cover

Little Heart's Ease

Royal City

CD (2004) - Three Gut / Rough Trade / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Countryrock / Folk

Spor:
Bring My Father a Gift
Jerusalem
She Will Come
Count the Days
Can't You
Cabbage Rolls
My Body Is Numbered
O Beauty
Ain't That That the Way
That My Head Were a Spring of Water
Enemy
Take Me Down to Yonder River

Referanser:
Will Oldham
Neil Young
Flying Burrito Brothers
Songs: Ohia

Vis flere data

Se også:
Alone At the Microphone - Royal City (2003)
Alone At the Microphone - Royal City (2003)
1999-2004 - Royal City (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Kropp og sjel

Uttrykksfull og rett så fin gitarbasert rock frå Toronto, med religiøse overtonar.

Forholdet mellom salig forlystelse og salig religiøsitet er blitt behandla ein del gonger i musikalsk samanheng. Særlig innanfor den afro-amerikanske musikk-kulturen blir tilhøvet mellom desse tilstandane helde varm. Og hos sangarar som Al Green, Sam Cooke, Aretha Franklin og Solomon Burke er ikkje spranget frå religiøse ytringar til det å skildre kroppsleg begjær stort. Litt mindre vanleg er det at desse tilstandane går i pasjonert tospann hos kvite musikarar innan rocketradisjonen. Og når det først blir gjort er det nok som regel i ein meir reservert fasong.

Sjølv om det nok ikkje gjennomsyrar alle 12 låtane på den canadiske kvartetten Royal City sitt tredje album, er både den menneskelege kropp og dens vesen, samt tankar og uttrykk henta frå den kristne tradisjonen, stadig gjentakande tema. Kanskje ikkje så rart, med tanke på at låtskrivar, sangar og frontfigur Aaron Riches er i full gang med eit omfattande teologisk studium. Men samstundes som han er ein religiøs grublar viser han altså også - ei for så vidt naturleg - interesse for mennesket sine meir sansbare kroppslege behov. Dermed får svett glede og fortvilelse på ulike plan komme til uttrykk, om enn i noko meir nøkterne former, både musikalsk og tekstlig, enn hos Al Green og kompani.

Albumet sin åpningstrio illustrerer vel dette greit. Den ikkje så lite Nick Cave-farga Bring My Father a Gift er utstyrt med eit sprekt gospel-liknande kor og lovnaden om at "He will come". Turen går så via den heilage byen Jerusalem, og dens gråtande døtrer, til hektisk Dylansk sangstil som endar i eit samstemt "She will come", i låta med samme namn. Tolkingsalternativa er definitivt fleire, men dei fleste er vel å finne innanfor begrepene kropp og sjel.

Royal City lener seg stilmessig trygt på mykje av den gitarbaserte musikken som er blitt presentert for verden dei siste 40 åra. Mest kanskje i retning av den som har tatt innover seg inntrykk frå folk og country-tradisjonen. Dei er eit band som varierer uttrykket sitt ganske så fint. Og endar opp med ei låtrekkje som i form og farge er rimelig romsleg, samstundes som det heile heng godt i hop. Fleire av spora på Little Heart's Ease har sine korte glimt av gitarkaskader med gener tilbake til Velvet Underground. Men dette er berre ei lita brikke i mønsteret. Meir dominerande er nok den før nemnte folk- og
country-påverknaden. Og den audmjuke Cabbage Rolls med sine steel gitar-innspel er i så måte eit ypperlig eksemplar av arten. Det samme kan ein vel og seie om Flying Burrito Brothers pastisjen My Body Is Numbered. Og sidan vi først er i countryrock-fødselen sin tidsalder, Ain't That the Way er veldig The Byrds. Ellers dukkar det opp eit par spartanske men absolutt glødande tilfeller i Neil Young si ånd, O Beauty og That My Head Were a Spring of Water, også. Medan den langsomme og tilgjevande valsen Enemy streifar områder Will Oldham har besøkt i Bonnie Prince Billy si forkledning. Som avslutning kjem så ei bønn om å få vitje elva på den andre sida. Med ein tekst som er både mektig og litt utriveleg; "Turn your sweet face from my offending, from the flesh of hate that sticks to me". Men den er utstyrt med vakre tonar. Frå ein Aaron Riches med atskillig melodirikdom under kjortelen.
Og eit band som veit når dei skal spele og når dei skal teie.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo