cover

Antony and the Johnsons

Antony and the Johnsons

CD (1998) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Verda er ei scene

Mørk og sørgmodig røyndomskildring frå teater- og cabaret-underhaldar Antony. Nevnte eg at albumet også er ei musikalsk skattekiste?

Besøkte du den syndige nattklubben Pyramid i New York tidlig på 90-tallet er det godt mulig du oppdaga ein androgyn type med navn Antony som slynga seg på gulvet i heftige cabaretframvisningar framfor eit ekstatisk publikum. Men mest sannsynleg gjorde du vel ikkje det? Du holdt deg vel heller i Norge, du? Ja, eg gjorde også det. Ytterst gledelig er det difor at Antony i perioda 1997-1998 tok beina fatt til eit lokalt platestudio for å udødeleggjere sine teatralske nummer.

Neste gong du saumfarar platebutikken eller musikkbiblioteket for å finne litt melankolsk haust-snacks, kan det løne seg å sjekke ekstra nøye under kategorien "pompøse og bittersøte cabaret-tonar". Der vil du og finne soundtracket til den ypperlege filmen Hedwig and the Angry Inch (2001), ein umiddelbar referanse, spør du meg, samt ei mogelegheit for meg til å drive litt filmreklame. Coveret du leitar etter portreterar den mannlige/kvinnelege Antony (kunstnarar treng vel ikkje etternavn?) som ein slags frodig og barbert Kristus-skikkelse i ein lys gjennomsiktig kjole, lett plaskande på havoverflata, omkransa av ein strålande natur. Og strålande er så absolutt musikken vi får servert her, sjølv om det til tider kan vere ulideleg trist. Med fare for overfortolkning kan ein raskt mistenke coverillustrasjonen for å være eit halvegs ironisk bilde på ei verd der toleranse og likeverd for alle skal vere hovudprinsippet, men som i realiteten ofte graderar mennesket etter ein verdiskala. Tenk for eksempel på synet mange "det-står-i- den-store-svarte-boka" -evangelistar har på fri seksuell legning. Nåja, la oss ikkje spore heilt av her.

Albumet kom ut første gang i 1998 (Durtro Records), og er no klar for relansering på Secretly Canadian (Jens Lekman, Br.Danielson, Nikki Sudden, Songs: Ohia osv). Følgesvenane The Johnsons, består av eit laust knippe kompetente musikarar som har ein fot i mange musikalske leirar; deriblant hjå Rasputina og Rufus Wainwright, samt såklart sine eigne soloprosjekt. Saman er dei med på å skape eit musikalsk landskap ikkje ulikt det Nick Cave boltrar seg i. Instrument som cello, harpe og fiolin har såleis fått sin obligatoriske plass på albumet. I eit nøtteskal er det altså vekselvirkninga mellom dei rolige og meir intense melodiane som gir albumet varigheit. Under balladene breiar pianoet om seg med draumande lydar langt tilbake i lydbiletet, men når mørket senkar seg og desperasjonen blir stadig tydelegare, får musikken ein meir hardtslåande funksjon, ofte i tråd med tematikken i tekstane som blir servert. Den mest framtredande aktøren her er i så måte Antony. Med ei delikat røyst som ofte svingar mellom ein ytterst feminin og ytterst maskulin vokal, gjev han aldri lyttaren mogelegheit til å kjede seg. Sånn passe "tabloid" kan vi sikkert omtale han som den nye Elvis, men sidan tabloidisering av musikkpressa er eit onde held eg meg for god for det. Dette er likevel leksjon 301 i vokalbruk, eit kurs oss vanlige dødelege aldri vil ha gode nok forutsetningar for å delta i.

Med låttitlar som Cripple and Starfish, Hitler in My Heart og Atrocities er det kanskje ikkje vanskeleg å forstå at dette til tider kan vere litt tungt fordøyelig for det fullstendig velfungerande menneske. I Cripple and Starfish, som forøvrig var det pompøse mesterverket som først tente mi interesse for bandet (mp3 for nedlasting på heimeside til Secretly Canadian), fantaserast det om blant anna om legemsdelar som blir kutta av. Med makabre tekstlinjer som "It's true I always wanted love to be filled with pain and bruises", samt avslutningslinja "I am very happy, so please hit me" er det klart at dette ikkje blir ein vanleg hyggeferd. Skuldkjensle, angst og mismod får du derimot flust av. Ærligheit er ei sann dyd og vokalisten viser gjennom heile albumet ei beundringsverdig ærligheit kring sine innerste pinsler, sjølv om enkelte sikkert kan bli irritert over den komplette egosentrismen ei slik blottlegging innebær.

I den teatralske Hitler in My Heart, som er ein indre søken etter godheit i seg sjølv, ender vokalisten opp med å finne sjølve inkarnasjonen av djevelskap i hjertet. Lett trippande pianotoner blir kontrastert med bombastiske smell når den grufulle erkjenninga etablerar seg. Trist som faen, og heilt uimotståeleg. Andre umiddelbare favorittar er dei slepne pianoballadene River of Sorrow og Divine, låtar der vokalen tittar tilbake i historia og hentar inspirasjon frå storheitar som Paul Robeson (riktignok utan ein så vanvittig bass i røysta som Robeson hadde) og smørsanger Elton John. Sett over eit har kanskje ikkje det musikalske uttrykket så voldsamt stor variasjon, utan at eg personleg ser på det som noko stort minus. Litt mangel på spennvidde betyr ikkje nødvendigvis at albumet blir forutsigbart eller kjedelig av den grunn. Barbert for forstyrrande element og med naturlege overgangar frå låt til låt, kryp albumet seg sakte men sikkert inn under huda på lyttaren og stiftar eit evig musikalsk vennskap.

Ifølge eit litt morsomt internettsitat har Antony ein slik kjensleladd vokal og smittande scenepersonligheit at voksne menn ikkje klarer å holde gråten tilbake når dei ser han opptre. Mulig det, det er i alle fall vanskelig å forholde seg nøytral når du høyrer han utfolde seg på dette albumet. Nøytral var i alle fall ikkje Lou Reed, som har bobla over av begeistring, og lot Antony trå til med vokal på sitt Edgar Allan Poe-inspirerte album The Raven frå 2003. I god sportsånd vil Lou gjengjelde innsatsen ved å opptre som gjestevokalist på den snart utgitte A&J-plata I Am a Bird Now (mest truleg i September 04); eit album der også Boy George og Devendra Banhart rensar gullstrupene.

Så med eit slik stjernelag hengande i skjørtet er dagane som cabaret-artist på New Yorks klubber muligens over no, eller?

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Magnolia Electric Co. - Sojourner

(Secretly Canadian)

The great plains, the black hearts, the crossroads and the lonesome valleys: Magnolia samler tråder og gir ut årets hittil sterkeste samler.

Flere:

Wilco - Yankee Hotel Foxtrot
Devendra Banhart - Smokey Rolls Down Thunder Canyon