cover

Born to Be a Motorcycle

Bunky

CD (2005) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Punk / Cabaret / Avantgarde / Ambient / Poprock / Jazzpop

Spor:
Baba
Yes/No
Funny Like the Moon
Gotta Pee
Boy/Girl
Chuy
Cute Not Beautiful
Glass of Water
Heartbunk
Lipstick Life

Referanser:
The Fiery Furnaces
Yeah Yeah Yeahs
Apples In Stereo
Fairground Attraction
Blondie
The Thing

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Festlig bastard-musikk

Her kjem Bunky, eit band som aldri har lest eller fylt ut skjema for ordinær pop-praksis.

Sufjan Stevens sitt vesle plateselskap Asthmatic Kitty har ikkje så mange artistar å skilte med, men fleire av dei som gjer ut musikken sin der prøver på ulikt vis å gjere labelsjefen sitt utsegn om popmusikk; "I don't think we're pushing ourselves enough", til skamme. Ved tidlegare høve har både Castanets og Half-Handed Cloud kome med utgjevingar som opererer litt i utkanten av det gjengse. Her kjem Bunky, eit band som aldri har lest eller fylt ut skjema for ordinær pop-praksis. Håpar aldri dei gjer det heller, for dette er moro.

Etter tre-fire gjennomhøyringar tok eg meg sjølv i å danse rundt i stova og rope; "årets plate, årets plate!!" Vel, eit par rundar seinare fant eg det for godt å modifisere meg eit par hakk, for nokre av spora byrja etterkvart å utspele litt av si rolle. Kor som er, Bunky si debutplate er ein av dei festligaste musikalske heisaturane underteikna har opplevd dei siste åra. Sånn cirka eit groovesteg unna klassen til Fiery Furnaces si debutplate. Eit band dei passeleg nok både har delt og skal dele konsertbillett saman med. Like mange er dei også, og med same kjønnsfordeling.

Ikkje det at tonane og påfunna til Emily Joyce (vokal og trommer) og Rafter Roberts (gitar og vokal) liknar spesielt mykje på søskenduoen Friedberger sine, men det er eit visst slektskap i den ustyrlege vi-gjer-det-på-vårt-vis innstillinga.

Bandnamnet er forresten ei samansmelting av bunny og monkey. Kallenamna Rafter og Emily hadde på kvarandre den gong dei var kjærastar. Det er dei visstnok ikkje lenger. Kanskje er det derfor musikken dei skapar er ein snodig konstellasjon der kontrastar og uvante fusjonar er dominerande faktorar?

Både Emily og Rafter har bakgrunn som lydteknikarar og produsentar, og har vore viktige folk i kulissane under mange plateinnspelingar i heimbyen San Diego (og litt ellers rundt i landet også). Black Heart Procession, Pinback, Rocket From a Crypt, Castanets, The Rapture og The Handsome Family er berre nokre av banda som har nytt godt av deira kunnskapar og vitale idear. Når Bunky gjer sine stormfulle konsertar dukkar så folk frå både overnemnte band og andre lokale musikarar opp og vert med. Emily og Rafter er på ingen måte aleine på Born To Be a Motorcycle heller. Ti musikarar har dei invitert inn i Bunkyfamilien under innspelingane (blant andre Raymond Raposa frå Castanets). Av desse legg ein aller mest merke til dei seks som bles i trompetar, saksofonar og trombonar.

Her er tette brassdrivande popnummer som Baba og Yes/No, begge framført i ein slags Memphis Horns møter Blondie møter The Thing-stil. Emily er den dominerande songaren, med ei stemme som i einskilde tilfelle touchar Karen O sitt territorium, men som også kan vere laidback og nett (litt sånn Perfect-era Eddi Reader). På Funny Like a Moon og Heartbunk er det sistnemnte stil som gjeld, voggande, lett røykfullt og coolt-jazzigt. No får rett nok ikkje førstnemnte låt vere i fred så veldig lenge, refrenget er nemlig ljomande punkdriv; "I was born to be a motorcycle, I was born to be a beast." Gotta Pee er søt song møter overdimensjonert støyvegg. Chuy er trashy, sexy og groovy med høg kløfaktor. Aller mest febrilsk er Glass Of Water, kvass funkyfrijazzrock der Emily testar ut kor mange måtar ein kan skrike "I wanna glass of water" på. Medan ein får oppleve fredelege stunder i selskap med den dynamiske stearinlys duetten Cute Not Beautiful og det langsamt svevande, men litt malplasserte, The Orb møter This Mortal Coil-nummeret Lipstick Life.

Forvirrande samansurium vil kanskje nokon hevde. Sjarmerande, upretensiøs og frilyndt sjangermiksing stort sett av den særdeles heldige sorten, seier no heller eg.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #61: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, Del 5

Filmindustrien befant seg i syttiåra i ei hard klemme. Skulle den satse på tidsriktig sosial ’relevans’ eller peise på med det den alltid har vært best på, pur eskapisme? Svaret, og de store pengene, lå i en mellomløsning: Tidstilpasset og trendriden

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo