cover

Honeycomb

Frank Black

CD (2005) - Cooking Vinyl / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Countryrock / Soul / Americana / Poprock

Spor:
Selkie Bride
I Burn Today
Lone Child
Another Velvet Nightmare
Dark End of the Street
Go Find Your Saint
Song of the Shrimp
Strange Goodbye
Sunday Sunny Mill Valley Groove Day
Honeycomb
My Life Is In Storage
Atom In My Heart
Violet
Sing For Joy

Referanser:
Leonard Cohen
Bob Dylan
Townes Van Zandt
Joe Henry
Richard Buckner
Eddie Hinton

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Black country

Black tar ein liten countrysving med soulfundament og kjem aldeles heilskinna ifrå det.

I forkant av desse innspelingane snakka Frank Black om å gjere ei plate inspirert av Dylan sin klassiske Blonde On Blonde. Med tanke på at han hadde gjort unna ein skilsmisse like før songane vart festa til tape var det kanskje meir nærliggande å førestille seg Blood On the Tracks som preferanse. I grunnen er det ingen av samanlikningane som held. Honeycomb er nemlig eit godt stykka unna det sprelske kvikksølv-soundet som Blonde On Blonde var utstyrt med. Frank Black går heller ikkje så krast (Idiot Wind) eller smertefullt (If You See Her, Say Hello) til verks som det Dylan gjer på Blood On the Tracks. Nei, skal vi halde på Dylan-allegorien så får vi heller finne fram Nashville Skyline. Og det seier eg ikkje berre fordi plata er spelt inn i Nashville, her er nemlig eit visst slektskap å spore til låtar som Lay Lady Lay og Tonight I'll Be Staying Here With You.

Fire dagar tok det å spele inn alt saman. I velrenommerte Dan Penn sitt Nashville-studio. Penn er ikkje den einaste involverte med musikalsk erfaring tilbake til 60-talet. Det er vel heller slik at Frank Black er den einaste utan. For til å hjelpe seg har han denne gongen hanka inn gitarlegender som Steve Cropper og Reggie Young, Spooner Oldham trakterar tangentane, og far til Patterson Hood i Drive-By Truckers, David Hood, tar seg av bassrytmen. Og det høyres jammen meg ut som at den vesle bøtteknotten har funne seg vel tilrette i selskap med desse rutinerte karane.

No er jo Frank Black i den situasjonen at historia nok vil gje han eit større kapittel enn kva nokon av dei andre som var i Penn sitt studio desse dagane kjem til å få. For det han var hovudansvarleg for på dei tre første Pixies-innspelingane var eit stykkje sprelsk musikalsk meisterskap få andre kan måle seg mot. Etter den tid har fyren operert meir på det ujamne. Kanskje er han også i ein litt håplaus posisjon, for kven hadde ikkje bleikna om dei heile tida skulle målt musikken sin mot klassikarar som Come On Pilgrim, Surfer Rosa og Doolittle? Dei aller aller aller fleste, er det korrekte svaret. Men no gløymer vi Pixies for nokre minuttar. Honeycomb og Frank Black fortener nemlig det.

I ein nedpå tone fortel Black om mellommenneskelige utfordringar, om tap, lengsel, kvalme, svik og det underlige adjø, men etterkvart også om håp, burlesk hjertejubel og vakker kjærleik. Nærmare ryggmargen og kjenslene enn det han ofte har hatt for vane, med andre ord. Han meistrar det bra også, og kjem opp med fleire både yndige og metaforskarpe liner.

"If you return again, I'll be the saddest man, my lips will burn your skin, please don't return again" syng han dystert til countrysoul-tonar i opningssporet Selkie Bride. Ugreie kjensler spelar han også eit puss i melodifine og ganske så tradisjonelt countryrockande I Burn Today. Til tonar som kan minne om Leonard Cohen uttrykker han sterkt ubehag i Another Velvet Nightmare; "Today I felt my heart slide into my belly, so I puked it up with liqour, and I slept right were I lay". Djevelsk, glødande og nådelaus.

Black har sjølvsagt laga dei fleste låtane sjølv, men har gitt plass til tre coverversjonar. Song of the Shrimp er ein snodig historie om den vesle reka som vil bli noko, og som til slutt hamnar på menyen på Grand Hotel i New Orleans. Elvis Presley gjorde den ein gong på 60-talet, og Townes van Zandt hadde den på liverepertoaret sitt. Ein artig liten kuriositet. Meir kjøttfull og sjelfull er no likevel Doug Sahm sin countryrockar Sunday Sunny Mill Valley Groove, og Black og mannskapet hans gjer ein driftig versjon. Ikkje fullt så usminka som i Sir Douglas Quintet tapping, men heilstøypt nok. Best av coverversjonane er nå likevel Black si omfamning av studioeigar Dan Penn sin klassikar Dark End of the Street. Udødeliggjort som den er av James Carr, Percy Sledge og ikkje minst Gram Parsons, er det eit modig val. Black tangerer ikkje nokon av desse tre, men han kjæler og smyg fram tonane på eit overtydande vis, og provar at han har ei stemme brukande til anna enn å skråle fram sprelske energibomber.

Ex-kona Jean syng duett med Frank på Strange Goodbye. Ein gripande song i countryrock-drakt over deira ekteskapelige havari; "It's a pain, to be sure, we were aiming so high, it's so strange to be saying goodbye". Country med poprock tendensar à la Old 97's fyller Atom In My Heart. Medan tittellåta er ein folkaffære i eit honningkledd Damien Jurado sitt landskap, men er saman med countrysoul-balladen Lone Child og Dire Straits anno Brothers In Arms liknande Go Find Your Saint plata sine dovnaste låtar. My Life In Storage er på si side den lengste låten, og er delt i to avdelingar (før den blir avslutta med plata sin einaste gitarsolo - ein nennsam ein sjølvsagt). Først ein J.J. Cale-slekta avdeling før den renn over i eit varleg gyngande parti der fylgjande kjærleikserklæringa er det sentrale:

"I believe in your perfect face, I believe in your place in the sun/ Can we leave now this dusty space/ can we have a little fun?"

Endå meir laussluppen med kjærlige ord er Frank i si hylling til sin nye kjæraste, Violet. I ei enkel og spartansk vise omtalar han dama som "flower of fertility".

Aller sist i feltet ligg ein skikkelig rakkar og lurer. Sing For Joy er ein ironisk, fatalistisk og Cohen inspirert sing-a-long om alkoholisme, mord, desperasjon, rastlause og flukt. Den er vel litt på sida av temaet ellers. Men litt på sida har jo vore Frank Black si stjernerolle ein gong i tida. Hans affære i Nashville kan nok ikkje få akkurat den same karakteristikken, men ein dose sveisen musikk har den nå resultert i.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo