cover

God dag

Kåre Conradi

CD (2005) - Grappa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Jazz / Vise

Spor:
God Dag
Andersen På Hjørnet
Venteværelset
Vårherres Klinkekule
Eg Kviskrar Ditt Navn
Robert Den Rødes Vise
I Gryet
De Nære Ting
Lauvet
Fjellsangen (Gjest Baardsens Vise)
Avskil
Hav og Himmel
Vi Er Sju

Referanser:
Odd Børretzen
Erik Bye

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Uff, for ei plate dette er

Conradi fører skam over det beste av nyare norsk poesi.

Eg må tilstå at eg hadde store vanskar med å byrje gjennomlyttinga av denne plata med eit ope sinn. Kåre Conradi er sant nok ein av våre mest kjende skodespelarar, men teaterkunst og vokalkunst er likevel svært forskjellige kunstartar, og den noko svulstige framtoninga hans er ikkje heilt min kopp med te, sjølv på teaterscena.

Når eg høyrde at han hadde gitt ut plate må eg innrømme at eg tenkte mitt.

Eg høyrde for meg overdriven snakkesynging og radbrekking av dikta han hadde tonesett, uhemma frieri til førti år gamle damer som synst han er "berre så kjekk" og ein påteken kjenslevar pusting inn i mikrofonen. Og det viste seg at eg hadde heilt rett i å vere full av fordommar.

Uff, for ei plate dette er. Kåre Conradi smattar seg gjennom dei middelmådige melodiane med ein sjølvtillit som er utanfor denne verda, og i enkelte tilfelle, til dømes på opnings- og tittelsporet God Dag og på avslutningssporet Vi Er Sju, er det snakk om direkte nedslakting av tekstane.

Mange av dikta som er tonesette på plata er skrivne av den utmerka nynorsklyrikaren Halldis Moren Vesaas, og det er særleg trist at det er desse Conradi har sett seg føre å øydeleggje. Ja, eg nyttar store ord når eg snakkar om dette feilslaget av ei plate. Lat meg gå litt meir systematisk til verks og forklare kvifor eg er så streng i ordelaget.

For det første: Kåre Conradi kan ikkje og bør ikkje skrive melodiar. Han har skrive over halvparten av melodiane på albumet, og desse merkar seg ut som dei absolutt svakaste. Til og med den utslitte sviska De Nære Ting blir stor melodikunst samanlikna med Conradi sine eigne kreasjonar. Han bommar totalt på stemninga i dikta han har tonesett, det er hakkete, uoriginalt og høyrest uferdig ut. Dei eminente musikarane som av ein eller annan ukjent grunn sa seg einige til å vere med på plata greier å lyfte melodiane opp frå det åpenbart dårlege til noko som kan likne god musikk, men det er berre eit skal av profesjonalitet over det svake grunnlaget.

For det andre: Kåre Conradi kan ikkje og bør ikkje synge. Han greier ikkje å halde ein tone i meir enn eitt sekund, med det resultat at det ikkje eksisterer ein einaste lang tone på heile albumet. Han fell også utallege gonger for det gamle trikset som er å snakke i staden for å synge. På omtrent annankvar frase på plata er siste to-tre orda utan melodi. Det er nesten uuthaldeleg. Lytt gjennom Fjellsangen (Gjest Baardsens Vise) og Robert den Rødes Vise for å høyre kva eg meiner.

Teateret greier han ikkje å legge frå seg, han er svulstig og overspelande i formidlinga; ler litt no og då og har små (og ofte direkte pinsame monologar innimellom. Andersen På Hjørnet, som er ein duett med Odd Børretzen, er eit godt eksempel på at nokon (altså Børretzen) har den nådegåva at dei kan snakke på plate på ein naturleg og avslappa måte, mens andre (altså Conradi) blir stive, overteatralske og stivbeinte når dei skal gli mellom tala dialog og solosang. Og då har eg ikkje eingong byrja snakke om korleis han framfører nynorsk. Eg skal ikkje gå i detalj, men for ein som er frå Ivar Aasen-land høyrest det ikkje pent ut i det heile.

For det tredje: Det verkar som Conradi er minst 80 år. Han har valt tekstar og songar som er kunstige og femtitals i uttrykket og brukt taffeljazz som utgangspunkt for alle melodiane. Det er gammeldags og uinspirert, for ikkje å snakke om lite innovativt. Noko seier meg at han har ein draum om å vere kulturradikalar i etterkrigstida, berre at det er femti år for seint. Det er flotte dikt, men skal denne gode poesien leve vidare må dei takast ut av fortida og inn i vår eiga tid, slik at dei ikkje blir verande norskpensum på vidaregåande. Det keisame oppgulpet Conradi har laga greier på ingen måte denne oppgåva, og fører skam over det beste av nyare norsk poesi.

Når det er sagt er det eit par-tre positive glimt på plata òg. To av dei har eg nemnt tidlegare i teksten; musikarane, som er svært dyktige og lyfter plata eitt hakk, og Odd Børretzen, som er ein kjærkomen pause i alt overspelet og føleriet. Dessutan er strykearrangementet på I Gryet rett så fint, og eg vil tilrå at alle å ta ein titt på Halldis Moren Vesaas sine dikt, som er nydelege. Dette er årsakene til at plata ikkje får ein på skalaen. Men det blir lenge til denne plata før prøve stereoanlegget mitt igjen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo