cover

Road Signs

Purple Kangaroo

CD (2004)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock

Spor:
Teenage Liberation
Got This Feelin'
Run (Like It Were the Last Day of Your Life)
I Just Got to Be Free
Dope
The Paper
They Won't Come Home Again
The Day My Hero Hanged Himself
Propaganda Day
Who's Gonna Be the Lonely One Today The Final Chapter
Gateway 19

Referanser:
The Alarm
Midnight Oil
U2
Simple Minds

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Pretensiøs slagord-rock

For mykje av for mykje. Eit overpretensiøst stykke faneberar-rock frå ung svenske.

Purple Kangaroo er korkje frå Australia eller kompis med Pink Panther. Det er derimot dekknamnet til Cristoffer Escoz, ein ung svenske med mykje på hjarta. Altfor mykje. Eg minnast å ha nemnt i ein samanheng at å fylle debutplata si med masse musikk utan å be om unnskyldning er sjarmerande. Vel, ikkje alltid, må eg innrømme. Ikkje når unge Escoz gjer det. Eg meinar, 19 låtar over åtti minuttar - då skal ein jaggu vere god for ikkje å miste lyttaren undervegs.

Escoz er ikkje så altfor god. Dei fleste låtane hans dovnar bort i ein affektert higen etter å bli monumental riffberar og himmelstormande manifest over ungdom, politikk og urettferd. Orda og tonane er heller ikkje alltid kompisar. Han vil vere sint men blir enten vemodig eller feststemt, eller han pøser på med fleire ord enn tonegodt er.

OK, eg skal innrømme at eg finn første låta Teenage Liberation både frisk, riffsterk og melodisk dugande. Ja, eg skal til og med innrømme at eg har sunge med på refrenget (fleire gonger): "You call it teenage delusions, I said it's teenage revolution, You call it social confrontation, it's just teenage liberation..." Eg finn også avsluttande Gateway 19 melodisk dugande, og fruktbart gitar-drivande. På desse to er Escoz og hans medhjelparar (i hovudsak gitaristen Janne Wettergren) i det minste i nærleiken av anthemrock-heltar som The Alarm og Midnight Oil. Det er dessverre på langt nær nok med to låtar, så lenge det er sytten til dels lange innimellom som berre unntaksvis dreg seg ut av ein knusande anonymitet.

I presseskrivet står det at Escoz byrja på dette prosjektet som attenåring. Det står ikkje kor lang tid det har teke å få det i land. Men at karen stadig er ung (kanskje til og med tenåring) er det liten grunn til å tvile på. Skulle han få lyst til å lage ein oppfylgjar (det får han nok) bør den melodiske sansen først skjerpast, ordgyteriet disiplinerast, og aller viktigast redigeringskniven må slipast, og det grundig. Då kan det vere at den fiolette kenguruen dansar friskt avstad istadenfor å oppføre seg som ein overmett elefant.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo