cover

Ashes and Dim Light

Camera

CD (2006) - My Kung Fu / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Britpop / Indierock

Spor:
Where You Are
I'm Not Ready
Going Nowhere
Hurt
All You, All Day
Day By Day
There's No Way
All the Time
Out on the Water
Caught Me Unaware
Tell Me What It Is

Referanser:
Starsailor
Coldplay
Grand Drive
Keane
The Veils
Travis
Embrace (UK)

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Spåmann

Historia vil ikkje sjå med blide auge på Cameras seinaste utgjeving, spår grooves skribent.

WIKIPEDIA ÅR 2018: Nordwalisiske Camera var ei dørgande kjedeleg musikkgruppe som eksisterte i den tida då Britneys heimelaga porr spreidde seg på nett (link), den gang krigen mot terror så smått hadde begynt å spele fallitt (link) og den gang kvar einaste snørrunge med dunkemaskin og smurfestemme kunne svindle sin veg inn på hitlistene (link).
Der normale gutar og menn i denne perioden heller ville la seg inspirere av musikk med i det minste litt antydning til nerve og kunstnarisk verdi, det vere seg freakfolk (link), hardcore-punk (link), folktronika (link), eller whatever, folda Camera sine nyvaska hender og ba audmjukt til Herren om sjansen til å bli tredjerangs Starsailor-kloner. Lovnaden var at dei skulle syngje lyst og "romantisk", dei skulle harve ut klein taffelpop så redsleg tamt og uengasjerande at enkelte musikkskribentar si normalt pasifistiske fasade ville stå i fare for å slå fullstendig sprekkar.

Som eigenpromotion gjorde bandet sjølv stort nummer av å få speletid på ein del obskure britiske radio-kanalar, og var stolte og kry over å bli titulert med "Single of the week"-utmerkinga på eit frukostshow få lytta til. Samstundes blei bandet sin opptreden framfor 60.000 menneske i veldedigheitsrus i Cardiff hausa voldsomt opp på den lokale puben, sjølv om alle nok visste at dette var ein begivenheit som bortimot alle walisiske artistar med ein singel på samvitet fikk invitasjon til uansett.

Debutalbumet Ashes and Dim Light var for så vidt ein mjuk gåvepakke til alle svigerforeldre som ønska seg litt ro i sjela, rein og pen i tøyet, nokolunde veltalande og elegant og definitivt til å stole på for dei som ville at livet sine realitetar utelukkande burde handle om å bli sugd... inn i ein monoton og fælsleg tilstand av kun, tjaa, rein og skjær eksistens.

Men Camera makta å lure enkelte. Visse plassar var det ikkje uvanleg med ein rein gjenforteljing av skrivet til plateselskapet, der albumet blei formulert gjennom slikt openbart og pompøst svada som "tender beauty" og "smouldering passion and rich vein of melody".

Sjølvsagt var dette humbug og lureri som lurka under overflata. For Ashes and Dim Light inneheldt korkje pasjon eller særleg rike melodiar. Det skiva derimot inneheldt var melodiar som utstrålte litt mindre energi enn det som er minstekravet for å opne augelokka ein sur og guffen onsdagsmorgon.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo