data

Se også:
Wagonwheel Blues - War on Drugs (2008)
Slave Ambient - War on Drugs (2011)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Draumen, mørket og den store rocken

The War On Drugs vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein time.

Det hender ein gong iblant at det dukkar opp songar som grip meg noko inderlig. Det kan vere ulike kvalitetar som forårsakar slikt. Som oftast klarer eg ikkje komme opp med ei eksakt forklaring, det er berre noko som skjer. Eyes To The Wind, sentralt plassert på det tredje albumet til The War On Drugs, er ein slik song. Det er ingen innovativ eller ekstraordinær song. Like fullt er den ….. vel, ekstraordinær. På sitt ukompliserte vis. Frå den melder sitt kome i form av ein kort dialog mellom ein akustisk gitar og ein steelgitar til den andar ut (seks minutt seinare) med ein varm saksofontone har songen ei saliggjerande effekt.

Eg trur det går an å seie at Eyes To The Wind har noko storslagent med seg, men at den samstundes er motpolen til pompøs. Det er mange instrument i arbeid undervegs. Men du verden så naturlig og lett dei arbeidar saman. Sym inn, driv ut, gjer gode ting i hop. Skapar eit luftig lag. I velkjente sfærar. Den amerikanske vestkysten tenkte eg dei første gongene. Jackson Browne og Don Henley tenkte eg. Eller kva med mannen som samla seg så storveges rundt slike tonar førre året, Jonathan Wilson? Tenkte eg. Etter fire-fem gonger i selskap med songen slutta eg å tenke slik. Etter det har eg berre tenkt at dette, det er The War On Drugs. Dette er frontfigur Adam Granduciel som syng om å komme seglande "down here on the wind", men som berre ei lita linje seinare ser seg sjølv som eit "train in reverse down a dark road". Det bles ein melankolsk bris tvers gjennom songen. Hovudpersonen kjenner seg "a bit run down here at the moment", men det er ikkje slik fatt med han at han på noko vis har gitt opp. Han set sin lit til vinden. Ja eg meiner beint fram å høyre ein jubel i røysta til songaren idet han bringer låta inn i sin avsluttande instrumentale fase, med desse orda: "Yeah, I'm all alone here, living in darkness, all right".

Det hender ein gong iblant at det dukkar opp plater eg kjenner meg sterkt knytt til. Det kan vere ulike årsaker til det. Det kan stundom til og med vere vanskelig å forstå, eller å forsvare for den saks skuld, men det skjer. Det tredje albumet til The War On Drugs er ei slik plate. Ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den. På sin måte. Frå den melder sin kome med forstyrra hypertikkande perkussivitet til den glir bort i ein mild synthbris 60 minutt seinare har den vist seg som ein romslig draum, elegisk og håpefull, og djupt inspirert.

Det minst originale ein kan gjere når ein skal omtale The War On Drugs er sannsynlegvis å komme drassande med Bruce Springsteen. Eg avgjer her og no at eg ikkje går inn for å være original og kjem derfor drassande med Bruce Springsteen. Eg høyrer visse avtrykk av den mannen på plata, og eg høyrer veldig vel at Burning dansar rundt der Dancing In the Dark vart til. Ein song som avgjort ikkje høyrer med til Springsteen sine beste. "You're not the demon in the dark" syng Granduciel og får sin song til å danse med meir oppriktig spenst og luftig eleganse enn kva Springsteen fekk til.

Det er ikkje særlig meir originalt å komme drassande med Bob Dylan. Granduciel brekar ikkje like fabelaktig som den gamle trubaduren (absolutt ikkje) men det er likevel noko med fraseringa hans, på meir enn eit par av songane; den har ein dylansk snert i seg. Idet opningssporet breiar seg ut og opningslinja – "Well the comedown here was easy" – blir levert, så er den der, snerten. I ein song som handlar om eit forhold i ferd med å rakne. Om ein fyr som er i ferd med å miste grepet, "just trying not to crack under the pressure".

Tida etter at Adam Granduciel hadde turnert sitt førre album Slave Ambient skulle vise seg å bli problematisk. Han og dama slo opp, han dreiv inn på eit spor der han byrja mista grepet om tilværet, psyken vakla. I denne tilstanden, heime på kammerset, byrja han så innspelinga av det som til slutt skulle bli Lost In The Dream. Han har ikkje gjort heile plata åleine. Han har hatt eit band rundt seg, men mykje har han gjort sjølv. Han står oppført med ansvaret for seks-sju instrument på kvart spor. Ein multiinstrumentalist altså. Og eg kan sjå han føre meg, der heime på kammerset og i platestudioet, på kvilelaus jakt etter den perfekte soniske drakta for song, etter song, etter song. Med ein aldri forsvinnande uro for at det sikkert finst betre løysingar. Så derfor; -flikkar vi litt her, stryk litt der, opnar opp litt her, puttar på nokre tonar der. Eller kanskje ikkje? 16 månadar tok det Granduciel å gjere plata ferdig. Det har som de skjønar ikkje blitt eit overprodusert og perfeksjonert galmannsverk. Det har blitt ei plate med ein heilt naturlig flyt i seg.

I desse låt-tider utfordrar nok ei plate på 60 minutt tålmodet til folk. Og kva med låtar som varer i 6, 7, 8, og 9 minutt? The War On Drugs ignorerer ganske så elegant problemstillinga, og driv inn i musikken, tar seg tid der, dveler, og kolorerer både ein, to og tre gonger til. Tonane blir tilført eit meditativt aspekt. Glir inn i soniske landskap som er i slekt med grubleri og dagdrøyming.

Låt etter låt med vennlegsinna synthlinjer straumande gjennom seg, det er Lost In The Dream det. Låtar som blir oppvakt gitarbehandla, lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Der det rytmiske spenner frå det bedagelige til det meir oppdrivne. Låt etter låt som behandlar sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Låt etter låt som har ting til felles, som er tru mot platas filmatisk drøymande vesen, men som like fullt presenterer seg med personlegdom og eigenart.

Den kjapt flytande Red Eyes, med sitt subtile "whoo!", treffsikre ekspansjon, og knurrande saksofontonar. Den sakte svivande Suffering, med sin "I can be bigger then the tones" påstand, og sine grasiøse overgangar frå piano, til gitar, til saksofon. Tittelkuttet, som er ein enkel og vakker song om draum og minner, vonde minner og gode minner, og ei påminning om at "love's the key to the things that we see". Medan avslutningssporet, In Reverse, har ein ambient og varleg gnislande vind i seg, eit tiltakande vesen, og ei smått dylansk opningslinje som set agendaen; "meet me out in the street, talk about the war with me".

Big music, stor musikk, klassisk rock, i ein skapnad som når alt kjem til alt og strekar og slikt skal settast under svaret er og blir The War On Drugs, og lite anna.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo